• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Kjønn

Damer og menn: Litt dummare enn folk

03 mandag okt 2011

Posted by Avil in Kjønn, Litteratur, Mediekommentar

≈ 13 kommentarer

Dagens snakkis/lenkis går til NRK si sak om Arve Juritzen og omgrepet dameroman.

Dei har også snakka med May Grethe Lerum, som fortel at «tradisjonelt sett har romaner som har en enkel fortelling og enkelt språk, blitt kalt dameromaner, men definisjonen endrer seg jo med tiden» – og vidare: «For meg refererer ordet dameroman i dag til mer eller mindre formelstyrte fortellinger, gjerne med en heltinne som er i slutten av 20- eller 30-årene». Ikkje så god litteratur, altså. Men Arve Juritzen meiner ikkje det er bøkene det er noko galt med, det er «visse mennesker i litterære kretser som har behov for å være litterært snobbete, sjikanere og snakke nedlatende om andre».

Anten bøkene reelt sett er dårlege eller ikkje, så er det semje om at omgrepet dameroman seier noko om litt halvdårleg, kjønnstilpassa litteratur.
Eg kjenner først at eg blir litt sliten. Kvinnelege forfattarar, kulturkjerringar, dameromanar. Orkar me dette, eigentleg?

Så kjem eg på at eg i går diskuterte omgrepet «guttebok» med Store Norske Leksikon-redaktør Anne Marit Godal. Eg argumenterte for at bøker ikkje kan vere guttebøker, sidan bøker ikkje har penis. Ho argumenterte for å ha omgrepet med i leksikonet fordi det er innarbeidd.
For kva er ei «guttebok»? Er det den aller beste litteraturen, eller er det også ei kjønnstilpassa foreinkling?

Det ER eit pussig fenomen: Når lesaren har kjønn er lesaren litt dummare.

Guttebøker og dameromanar er litt enklare, litt dårlegare enn «ordentleg litteratur». Kjønnstilpassa for gutar som treng maksimal spenning og action for å orke å lese, og kjønnstilpassa for damer som ikkje orkar djup litteratur.

Mannebøker er spionthrillere og hardkokt krim, for menn har ikkje tålmod og intellektuell kapasitet til å lese langsam og utfordrande litteratur. Manneblader er jakt og pupper, sidan menn vil ha slikt, og dameblader er kake/strikkeoppskrifter og mote, for det vil kvinner ha.

Kvinner er litt enklare enn folk flest, og vil helst lese noko romantisk og lettfordøyeleg.
Menn er litt enklare enn folk flest, og vil helst lese noko spanande og lettfordøyeleg.

Den allmenne skjønnlitteraturen, den krevande, vanskelege skjønnlitteraturen, den er ikkje for damer eller for mannfolk. Den er for dei andre. Dei kjønnslause, intellektuelle folka med evne til fordjuping, konsentrasjon og refleksjon.

Menn vil ha kvinner med pengar

30 fredag apr 2010

Posted by Avil in Avsløring, Kjønn, Mediekommentar

≈ 7 kommentarer

Det er lett å synse seg så langt bort at ein trur på det sjølv, og det kan ein endå lettare gjere dersom ein freister endre på det ein har synsa seg fram til at ein trur er sant, for då treng ein ikkje eingong seie at ein meiner det skal vere slik, berre at det er slik.
Kva hokerten snakkar eg om no?

Jopp, eg snakkar om den evige påstanden/sanninga om at menn med god jobb, utdanning og pengar virkar attraktive på kvinner, medan menn søkjer deilege, yppige og unge damer som kan spre genene deira.

Det er berre at nokon har sjekka røynda.
Og har funne ut at menn helst vil gifte seg med slike damer som har pengar og utdanning og god jobb, medan damene velger utfrå kjærleik (eller seksuell attraksjon = ønske om å spreie gener, som me plar kalle det når det er menn som seier akkurat det same).

Hoho.

