• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Metablågging

Tordenblogg!

09 torsdag des 2010

Posted by Avil in Lesarsørvis, Metablågging

≈ 5 kommentarer

Då er det Tordenblogg igjen. Det er ei greie skipa av Arne Hjorth-Johansen for å få folk til å oppdage nye bloggar. Klikk og kos dykk.
Som avsatt jurymedlem vil eg nytte høvet til å dele den diskvalifiserte poenglista mi med dykk:

12 poeng: http://neglelakkmani.com/ Neglelakkmani

Greia er at moteblogging er i ferd med å bli digert. Men dei norske rosabloggerne er ikkje i eit toppsjikt internasjonalt, uansett kor mange dyre vesker og walk-in-closets og hundretusen klikk dei har dagleg. Neglelakkmani har verken kyssemunnbileter eller dagboksoppdateringar av bloggaren, og har tvertimot gått annerledes og proft til verks. Dette er ein nisjeblogg innan moteblogging, der bloggaren utelukkande tek for seg neglelakk. Det siste nye i USA og Europa, det som er poppis på ebay, vanskeleg å få, og det som er verdt å shoppe for ein billeg penge her heime. Bloggen er løpande oppdatert, ho tar svært gode bilete (det er vanskeleg – ikkje utan grunn at nettavisene har tjuvlånt bileta hennar), gode lenker og oppdatering på gode kjøp, og ho bestiller og får tilsendt neglelakk frå USA og Europa og viser oss korleis ting kan brukast og resultatet. Neglelakkmani har trufaste lesarar blant neglelakkfans overalt. Noko så innovativt som ein norsk moteblogg av internasjonal klasse.

10 http://ingermerete.blogg.no/ Dette er ikke en blogg
Nummer to på lista er også nesten ein slags nisjeblogg, men kulturjournalisten Hobbelstad brukar bloggen sin til to fantastisk forskjellige parallelle løp. Det er kulturstoff i eit format me sjeldan får oppleve i dei flisetynne, norske papiravisene (for ikkje å snakke om dei flortynne nettavisene), ein kan berre nyte resultatet når ein seriøs journalist har gjort grundig research, eller reflektert og diskutert ei sak eller hending med kolleger og vener, og ikkje treng telle ord før stoffet blir publisert. Og så er det kongestoffet. Eller rettare: Bloggpostane der Hobbelstad tek for seg gjestar i kongelege brudlaup og diverse. Trur du at du ikkje gidd lese kva den tjuande gjesten hadde på seg? Du tek feil, du kjem til å lese, og du kjem til å skadefrydnyte.

8. http://www.virrvarr.net/ Virrvarrs roteloft
Virrvarr held koken, ho er faen ikkje 25 eingong, og Noregs frie bloggeverds grand Old Lady snart. Men ho held faktisk koken. Postane hennar er relevante, gjennomtenkte, viktige, hyppige, og ho svarar i kommentarfeltet. Ho er morsom, smart, modig og alt som er elskeleg. Dette er dagbok/meiningsytring-blogging i særklasse, både godt sett, godt skrive, godt tenkt og ei særskilt kjensle av at skribenten er ærleg (og vips, der fyller roteloftet dei fire krava mine til god skjønnlitteratur).

7: http://hjartesmil.blogg.no/ Hjartesmil
Mariell er også ei heilt særskilt stemme i bloggeverda. Eller eit særskilt syn. Ein hyperestetisk blogg, så gjennomført og gjennomarbeidd at ein blir sitjande stum første gongen. Ho skapar draumeopplevingar og stemningar med bilete og tekst, og samstundes kan ein ane noko sårt og nakent rett bak som gjer at det aldri blir glatt eller uinteressant.
Der Virrvarr får lesarane sine engasjerte i det eine temaet etter det andre, driv folkeopplysing og skapar debatt, får Mariell deg til å opne augene for din eigen kvardag.

6: http://bandanders.org/ Bandandersmuseum
Bileta til bandanders opnar også augo dine, men han tek meg ut av den kvardagen eg har inne på kontoret, foran kjøkenbenken, i sofaen. bandanders tar meg med på tur, me finn sauene hans saman, eg ser hunden stanse der framme og vente på oss, og eg ser og ser korleis verda finnes. Han er også skarp i ord, bandanders, og formidlar meir med eit bilete og ein setning enn tusen bilete eller tusen ord kunne sagt kvar for seg.

