• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Lesarsørvis

Tordenblogg!

09 torsdag des 2010

Posted by Avil in Lesarsørvis, Metablågging

≈ 5 kommentarer

Då er det Tordenblogg igjen. Det er ei greie skipa av Arne Hjorth-Johansen for å få folk til å oppdage nye bloggar. Klikk og kos dykk.
Som avsatt jurymedlem vil eg nytte høvet til å dele den diskvalifiserte poenglista mi med dykk:

12 poeng: http://neglelakkmani.com/ Neglelakkmani

Greia er at moteblogging er i ferd med å bli digert. Men dei norske rosabloggerne er ikkje i eit toppsjikt internasjonalt, uansett kor mange dyre vesker og walk-in-closets og hundretusen klikk dei har dagleg. Neglelakkmani har verken kyssemunnbileter eller dagboksoppdateringar av bloggaren, og har tvertimot gått annerledes og proft til verks. Dette er ein nisjeblogg innan moteblogging, der bloggaren utelukkande tek for seg neglelakk. Det siste nye i USA og Europa, det som er poppis på ebay, vanskeleg å få, og det som er verdt å shoppe for ein billeg penge her heime. Bloggen er løpande oppdatert, ho tar svært gode bilete (det er vanskeleg – ikkje utan grunn at nettavisene har tjuvlånt bileta hennar), gode lenker og oppdatering på gode kjøp, og ho bestiller og får tilsendt neglelakk frå USA og Europa og viser oss korleis ting kan brukast og resultatet. Neglelakkmani har trufaste lesarar blant neglelakkfans overalt. Noko så innovativt som ein norsk moteblogg av internasjonal klasse.

10 http://ingermerete.blogg.no/ Dette er ikke en blogg
Nummer to på lista er også nesten ein slags nisjeblogg, men kulturjournalisten Hobbelstad brukar bloggen sin til to fantastisk forskjellige parallelle løp. Det er kulturstoff i eit format me sjeldan får oppleve i dei flisetynne, norske papiravisene (for ikkje å snakke om dei flortynne nettavisene), ein kan berre nyte resultatet når ein seriøs journalist har gjort grundig research, eller reflektert og diskutert ei sak eller hending med kolleger og vener, og ikkje treng telle ord før stoffet blir publisert. Og så er det kongestoffet. Eller rettare: Bloggpostane der Hobbelstad tek for seg gjestar i kongelege brudlaup og diverse. Trur du at du ikkje gidd lese kva den tjuande gjesten hadde på seg? Du tek feil, du kjem til å lese, og du kjem til å skadefrydnyte.

8. http://www.virrvarr.net/ Virrvarrs roteloft
Virrvarr held koken, ho er faen ikkje 25 eingong, og Noregs frie bloggeverds grand Old Lady snart. Men ho held faktisk koken. Postane hennar er relevante, gjennomtenkte, viktige, hyppige, og ho svarar i kommentarfeltet. Ho er morsom, smart, modig og alt som er elskeleg. Dette er dagbok/meiningsytring-blogging i særklasse, både godt sett, godt skrive, godt tenkt og ei særskilt kjensle av at skribenten er ærleg (og vips, der fyller roteloftet dei fire krava mine til god skjønnlitteratur).

7: http://hjartesmil.blogg.no/ Hjartesmil
Mariell er også ei heilt særskilt stemme i bloggeverda. Eller eit særskilt syn. Ein hyperestetisk blogg, så gjennomført og gjennomarbeidd at ein blir sitjande stum første gongen. Ho skapar draumeopplevingar og stemningar med bilete og tekst, og samstundes kan ein ane noko sårt og nakent rett bak som gjer at det aldri blir glatt eller uinteressant.
Der Virrvarr får lesarane sine engasjerte i det eine temaet etter det andre, driv folkeopplysing og skapar debatt, får Mariell deg til å opne augene for din eigen kvardag.

6: http://bandanders.org/ Bandandersmuseum
Bileta til bandanders opnar også augo dine, men han tek meg ut av den kvardagen eg har inne på kontoret, foran kjøkenbenken, i sofaen. bandanders tar meg med på tur, me finn sauene hans saman, eg ser hunden stanse der framme og vente på oss, og eg ser og ser korleis verda finnes. Han er også skarp i ord, bandanders, og formidlar meir med eit bilete og ein setning enn tusen bilete eller tusen ord kunne sagt kvar for seg.