(ja eg innrømmer det: eg kunne funne ei betre, forklarande lenke til Preben Z si masteroppgåve om at pene kvinner velger rike menn, basert på intervju med seks bekjente, eller nesten kva som helst anna som er sagt eller gjort av harald Eia, eller kjønnsforskarar eller kven som helst som meiner at pene kvinner finn ihop med rike menn anten fordi det er arv eller miljø eller dårleg statleg styring av mikro og makroøkonomiske verkemiddel, men eg ELSKAR det utdraget nederst i Indregaard sin bloggpost, kunne ikkje dy meg)

Skjørtejegere og kvinnehatere

28 søndag feb 2010

Posted by Avil in Kjønn, Litteratur

≈ 2 kommentarer

Eg les framleis Kunderas Romankunsten, og er komme til ordlista hans. Då En spøk blei omsett til uhorveleg mange språk i 1968 og 1969, fekk Kundera meir enn litterær stjernestatus: Han fekk bøkene sine omskrive, redigerte og maltrakterte av omsetjarar på diverse språk. Han blei springande fortvila rundt etter orda sine, og kjende seg etterkvart som ein gjetar bak flokken av villsauer, – ein trist og latterleg mann.

Han blei til sist stansa, av sin gode ven Pierre Nora, som oppmoda Kundera til å skrive sin eigen ordbok. «En ordbok over romanene dine. Nøkkelordene, problemordene, kjærlighetsordene.»

Eg har plukka ut to av desse ordforklaringane, som har vore med meg sidan eg las dei for tjue år sidan, så lenge at eg nesten har trudd dei var allmenne.

LYRISK [Lyrique]. I Tilværelsens uutholdelige letthet er det snakk om to slags skjørtejegere: lyriske skjørtejegere (som søker sitt eget ideal i hver kvinne) og episke skjørtejegere (som søker kvinneverdenens uendelige variasjon i kvinnene). Dette tilsvarer det kalssiske skillet mellom det lyriske og det episke (og det dramatiske) – et skille som først dukket opp på slutten av 1700-tallet i Tyskland og ble mesterlig utviklet i Hegels Estetikk: Det lyriske er uttrykksformen for subjektiviteten som bekjenner seg, mens det episke skriver seg fra det lidenskapelige begjæret etter å gripe tak i verdens objektivitet. Slik jeg ser det, overskrider det lyriske og det episke estetikkens domene; de representerer to mulige holdninger mennesket kan innta til seg selv, verden og de andre (den lyriske alder = ungdommens alder).
Denne oppfatningen av det lyriske og det episke er dessverre så ukjent for franskmennene at jeg var nødt til å gå med på å la den lyriske skjørtejegeren bli den romantiske knulleren i den franske oversettelsen, mens den episke skjørtejegeren ble den libertinske knulleren. Det var den beste løsningen, men den gjorde meg litt trist til sinns likevel.

MACHO (og kvinnehater) [MACHO (et misogyne)]. En macho elsker det kvinnelige og ønsker å herske over det han elsker. Ved å forherlige den undertrykkede kvinnens arketypiske kvinnelighet (hennes morstilstand, fruktbarhet, svakhet, hjemmekjærhet, følsomhet, og så videre) forherliger han sin egen virilitet.
En kvinnehater har derimot en sann skrekk for det kvinnelige, han flykter fra de kvinnene som er altfor meget kvinner. En machos ideal er familien. En kvinnehaters ideal er å være ungkar med mange elskerinner; eller: gift med en elsket kvinne, uten barn.

Morgenbladet på kjønnsville vegar

11 fredag des 2009

Posted by Avil in Avsløring, Kjønn, Mediekommentar

≈ 27 kommentarer

Morgenbladet har i dag via to av sine omfattande kommentarar til farsrolla.