5: http://www.ainabasso.blogspot.com/ Aina Basso
Det er ein god del forfattarar som bloggar der ute, men berre ei som eg stikk innom kvar dag. Det er i grunnen hovudkriteriet mitt når eg skal lage denne lista. Bloggar som eg vender tilbake til. Aina skriv om andre sine bøker, ho deler opplevingar, refleksjonar og små tekstar. Eg vender tilbake. I periodar har dette vore den einaste bloggen eg har lese, medan eg var skikkeleg blogglei. Denne, bandanders og Flamme sin, faktisk.

4: http://www.flammeforlag.no/ Flamme Forlag
Ja, dei er ute etter å selge noko. Lyrikk, for det meste, litt brageprisvinnande sakprosa og ei og anna prosatekst av folk som stort sett lever av å skrive, så proffe er dei. Ein tvers gjennom kommersiell litteraturblogg, altså. Ikkje ahr postane kommentarfelt heller. Er dette ein blogg? Ei løpande oppdatert heimeside til eit forlag? Kven bryr seg? Det er faktisk bra, og dei held faktisk koken, og takk for det.

3. http://bokmerker.org/ bokmerker.no
Eg les mange bokbloggar. Eg kunne lage ei ti på topp-liste av bokbloggarar. Sorry, men dei er både skriveføre og mange og skriv om ting som eg gidd lese. Eg kan ikkje svinge emg opp til å bry meg med bilar, fotball eller kattar.
Det er så mange gode kandidatar. Bokmerker får vere den som representerer dei alle, fordi dei er så gode. Og fordi dei er fleire som bloggar saman, og det er bra.

2: http://www.lekkermunn.no/ Lekkermunn.no
Oh. My. God. Så mykje lekker mat. Og fine bileter! Og gode oppskrifter! Kan ikkje skrive, må ete noko.

1: http://oslofashion.blogspot.com/ OSLOFASHION
Gudane veit. Kva skal ein seie om dette, då. Ikkje så ofte oppdatert eingong. Men når folk er så jævleg morsomt onde, fortener dei poeng.

Bloggegreier

29 onsdag okt 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 3 kommentarer

No er det tid for Tordenbloggen, som er ei sånn sosial bloggegreie der du kan finne nye spanande bloggar, samstundes som det er ein uhøgtideleg konkurranse om kva som er den beste bloggen i Noreg. Det er det i alle fall meint å vere, for folk som har eit uhøgtideleg forhold til konkurransar. Me andre burde jo vore skjerma mot slikt.

Og så har eg registrert bloggen min på eit kart, på ein obskur stad som heiter Leirvik på bloggportalen Bloggurat. Spør meg ikkje kvifor.

Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 21 kommentarer

Eg har no flytta alle postane mine derifrå og hit. Og sendt følgande melding til administrator av staden:

Hei!
Eg har forgjeves forsøkt å logge på i lang tid. No vil eg be deg om å slette heile bloggen min på Forfatterbloggen. Både fordi eg ikkje kjem inn på den, men mest fordi det ser ut til at nokre tilsynelatande forstyrra (eller svært lite sosialt tilpassa) brukarar tek svært mykje plass på Forfatterbloggen. Når eit innlegg om incest heilt forutsigbart blir fulgt opp med eit langt kommentarfelt der incestoffer blir framstilt som løgnarar og sytekoppar, og når fleire av brukarane ser ut til å ha eit slags korstog mot psykiatri og psykologi, og ikkje vik tilbake for å påberope seg forskning og æreskjelle andre brukarar om ein annan, ønsker eg ikkje ha ein blogg der lenger.
Takk for meg.
Synd forfatterbloggen utvikla seg til å bli ein slik leikeplass for forstyrra kverulantar.
mvh
Kristine Tofte

Til orientering.