5: http://www.ainabasso.blogspot.com/ Aina Basso
Det er ein god del forfattarar som bloggar der ute, men berre ei som eg stikk innom kvar dag. Det er i grunnen hovudkriteriet mitt når eg skal lage denne lista. Bloggar som eg vender tilbake til. Aina skriv om andre sine bøker, ho deler opplevingar, refleksjonar og små tekstar. Eg vender tilbake. I periodar har dette vore den einaste bloggen eg har lese, medan eg var skikkeleg blogglei. Denne, bandanders og Flamme sin, faktisk.

4: http://www.flammeforlag.no/ Flamme Forlag
Ja, dei er ute etter å selge noko. Lyrikk, for det meste, litt brageprisvinnande sakprosa og ei og anna prosatekst av folk som stort sett lever av å skrive, så proffe er dei. Ein tvers gjennom kommersiell litteraturblogg, altså. Ikkje ahr postane kommentarfelt heller. Er dette ein blogg? Ei løpande oppdatert heimeside til eit forlag? Kven bryr seg? Det er faktisk bra, og dei held faktisk koken, og takk for det.

3. http://bokmerker.org/ bokmerker.no
Eg les mange bokbloggar. Eg kunne lage ei ti på topp-liste av bokbloggarar. Sorry, men dei er både skriveføre og mange og skriv om ting som eg gidd lese. Eg kan ikkje svinge emg opp til å bry meg med bilar, fotball eller kattar.
Det er så mange gode kandidatar. Bokmerker får vere den som representerer dei alle, fordi dei er så gode. Og fordi dei er fleire som bloggar saman, og det er bra.

2: http://www.lekkermunn.no/ Lekkermunn.no
Oh. My. God. Så mykje lekker mat. Og fine bileter! Og gode oppskrifter! Kan ikkje skrive, må ete noko.

1: http://oslofashion.blogspot.com/ OSLOFASHION
Gudane veit. Kva skal ein seie om dette, då. Ikkje så ofte oppdatert eingong. Men når folk er så jævleg morsomt onde, fortener dei poeng.

Fange 59. Taterpige.

16 torsdag sep 2010

Posted by Avil in Lesarsørvis, Litteratur

≈ 7 kommentarer

Då eg las ferdig Aina Basso si ungdomsroman Ingen må vite ei kald og sein natt, måtte eg pakke meg inn i pledd og gå ut på terassen for å drikke ein bitter og røyke, medan eg tørka tårer og samla meg.

Andreboka Fange 59. Taterpige er for vaksne, men stemma til Basso er eit stykke på veg den same.
Knapp, poetisk, visuell.
Og igjen møter me ei jente som er i dei vaksne og styresmaktene si vald, på 1700-talet, i Noreg.

Der Ingen må vite sto i spennet mellom sart ungdomsforelsking og kvalmande overgrep, står Taterpige i spennet mellom fridommen på vegen med romfolket, og fangenskapet i tukthus og teneste.
Eg meinte, då eg hadde lese Ingen må vite, at Basso sin debut knapt kunne reserverast for ungdom. Då kunne eg ikkje sjå kvar den boka ikkje skulle vere for vaksne, og venta kan hende meir av det same no.

Men eg merker at kjensla og språket er endra, no når Basso skriv for vaksne. Ikkje tematisk, ikkje naudsynleg i råskap eller emosjonalitet. Snarare tvert om, så er den rå makta meir dempa ned no, og det emosjonelle aspektet meir introvert, meir underspelt.
Det er som Basso krev meir av meg no. Meir tid. Meir tålmod. Modnare lesnad, i form av evne til å lese mellom tekst, og mellom tida eg les. Denne gongen har tida mellom dei korte leseøktene vore lenger, og hatt meir å seie. Ho tillet seg å vere taus, Basso. Og dermed tillet ho seg også å kreve meir av meg som lesar.

Fange 59. Taterpige er som eit av desse fargebileta av born i Afghanistan. Store, grøne auge i solmørke andlet, fargestrålande tekstilar og smale føter mot sandfarga bakgrunn. Det er vakkert, så vakkert at estetikken, forma, poesien og komposisjonen pregar opplevingskvaliteten i ein slik grad at medkjensla mi svinn i det heile. Brått går det opp for meg, når eg ser slike bileter, at dette er born i krig, born som har det vondt. Og så stikk det like djupt som brått.