Den eine av Simen Sætre, som har sett på barnetv, og meiner Linus i Svingen framstiller den moderne far som eit tåpeleg mannebarn, fordi Marvin i serien er tildelt karaktertrekk som tilsvarar ein femåring. Derifrå meiner Sætre me kan reflektere litt kring farsrolla som i følge Sætre har utvikla seg slik:

Fra å være et respektert familieoverhode med naturlig autoritet og vetorett i alle saker, synes Far å ha falt kontinuerlig i tiår etter tiår, inntil dette foreløpige bunnivået med Marvin faller parallelt med – og legger grunnlag for – Ap-representant Gunn Karin Gjuls utspill sist uke om at enslige kvinner må kunne få kunstig befruktning.

Eg har opplevd at fedre i større og større grad tar del i barneoppdraging, og tar del i barna sin kvardag. Slik påverker fedre barn i større grad enn dei nokonsinne kunne gjere om dei sat og gøymde seg bak avisa.
Eg og Sætre snakkar kan hende ikkje same språk når me snakkar om makt og autoritet. Eg vil derfor vere særs tydeleg: Slik eg ser det er barn er ein enkel og takknemleg storleik når ein skal måle i kor stor grad ein påverker dei. Den som er der påverker. Den som gjer lekser med dei, styrer dei gjennom rutinar, rådgjev og lytter, hjelper og masar, er den som set seg i maktposisjon. Den distanserte sjefen som kjem innom og bjeffar litt i sjutida blir aldri anna enn ein fjern konsernleiing som ingen lyttar til verken i det daglege eller i viktige spørsmål kring riktig og galt.

Rollekarakteren Marvin er ein vaksen som oppfører seg som eit barn, eit lite barn. Det er rett nok ikkje mange silke kvinnelege karakterer i barnelitteratur eller film, men me har då ei bok heime med ei mamma som oppfører seg barnsleg. Ungane likar den godt. Dei likar mr Bean også, og Herr Hikke, og desse manipulerande og umodne leirfigurane som stjeler godteri og frukt frå kvarandre.
Avvik frå normen er humor, og dersom Marvin var den nye Far ville han ikkje vere morosam for nokon. No sit ungane og krøller tær og ler og ropar «nei, nei, nei» når Marvin gjer ting ein kan forvente av eit barnehagebarn.
Rekasjonane deira tyder ikkje på at Far er blitt det nye Barnet.

Men Simen Sætre er ikkje aleine om å bekymre seg for farsrolla, og han er jaggu heller ikkje aleine om å tillegge Ap-representant Gunn Karin Gjuls utspel om assistert befruktning for einslege kvinner normativ vekt.

Debattredaktør i Morgenbladet, Marit K Slotnæs, gjer ei endå merkelegare øving enn Sætre sin oppheving av Marvin til den nye Far.

Ho startar med å minnast ei kresen venninne, tenker litt på kor mange kresne ungar som får viljen sin i dag, og kor vanskeleg det er å snakke høgt om. Så er ho kjapt innom kor mykje meir heime med ungane fedrene er, og vips er me over på den detroniserte mannen, som ikkje trengs i befruktning eller oppdraging. Eg følger verken logikken eller resonnementet, så det er vanskeleg å finne ut av kva som gjekk galt her.
Det er nok riktig at den nye barneoppdraginga er prega av meir forhandling og mindre tydelege vaksne. Eg ser ikkje heilt kva samanheng dette har med verken at far har nokre vekers permisjon med baby, eller at far er redusert til spermdonor.
Kan hende skal eg ikkje henge meg opp i utgangspunktet hennar: Dei kresne (og me antar: dårleg opdratte) ungane no til dags.

Hovudpoenget hennar ser ut til å handle om assistert befruktning.
I ein bisetning tar ho avstand til «Nina Karin Monsens skingrende retorikk», men i det følgande er det vanskeleg å få auge på kva det er ved Monsen sin retorikk Slotnæs skulle vere usamd i. For her er det samrøre av foreldreroller, kjønnsnøytrale ekteskap, anonyme sæddonorar, og gråtande born som spør om far er ei sædcelle, i kjent Monsen-stil.