Ut av skapet

27 lørdag sep 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 28 kommentarer

Jah, så er døypenamnet mitt festa til bloggen. Det har no lenge vore slik at ein ikkje trong vere rakettforskar (eller romingeniør) for å finne ut at eg var meg. Ikkje har eg nokonsinne tenkt at nick var ei særleg hemmeleg greie heller, eg brukte jo same nicket overalt og heile tida og var jo meg. Men det var no likevel litt rart å hekte namnet mitt til nicket her.

Eg er ikkje akkurat den første. Bloggosfæren er stappande full av bloggar med døypenamn og telefonnummer og full adresse. Men trenden ser ut til å vere at det mest er folk på min alder som kjem ut av skapet. Mest fordi det er oss gamlingar på nett som har vore der inne i første omgang.

Folk som er omlag tjue år yngre enn meg er omlag like mykje på nett som meg. Men dei er på andre arenaer, saman med RL-vener og nettfolk litt om einanna, og reknar det som aldeles normalt å vere tilstades som seg sjølv. For dei som er vakse opp med nettet er det like lite mytisk som telefonar. Faktisk er sjølv mobiltelefonar bittelitt mytiske for oss, sidan me vaks opp med fasttelefon på eige bord i gangen og ledningar i veggen og runde skiver der ein måtte vente med å slå inn neste siffer.

Anonyme ytringar på nett forsvinn kan hende etterkvart som den oppveksande generasjonen tek over heile greia. Dei vil neppe ta slike nickfolk som oss seriøst i lengden. Like greit å komme ut av skapet.

knuthjeltnessomslank, kom her og ver

27 lørdag sep 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 13 kommentarer

Eg har freista gjentekne gonger å logge meg på hos Forfatterbloggen. Eg har ein blogg der, nemleg. Brukarnamn har eg, og eit passord som eg fekk etter å ha etterlyst det ei tid. Men det går ikkje. Eg kjem ikkje inn. Derfor kan eg ikkje etterlyse favoritten min der inne.
Men eg kan jo etterlyse han her ute. Kan hende finn han meg?

knuthjeltnessomslank, eg saknar deg. Kom hit, kom til bloggen min, kom og hiss deg opp eller krangle med meg om eit eller anna. Du er så fin. Eg vil ha deg. Eg vil ha deg i kommentarfeltet mitt. Kom.

Desse evindelege bloggkonkurransane

24 onsdag sep 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 9 kommentarer

Som ein av mine kjære lesarar har kommentert før: Bloggfolk driv no berre og delar ut prisar til kvarandre og stemmer på kvarandre i evindelege kåringar.

Slik er det. Og i dag er siste dagen i «beste blogg»-konkurransen Den gyldne Q inne hos Esquil.
Det fine med slike konkurransar er at du finn lenker til mange gode bloggar du kan hende ikkje har sett før, og kan oppdage godt lesestoff og nye favorittar.
Foreløpig kan du stemme i kommentarfeltet HER hos Esquil, og så blir stemmene talt opp og vinnaren kåra i kveld. For oss som er nominert er det kjekt å få stemmer, for dei som ikkje er nominert er det nok kjekkast å gå på oppdaging i lenkene.

Test og avhengighet, fru Blom

12 torsdag jun 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 10 kommentarer

Nokon har tipsa meg om at dei som forskar på Internett-avhengighet har laga test.
http://www.ntnu.no/gemini/2008-02/12-15-cyberspace.htm

Svarer du ja på fem eller flere av spørsmålene under, regnes du som internettavhengig ifølge en standard for kartlegging av nettvaner.
Svarer du ja på tre eller fire av spørsmålene, befinner du deg i risikogruppa.

• Hender det ofte at du er sterkt opptatt av Internett, for eksempel at du tenker på tidligere internettbesøk eller planlegger kommende internettbesøk?
• Føler du at du stadig bruker mer tid på Internett?
• Har du flere ganger forsøkt å kontrollere, redusere eller kutte ut internettbruk, uten å lykkes?
• Blir du noen gang urolig, i dårlig humør, deprimert eller irritabel når du prøver å redusere eller kutte ut din internettbruk?
• Holder du vanligvis på med Internett lenger enn du opprinnelig planla/tenkte?
• Har du noen gang risikert å miste en venn, skoleplass eller arbeid på grunn av ditt bruk av Internett?
• Har du noen gang løyet for familie medlemmer eller andre for å skjule omfanget av din bruk av Internett?
• Har du noen gang brukt Internett for å flykte fra problemer eller for å komme i bedre humør?