Aina Basso har fått mykje ros for det lyriske og stilistiske, med rette. Ho har ei særeigen stemme, og det er rein litterær nyting å lese bøkene hennar.
Men eg får lyst til å drøfte med henne, på same måte som med fotografane til National Geographic, om ikkje det vakre kan komme til å overskugge den lidinga den skal (skal den? eg trur det?) kontrastere. Det er kan hende ikkje mogleg for ein forfattar å sjå at ein sjølv skriv så gneistrande godt at det kan blende for det stygge. Og kan hende treng eg lese boka ein gong til, for å sjå forbi desse vedunderlege skildringane, og ta meir inn over meg kva overgrep romfolket har levd med.

For når meir brautande forfattarar ropar opp om den hårreisande mangelen på politiske bøker og engasjement, så kunne det jo vere dei skulle trekkje pusten djupt ned i magen, og lese Basso sine bøker i staden.

Ho er stillferdig, ho skriv poetisk. Men fytti helvete så mykje tematisk sprengkraft det er i desse bøkene. Ho viser fram vår blodige forhistorie, og dei kneisande nakkane som passerer romfolket sine tiggarar i Oslos gater, med argumenta «dei er organiserte», står i ubroten relasjon til vektaren sin arrestasjon av Maria, som også er skulda for å komme som del av ein stor, organisert flokk.

Det grip meg i glimt. Kan hende orkar eg ikkje meir enn glimt, og gir meg over i dekadent nyting av form.

Kan hende er det meg. Men eg trong ikkje pledd eller Gammal dansk i natt.

Til gjengjeld skal eg lese den om att. Den greip fatt.

Koke bloggeblod

18 søndag jul 2010

Posted by Avil in Lesarsørvis

≈ 2 kommentarer

Hei, du, stakkars akterutsegla dust som framleis les blogg. Sidræva sinke, som ikkje forstår at trauste Facebook er blitt det nye IRC og twitter det nye sjå-eg-har-lese-noko-åns-i-avisa.
Her er nokre bloggar du kan lese:

Stranger in Sweden.

En annens liv.

Même pas peur.

Prosalosa.

Crimson sparkle topp 3

20 søndag jun 2010

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Lesarsørvis, Neglelakk

≈ 3 kommentarer

La oss snakke om neglelakk, folkens.
Ja, det er gøy!

Karianne sendte meg for ei tid tilbake ein slik effektlakk, CND Crimson Sparkle. Opplegget er: Du lakkar neglene med ein eller annan farge. Og så lakkar du oppå med effektlakken. Voila: Effekt. Crimson Sparkle gir (overraskande nok!) eit lag bittesmått glitter i lys lilla, rosa og lysegrønt. Med andre ord: Ikkje lakken for diskret lady, her er det duka for teselskap med Hello Kitty og Barbie.

Eg har eksperimentert, men grunna elendig kamera på mobilen blir det ingen bileter, berre metaforiske oppsummeringar (som jo alltid er det klart beste):

Crimson Sparkle topp 3

Nummer 3:

Manga-Barbie under sea.

Crimson Sparkle over Depend 159 (lys lilla utan glitter, vist her hos Nailin’ It).
Komplett useriøs look.

Nummer 2:

Mace Windu’s Purple Lightsaber.

Crimson Sparkle over OPIs Lincoln Park After Dark Suede (matt, mørk lilla, vist her hos Karianne).

Djup og vakker, nesten halo.

Og (trommevirvel):
Nummer 1:

Unicorn Poo

Crimson Sparkle over Barry M’s Chocolate Brown (flytande mjølkesjokolade, vist her hos Karianne).
Fantastisk resultat! Veldig rart og fascinerande ekkelt.

Tractionman – korleis forstår me deg?

07 mandag jun 2010

Posted by Avil in Lesarsørvis, Litteratur

≈ 15 kommentarer

Tractionman: Ikkje Pippi.

Barnebokredaktøren min og eg prata litt om barnebokkritikk. Ho, og dei andre barnebokarbeidarane eg møtte på Lillehammer litteraturfestival,  gjorde meg merksam på kor lite lesaroppleving som får plass i vaksne sine kritikkar av barnebøker, kor mykje nostalgi og oppdraging og pedagogikk og lite kvalifisert synsing som får prege barnebokmeldingane, samanlikna med kor mykje oftare vaksenbøkene får kvalifiserte, fenomenologiske og reflekterte bokmeldingar på bøkenes eigne premissar.
«Eg skal sende deg eit par moderne bøker eg meiner er verkeleg gode,» sa redaktøren. «Les dei for ungane dine, gjer deg opp di eiga meining, og høyr kva ungane seier. Og så kan du google bokmeldingar etterpå.»