Og den som burde ta grep her, er visst mannen:

Det er å håpe at Jens Stoltenberg i dette spørsmålet viser seg som mannen i huset.

Noko menn kanskje då har slutta med, etter dei begynte å vere meir saman med ungane sine?

Saman står desse to kronikkane og skin i sin eigen kjønnskonservative retorikk. Meininga var kan hende å seie noko om forslaget om assistert befrukting for einslege kvinner. Det skulle eg gjerne sett Sætre og Slotnæs sable ned.
Dessverre kom dei i staden til å ytre ønske om å gjenreise mannen som absolutt autoritet i familien, og antyde noko om at Morgenbladet meiner at det er fornedrande og øydeleggande for menn, born og samfunnet at me har fått likestilling og menn som deltek heime.

Slitsamt, men ikkje håplaust

10 torsdag sep 2009

Posted by Avil in Kjønn

≈ 15 kommentarer

Dei siste dagane har vore slitsame for alle som blir irriterte på tiltak som setter folk i tronge, ubekvemme båsar ut frå kva kjønn dei har.
Forlagsbransjen har fått eit såkalla kvinneforlag, som satsar tungt på lettlese erotikk.
Til helga slår Disney saman to av sine kanalar (Toon, der dei klassiske Donald og Langbein regjerer i gammal og ny form, og Jetix, kanalen for moderne japanskinspirerte fantasyseriar/manga-action) til ein ny guttekanal. Heimesida til den nye kanalen er pynta med skateboard og sprettballar, og mange jenter sine disney- og manga-favorittar blir no putta i ein «dette er for gutter»-kanal.
BarneVakten, som skal passe på at det som skjer i mediene er greit for barn, fastslår at Disney har heilt rett i at gutar og jenter liker forskjellige ting.

– Gutter og jenter har ulike medieinteresser. Dette gjelder ikke bare TV-mediet, men digitale medier generelt, sier BarneVaktens daglige leder Øystein Samnøen.
– Jenter er gjerne mer sosialt- og nytteorienterte enn gutter. Gutter søker i større grad underholdning, utfordringer og spenning, mener Samnøen.

Dette er slett arbeid frå BarneVakten, som burde vere meir bevisste på korleis born er utsatt for massiv kjønnskategoriserande marknadsføring. Dette gjeld alt frå tidlegare kjønnsnøytrale LEGO til klistremerker og ryggsekkar.
I Stavanger har undertøysbutikken Dick & Daisy denne veka reklamert i vinduet for «Din første BH. Fra åtte år og oppover.» Vindusreklamen blei fjerna etter media viste interesse.
Det har gått nokre år sidan fleire av dei store kjedene trakk tilbake babybikinien etter påtrykk frå publikum. Det hjalp å irritere seg dengong, det hjalp å irritere seg no. Men det hjelper berre om me gjer noko med irritasjonen: Stiller spørsmål og er medvitne forbrukarar.

Sjølv om jenter som gruppe ser ut til å velge sosiale verktøy på nett, treng me ikkje pakke dei inn i rosa glitter i alle samanhenger. Sjølv om mange gutar har godt av å springe frå seg i friminutta, treng me ikkje utpeike sport som ei guttegreie.
At det på gruppenivå fins forskjellar mellom kjønna gir ikkje oss vaksne rett til å kjønne alle aktivitetar, klær, leiketøy og tv-program for ungane våre. Og det gir oss ingen rett til å kjønne alle personlegdomstrekk eller preferansar.

Det er ikkje slik at ungane sjølv ikkje merker kva som skjer. Ungdomsskuleelev Maren Veim skriv:

Det er også vanskelig å skille seg ut! Hvis du er en gutt så kan det være vanskelig å innrømme at du liker feminine ting fordi du er redd for å bli stemplet som homo.
Sånn sett er det jo litt greiere å være jente for det å være litt maskulin kan bare være tøft i noen miljøer.

