I kveld duellerte jazzmetallbandet Shining mot Hanne Hukkelberg om A-ha sin utlova million.
Eg tok oppgåva seriøst, og hadde ungane med på råd foran tv, då Shining, Hukkelberg og ein bråte VG-liste-band haldt gratiskonsert på Rådhusplassen.
Om Shining
Guttungen (6): Han ser litt gal ut. (Han = Jørgen Munkeby)
Jentungen (9): Han ser absolutt gal ut.
Eg: Han er ein fantastisk musikar, då. Og det er jo veldig tøft.
Guttungen: Han syng litt lågt, eigentleg.
Jentungen: Han brøler alt han kan.
Guttungen: Men han brøler lågt.
Om Hukkelberg
Jentungen: Svart sminke til rosa ballkjole ser litt rart ut.
Guttungen: Musikken er bra, men eg likar ikkje synginga.
Jentungen: Eg trudde på førehand eg kom til å like ho best.
Guttungen: Eg likar ikkje panneluggen til ho der.
Eg: Er det plutseleg ein missekonkurranse no? Kva musikk likar de best? Denne musikken eller dei som spelte først?
Jentungen: Han som såg gal ut?
Eg: Jørgen Munkeby.
Guttungen: Eg er veldig i stuss.
Jentungen: Eg har bestemt meg. Eg likte dei første.
Eg: Shining.
Jentungen: Ja, dei.
Så stemmer me. Og ser resten av konserten. Då alt er over har jentungen ein kortvarig sorgreaksjon over at Hurra torpedo ikkje var med i avstemminga.
Eg: Kva likte de best?
Guttungen: Eg likte best Thom Hell.
Jentungen: Eg likte aller best han som sto bak i Hurra torpedo, og så han som såg gal ut.
Eg: Av alt du har sett i kveld likte du Kristopher Schau og Jørgen Munkeby best?
Jentungen: Absolutt.
Eg: Fordi dei var best?
Jentungen: Fordi dei var tøffast.
Huffdå.
Dette kjem til å ende forferdeleg. Det er genetisk. Trøbbel i gjære. Stakkars unge.