Ho sendte meg bøkene om Tractionman.
Dette er mi oppleving som høgtlesande mor: Ungane var umiddelbart interesserte. Omslaget var nok til at dei kraup opp i sofaen og ville høyre.
Eg las. Dei fulgte med. Dei hadde ingen spørsmål eller innvendingar (det har dei elles ofte), dei lo godt undervegs, og så skjedde det noko anna, som eg vil komme attende til.

Først: Ei ønskeliste. Nokon ønsker seg Tractionman. Så startar forteljinga: Hender pakkar opp ei actionguttedokke. Guten som pakkar opp ser me lite til. Dei vaksne ser me lite til. Det vil seie: Alt Tractionman opplever er guten sin leik, sjølvsagt. Og dei vaksne er tilstades absolutt heile tida, fordi det guten gjer, er å vere der dei vaksne seier han skal vere, gjere det dei vaksne har bestemt. Han et, han vaskar opp, han badar, han legg seg. Dei vaksne styrer guten, guten styrer leiken. Og dette berre skjer kring Tractionman, leiken er i fokus uansett kva dei vaksne har bestemt at guten skal gjere.

Kva opplevde eg som høgtlesande mor? Eg opplevde boka som dels for avansert for ungar som ikkje les sjølve, eg måtte peike og forklare syns eg. «Dette seier mora, då» og «her ser de at han vaskar opp, sant, sjølv om det er Tractionman som blir kjend med gryteskrubben». Og dels opplevde eg det som ei ganske forfriskande bok, som tok lesaren inn i den reelle verda til born. Dei blir jo styrt av vaksne heile tida, og samstundes er dei i leiken og opplever noko me vaksne ikkje har tilgang til.

Men kva med ungane då?
Var det for avansert?
Var plottet svakt og teikningane for innhaldsrike og rammesoga over hovudet på dei?

Eg spør. Ungane svarar:

Niåringen: Det var ei god og morsom bok. Du kunne forresten spart deg for dei der forklaringane, me er ikkje dumme, liksom.
Seksåringen: Veldig god bok. Kan eg få den med meg i senga?

Neste kveld:
Seksåringen: Mamma, kan du komme inn her?
Eg: Ja, kva er det? Du skal sove no!
Seksåringen: Eg er nesten ferdig med Tractionman. Eg vil lese litt høgt for deg.
Eg: Har du lese alt då? Det som står i alle boblane *peiker*
Seksåringen: Ja, sjølvsagt, det er jo der orda står. Høyr då!

Og han les langsamt gjennom scena der Tractionman får grøn, heimestrikka sparkedress med kyse av bestemora til guten.
Han klukkar. Og peikar. Og les om att.
«Forstår du mamma?»
«Ja, eg forstår jo at guten syns det er heilt feil med strikkedrakt til Tractionman.»
«Nei, nei, ikkje guten. Tractionman blir flau! Ser du ikkje!»

Og rop frå niåringen sitt rom: «Mamma, me forstår det er guten som leikar. Du er ganske treig av og til. Du burde leike meir.»

Dette skjedde: Eg blei gammal. Borna mine forstår bilete og tekst annleis enn eg.
Og annleis enn Erle Marie Sørheim, har eg i dag googla meg fram til.

Tractionman er ei fantastisk bok, for den synleggjer kva som er barnelitteratur på borns premissar, og kvar den bryt med vår nostalgiske og vaksne lesaroppleving.

Tør du kjøpe bøker til ungane dine som vil gjere deg gammal?

Seksåringen, Tractionman og Tiger.

Alt ein lærer

02 onsdag jun 2010

Posted by Avil in Avsløring, Fint og flott, Lesarsørvis, Litteratur, Ut blant folk

≈ 6 kommentarer

Lars Mytting. Skummel type.