Det med miljø er også viktig for hvordan jenter og gutter blir behandlet i forhold til hverandre.
Hvis du er i et litt gammeldags miljø som mener at guttene skal gjøre alt det tunge arbeidet og at jenter er så hjelpeløse, så gjør jo det at det blir sånn; hvis jenter aldri løfter litt tungt blir vi jo ikke sterkere og hvis vi alltid blir passet på og aldri får gjøre noe selv så blir vi jo hjelpeløse!

Me vaksne velger. Me har makt over kva me velger å kjøpe, og marknadsføring handler om å få tak i våre pengar.
Og berre eit enkelt spørsmål fekk butikkeigaren i Stavanger til å fjerne reklamen for barne-bh-ar.
Det nytter å tenke. Det nytter å spørre. Det nytter å velge.

Eller me kan la borna våre vekse opp i den tru at det fins svært avgrensa og tronge rammer for kva kvinner og menn kan seie, føle, meine og gjere.

Vårt valg.

Bileta er henta frå Revolusjonært roteloft som presenterte Jeyoong Meyon sitt kunstprosjekt for norsk bloggpublikum i fjor haust.

Berre gi faen

08 tirsdag sep 2009

Posted by Avil in Kjønn

≈ 34 kommentarer

Vil du la denne gjengen definere kva som passar seg for kjønnet ditt?

Vil du la denne gjengen definere kva som passar seg for kjønnet ditt?

For to år sidan lanserte tvNorge ein tv-kanal for kvinner. Ikkje for folk som likte romantiske filmar, dramaseriar, livsstilsprogram og talkshow, men ein kanal for kvinner.
No er lanseres Silke, eit forlag av og for kvinner. Kva skal dei drive med? Første bokhausten deira er prega av lettleste og erotiske bøker. Ikkje fordi dei er eit kommersielt forlag som satsar på eit publikum for lettlest og erotisk litteratur, men fordi kvinner kjøper flest bøker, og det er på tide med eit eige forlag for kvinner.
Men kva bøker er det kvinner kjøper mest av, då?
Er det ikkje kvinnene som held liv i tekstdrivne og vanskeleg tilgjengelege bøker om folk som ligg i fosterstilling og teiknar sirklar om seg sjølv? Eller korleis var det no igjen?
Det er heilt greit å satse på bøker det er ein marknad for, tv det er ein marknad for, og det fins sjølvsagt kvinner som berre vil lese om puling og kvinner som berre vil sjå Jane Seymour på tv.
Men la no for helvete vere å kalle dette kvinnelitteratur og kvinnefjernsyn. På same måte som spionromanar ikkje er mannelitteratur eller at fotball er mannefjernsyn. Det fins menn som ikkje les Wilbur Smith, og det fins menn som ikkje ser sport på fjernsynet, det fins kvinner som elskar John le Carré og det fins kvinner som har sesongkort på stadion.
Det er veldig enkelt. Berre gi faen i det der.

Yeah, whatever

31 mandag aug 2009

Posted by Avil in Kjønn, Mediekommentar

≈ 15 kommentarer

Det er berre få forfattarar, og sidan Bergljot Hobæk Haff altså utelukkande menn, som interesserer seg for store spørsmål, er Gert Nygårdshaug sitert på i Dagbladet.

Jasså, du? Så dine bøker handlar om Viktige og Store ting, mens alle damene berre skriv om erotikk og samlivsvanskar og barndom?

Eller kanskje du ikkje gidd lese så mange damebøker?

Ta deg ei bolle, Gert. Og les gjerne nokre bøker samstundes.

Kvinner i litteraturen

24 onsdag jun 2009

Posted by Avil in Kjønn, Omtale, Presse

≈ 39 kommentarer

Det er ikkje alltid like lett, dette. Eg er kvinne. Eg har skrive bok. To av dei sentrale personane i boka er jenter. Det er mange andre med. Gutar, menn.

Dagsavisen spør meg: Les kvinner lite fantasy?

Og:  Syns du kvinner bør lese fantasy?

Eg svarar.