Vel.

Det pleier å vere ein god ide å lage testar slik at ikkje berre dei som allereie freister endre åtferd kjenner seg igjen.

Prøv heller noko slikt, forskarfolk:

• Hender det ofte at du logger deg på Internett når du skal gjøre andre oppgaver ved pc-en?
• Hender det at Internett-bruk fører til at du forsømmer andre oppgaver?
• Har du flere ganger skrevet på et forum eller en blogg at du akter å kontrollere, redusere eller kutte ut internettbruk, uten å gjennomføre det?
• Blir du noen gang urolig, i dårlig humør, rastløs eller irritabel når du prøver å logge på Internett og ikke får forbindelse?
• Tror du at du ville ha andre hobbyer dersom du mistet tilgangen til Internett?
• Har du noen gang latt være å besøke en venn eller gå i selskap, og heller blitt sittende ved Internett?
• Har du noen gang omtalt venner på Internett som «bekjente» eller på andre måter holdt skjult hvor du har informasjon eller gode historier fra for familiemedlemmer eller andre for å skjule omfanget av din vennekrets på Internett?
• Har du noen gang brukt Internett for å snakke om problemer i stedenfor å ta dette opp med den det gjelder?

Ingenting å tilby

04 onsdag jun 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 18 kommentarer

Eg skulle så gjerne gje deg noko. Nesten kva som helst, noko lite eller stort. Eg syns du fortener det. Du har halde ut med meg lenge, vist alt frå høfleg interesse til entusiasme og mutt likegyldighet overfor alt eg har komme med. Kva som helst, lite og stort. Du har tålt meg, latt meg vere her, halde ut. Og eg har ausa ut av meg, høyrt meg sjølv vere ei kaklande høne i ein garasje med for mykje ekko, eg har vore vittig, ettertenksom, spak, original, og alt det motsette. Der har du vore, på stolen din, rett der. Eg skal ikkje spekulere. Eg får aldri vite kva du tenkte. Men eg syns du fortener at eg gjev deg noko. Nesten kva som helst.

Eg har berre ingenting å tilby.
Orsak.

Intelligente mennesker velger nynorsk

16 onsdag apr 2008

Posted by Avil in Fint og flott, Metablågging, Språk

≈ 24 kommentarer

Det er gjort ei stor målformundersøking i Noreg som viser at ein del elevar i nynorske skular strategisk velger bokmål som hovudmål for å få betre karakterar i både hovudmål og sidemål. Dette har fått mykje merksemd i hovudstadspressa, som tolkar tala som ein «flukt frå nynorsken». Mindre kjent er det at samme undersøking viser ein klår overvekt av intelligente, språkføre og høgtutdanna vaksne som velger nynorsk som målform i blåggane sine.

Nei, det er ikkje det. Men om eg var svensk, kunne eg ha kalla research for forskning, og om eg var sosialantropolog var det nok å lese seks blåggar for å trekke ein konklusjon.

Eg har berre merka meg at Fjordfitte både driv lesarsørvis og øver seg på nynorske overskrifter.

Elite-Avil

07 fredag mar 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 22 kommentarer

Det er mykje snakk blant blåggfolket om blåggfolket. Kven skriv best, kven er mest populær, kven er mest provoserande, og viktigst av alt: Kven er eliten.

Etter ein forsmedelig andreplass i Tordenbloggen 2007 (eg er så forferdeleg glad i å vinne ting, og tåler så veldig, veldig dårleg å tape) syns eg det begynner å komme seg no.

I går fekk eg ein pris, og i dag oppdaga eg at Esquil har plassert meg midt i blåggeliten.

elitekartet.jpg

Ein fin dag.

Om nokon vil høyre korleis blåggeliten har det på ein fredag, så er det berre å ta kontakt. Men eg har det sjølvsagt for travelt med å beundre diplom og elitekart til å svare.

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

april 2021
M T O T F L S
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

Privacy & Cookies: This site uses cookies. By continuing to use this website, you agree to their use.
To find out more, including how to control cookies, see here: Infokapselsretningslinjer