Om ein skal hugse det ein lærer, bør ein oppsummere etter nokre dagar.
Dette lærte eg på Lillehammer 2010:

  • Dei som les opp frå notata sine på ein keisam, litt monoton og rask måte, får med seg alle dei interessante poenga dei har førebudd. Det er viktigare å følge med på slike folk, enn dei som får publikum til å le. (og eg har jammen gått skrekkeleg lenge på universitet og tenkte aldri over slikt dengong. men då var eg ung og trudde god formidling var viktig.)
  • Knørpl. (takk, Hilde Myklebust.) Når ein har funne ein knørpl er det vanskeleg å la vere å pitle.
  • Eg likar ikkje gå på konsert (når eg har drukke tre øl vil eg prate), men eg likar veldig godt når det dukkar opp musikk heilt plutseleg.
  • Romanforfattarar (og publikummet deira) er oppsiktsvekkjande lite reflekterte/medvite litteratur som konkret, fysisk verk. Ein stappfull sal gispa då Tomas Espedal viste fram at det er mogleg for diktbøker å vere tjukke, at romanar kan vere flisetynne, og at nokre bøker kan ha raud stripe på. (næh!) Heile forsamlinga burde vorte teleportert til Oslo Comic Expo etterpå og lytta til teiknarar snakke om format, form, tekstur og rammer for kunst. (neida, eg glippa ikkje på poenget.)

    Mette Moestrup. Kan tenke. Bra dame.

  • Eg saknar universitetet. (apropos universitetet, lzzm.) Det er gøy å høyre på folk som har tenkt seg om. Mette Moestrup, til dømes. Det er gøy å tulle med folk som kan tenke også, det er mange slike ein kan drikke pils og diskutere og drøfte og tøysesnakke med. (helst på vestlandsk. det vil seie utan å le for mykje. berre at eg gløymer heilt å ikkje le, då.) Men eg saknar å vere ein slik som tenker sjølv. Gjorde eg ikkje det? Då, altså? (næsj. sikkert ikkje. men eg saknar universitetet likevel. eg trudde lenge eg sakna storby. men det er jo berre tull. storbyar er stappfulle av apedumme folk.)
  • Sidesprangsforlaget mitt får skryt overalt. (mangschou. der ungdomsboka kjem.)
  • Lars Mytting ser ut som Clancy Brown i Carnivale (den dritskumle predikanten).
  • Eg har ei sjeldan evne til å frike ut folk som eg vil seie noko fint til.
  • Det er openbert vanskeleg å snakke om barnelitteratur utan å bli frykteleg metatematisk.
  • Eg kjenner visst frykteleg mykje folk som likar å reise på festival.
  • Det er ein sosial konvensjon å syte over å vere på festival blant mannlege forlagsfolk og mannlege forfattarar over førti.
  • Det er veldig tørr luft på hotellrom. Ein blir frykteleg tørst.

Liberiasnegle

30 fredag apr 2010

Posted by Avil in Lesarsørvis

≈ 4 kommentarer

Kjære deg som nærast dagleg finn vegen til bloggen min ved hjelp av Google og søkjeordet liberiasnegle.

Det heiter ikkje liberiasnegle.
Det heiter iberiasnegle. Også kalla mordarsnegle og brunsnegle. Dersom du har funne ein slik brun, svær snegl i hagen, kan du kysse ein del sommarblomar og heimedyrka grønsaker farvel, medmindre du vil gjere ein utmattande og etterkvart svært bitter innsats i hagen din.
Eg har forsøkt det meste.
Men uansett kva du prøver deg på, uansett om du velger nematoder, øl, ferromol, saks eller skarpe metallkanter:

Det heiter ikkje liberiasnegle.
Den blir heller ikkje fornærma om du nyttar feil søkjeord, det går berre ut over deg sjølv, som ikkje finn ut av alt det du vil og treng.

Iberiasnegle.
Iberiasnegle.
Iberiasnegle.

Ei bok akkurat du vil forstå meir av enn folk flest

02 tirsdag feb 2010

Posted by Avil in Lesarsørvis, Litteratur

≈ 22 kommentarer

Eg har lese Jern. Jævla gøyal bok. Torgrim Eggen har skrive ei samtidsbok. Den er kanskje ikkje for alle. Men veit du kva? Den er for deg.

Her er Ove-Loke som trollar seg sjølv på forum for å få opp eksterne treff. Her er orddelingsdama med smilefjestourette som lokkar fram alle fordommane dine. Her er antropologberta med kulturkropp som ikkje skjønar kva tid nok er nok, med noko.
Du kjenner dei.
Og du kjenner måten ein blir kjent med dei på. Fordi du les dette. Du les ein blogg, du har til og med funne denne vetle nynorskbloggen her ute i periferien av bloggosfæren der tenåringane ikkje tør gå når det er lyst eingong.
Du forstår skrift på ein annan måte, du har ein skriftleg sosial kompetanse som vil gjere Jern til ei heilt anna bok for deg enn for den jamne n00b lesar og kritikar.