Kvifor er det mange av dei som skriv fantasy som er menn? Eg burde sikkert sagt: Mange forfattarar er menn.
Men eg sa omlag dette: Fantasy er tradisjonelt skrive av folk med svært lang utdanning, sære interesser, folk med grader i lingvistikk og historie. Folk med tid til å lage seg store, omfattande prosjekt. Fantasy krev både mykje viten og mykje arbeid. Før var slike folk oftast menn. No kjem det nok etterkvart kvinner. Slike priviligerte kvinner som eg, som har universitetsutdanning, og som drit i husmorgjerningen og som tillet meg å sitte på heimekontoret med bokbunkar og dyrke eigne interesser. Slikt kjem det kan hende også meir fantasy ut av.

Eg veit ikkje korleis eg skulle sagt dette annleis. Men eg meiner framleis ikkje at Song for Eirabu er mest for kvinner.

Dagsavisen240609

Makt, språk, mat og sex

24 søndag mai 2009

Posted by Avil in Kjønn, Mediekommentar

≈ 18 kommentarer

To kvinnelege journalistar i to av landets mest seriøse aviser har no referert same sak. Begge unngår å reflektere over kva dei oversetter, og begge blir dermed talskvinner for arkaiske og undertrykkande haldningar til kjønn, makt og seksualitet.

Dagsavisen var først ute. 06.05.09 refererer Heidi Katrine Bang til ei sak frå den franske avisa Libération, og ho velger å køyre saka fram som forskingsresultat:

(…) en fersk oppdagelse fra det britiske trendforskingssenteret Future Foundation: Den nye mannen er verken metroseksuell eller noen muskelbunt på klubbejakt etter mammuter. Mannen anno 2009 er gastroseksuell.

Ifølge definisjonen er dette en enslig mann i alderen 25 til 44 år med trang til å iføre seg forkle og skarpe kniver bak gryter med mye damp. Matlagingens formål er ikke å mette magen (man er da ikke noen simpel husmor…). Nei, matkunstnerens ønske er nytelse, ros, anerkjennelse – og å få middagsgjesten til sengs.

Kokkeforførerne har, ifølge rapporten, vokst i antall i takt med kvinnefrigjøringens frammarsj. I Frankrike, for eksempel, var det i 1997 kun 28 prosent av landets menn som så seg i stand til å lage middag minst en gang i uka. I dag er andelen økt til 51 prosent.

Men ho referer ikkje til forskning. Ho refererer til ei fransk avis som har valgt ei vinkling på saka som burde interessere Dagsavisens journalist meir enn det faktum at menn no lagar mat til kvinnelege gjester. Libération si forståinga og formidling av desse forskningsresultata blir verken drøfta eller stilt spørsmålsteikn ved. Den skin berre gjennom i den vidare refereringa:

(…) gastroseksuelle Sebastien (36), som ifølge avisa Libération ikke legger skyld på hva det hele egentlig koker ned til:

«Soverommet er jo kun noen meter fra kjøkkenet. Når en middagsinvitasjon først er akseptert, lykkes jeg i 75 prosent av gangene den første kvelden. Totalt lykkes jeg 95 prosent».

Over to veker seinare kjem Bergens Tidende sitt referat, ved Cathrine Hansen. Ho oppgir kjelder: Libération, Future Foundation: «The Emergence og the Gastrosexual», Eurostat.
Saka står i BT Magasinet laurdag 23.05.09, kun papirutgåva. Eit fyldig referat frå den såkalla gastroseksuelle Sebastien, som i dette referatet skal ha sagt at:

Etter middagen lykkes jeg med å få 75 prosent av kvinnene til sengs første kveld, og 95 prosent totalt.

BT refererer også til Libération sine to andre intervjuobjekt som også forfører ved matlaging. Heller ikkje her blir det stilt eit einaste spørsmål eller lufta ei einaste refleksjon ved det formidla synet på menn, kvinner, sex og vilje. Det næraste Hansen kjem å legge til si eiga refleksjon finn ein i den humoristiske avsluttande setningen:

Det store spørsmålet du nå sitter igjen med, er vel om han også leverer de andre varene.

Nei, Cathrine Hansen. Det store spørsmålet eg sit att med er korleis to journalistar i to av landets mest respektable aviser ukritisk kan referere angiveleg forskning sett inn i ei opplagt spekulativ og kjønnsdiskriminerande ramme.
At denne Sebastien (36) ikkje sjølv reflekterer over korvidt dei kvinnene han ligg med sjølv kan ha eigen vilje, makt og råderett over eigen kropp, lyst og seksuelle handlingar, er forsåvidt trist for han sjølv og dei han ligg med. At franske Libération lagar ei sexy sak på dette, og introduserer gastroseksuell som ny trendkategori ved hjelp av slike anonymiserte menn som lagar mat før dei puler, er forsåvidt også verd merksemd, om ein er fransk.

Men Dagsavisen og Bergens Tidende velger altså å vidareformidle saka, tilsynelatande som ein sommarlett og sexy liten magasinsak.
Er det slik desse journalistane tenker at verda er?
At kvinner let seg invitere heim til menn utan på førehand like han, ville han, ha lyst til han? At kvinner let seg overtale til å bli med menn heim ved hejlp av sleipe og manipulerande replikkar, for deretter å synke saman under hans kyndige forføringskunster? At om mannen «spiller på den psykologiske effekten» (BT) vil ho late seg forføre til sex ho elles ikkje hadde lyst til?
Eller er kvinners lyst ein reaksjon på mannens forføring? Er det mannen som seksuelt aksjonerer, mens kvinner let seg fylle av re-aksjon?

For om de ikkje tenker slik, Hansen og Bang, kvifor let de slike haldningar passere gjennom omsetjing og desk utan spørsmål?
Og om de sjølve faktisk meiner de har makt over eigen kropp, at de sjølve er aksjonerande, villande og tenkande subjekt, korleis kan de åtvare kvinner mot forføring?

Eg avslutter med Dagsavisen si avslutning:

Og selv om verdien av studien kan diskuteres, bør det være ekstra grunn før sommerferien til å advare mot menn som lokker med denne replikken: «Vil du være med hjem og se på kasserollene mine?»

Sniksosialisering

17 tirsdag mar 2009

Posted by Avil in Kjønn

≈ 16 kommentarer

tonita saknar ein stad der vanlege, norske kvinner og våre yngre, muslimske landskvinner kan møtast. Prate. Diskutere. Ikkje for å komme i avisene, vere tabloide eller promotere eit eller anna. Berre møtast.

I svaret mitt til henne skriv eg:

Det er i grunnen ganske mange eg gjerne ville hatt i tale.
Unge kvinner som veks opp utan at nokon rundt dei reflekterer /problematiserer /diskuterer haldningar, kropp, kjønn, verdi, likestilling osb.

Nokre av desse jentene går allereie i 11-årsalderen med skaut eller med g-streng.
Nokre av dei blir fortalt at dei har ansvar for menns seksualitet ved å dekke seg til, andre får ansvar for menns seksualitet ved å få skulda for nachspielvaldtekter fordi dei har gått i miniskjørt og dansa på bordet i baret tidlegare på kvelden.
Nokre av dei får ansvar for familiens ære ved å skulle vere kyske, andre får vite at dei «får rykte på seg» eller «er billige» om dei har same forhold til sex som kompisane sine.

Og så får eg draumar om ein kvinnekafe i eit kvinnehus, der det er plass til barnevogner og galleri og skaut og briller, og med ei scene der forskjellige slags folk i blant kan halde foredrag som set i gang diskusjonen kring borda etterpå.

Det er i alle fall lov å drøyme.

Korleis ein skulle fått dei 16-åringane som ikkje er vakse opp med kjønnspolitisk dagsorden i heimen til å komme, er ei utfordring på linje med å få til sjølve huset, føler eg.

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juni 2023
M T O T F L S
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 89 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...