Jern er morosam.
Men er den eigentleg ei av årets viktigaste bøker, med eine fingeren på New Age-pulsen og andre fingeren på internettets fallgruber og tredje fingeren på 2012 og fjerde fingeren på vår tids nye gudar (miljø, slowfood, amming, genteknologi, Obama), og så tommelen i rassen på sjølve rasjonalismens fall? Det er vanskeleg å svare nei, på eit så leiande spørsmål. Men eg kan vere ganske sta, især når eg gir meg sjølv så lite valg. Eg vil seie at eg litt i stuss.

Dersom målet er å skildre samtid, er sikkert Knausgårds detaljerte confessionlitteratur like god.
Samtida er ikkje naudsynleg best skildre ved sine avvik og rarietetar. Samtida og dei viktigaste spørsmåla i nordmenn sine liv foregår nok over dårleg traktekaffi i lunsjen i grå kontorbygg, og neppe over sjølvdyrka økopuré i eit obskurt kollektiv.
Til gjengjeld er det eit ganske presist bilete av eit alternativt kokihop som har noko for alle. Eg greip meg i å nikke, eg har til og med budd i obskurt kollektiv med eigen økosurdeig som hadde overlevd sidan kollektivet blei stifta av leninistar 18 år tidlegare. Om du har streitare ungdomstid enn meg, er det sikkert noko for deg her og.

Eg forstår at forlaget, journalistane og kritikarane har lyst til å henge seg opp i kor edgy og oppdatert og spanande dette med internett og konspirasjonsteoriar og religion er.

Eg vil berre få lov til å påpeike at boka er festleg litteratur.
Massiv research, leikande språkbruk, tydelege karakterar (først gjenkjennande tatt på kornet, og deretter viser det seg at det er dine eigne fordommar som blei tatt på kornet).
Eggen kan handverket så godt at det vanskelege framstår lett. Du kan berre slenge deg inn i boka, han tar vare på deg heile vegen.

Innvendingar? Tjah, to kanskje. Eg har leita med lupe.
1: Eg likar ikkje spoilere. her var sjølve konseptet i romanen avslørt på førehand. I pressen, og bittelitt vel mykje (jepp, eg er sart) av baksideteksten. Kan vere det var derfor eg av og til sat litt smått irritert første kvartingen av boka og tenkte at eg visste kva som skjedde.
2: Eit illusjonsbrot. No er me i øverste hylle i pirkeavdelinga, men eg likte det ikkje. «Som et plott i en dårlig roman,» seier ein av karakterane om det som skjer.

Hah. Det var alt eg hadde å pirke i. Og eg kunne spart meg det, sidan det var så lite at eg måtte leite med lupe. Men no vil eg ikkje framstå som heilt aldeles ukritisk.

Ok. Her er det berre å løpe og kjøpe.

Lanseringsfest!

20 onsdag mai 2009

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Lesarsørvis, Litteratur, Skriveprosess, Song for Eirabu-ting, Ut blant folk

≈ 44 kommentarer

Haustljoslesarane har fulgt meg med støtte og oppmuntrande tilrop frå eg begynte å kladde ned manus, gjennom to og eit halvt år med bloggpostar om norrøne mytar, opplesingar på festivalar og skule, og alt det andre babbelet og tankane og kvardagane mellom. Frustrasjonar og gleder er delt og kommentert, og eg har vore så veldig glad for å ha dykk med på ferda.

No er manus blitt til bok, heilt på ordentleg.

Det kom epost frå forlaget for ti minuttar sidan: Song for Eirabu er komme frå trykkeriet!

Så då er det på tide å feire og feste og nyte at det går an å ffinne på noko rolp heime på pc-en som endar opp i stive permar med gilde fargar!

Det blir sleppefest i Oslo torsdag 4 juni, på Den gode kafe.

Alle er velkomne!

 
Og om du likevel har tenkt å kjøpe boka, så ta med deg 300,- kroner i kontantar, så kan du kjøpe eit eksemplar billegare enn i butikken.

Oi, bombe

25 søndag jan 2009

Posted by Avil in Avsløring, Lesarsørvis, Litteratur, Mediekommentar

≈ 10 kommentarer

Folk me ikkje likar, eller i alle fall folk me syns gjer dumme ting, folk me rynker panna av og snakkar litt nedlatande om, – du veit dei, ja?

Breaking news: Dei er også folk.

Kjempebombe, liksom.

← Eldre innlegg
Nyere innlegg →

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juni 2023
M T O T F L S
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 89 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...