• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Nyare historiar

Blodmånenatta

22 mandag aug 2011

Posted by Avil in Litteratur, Norrønt, Nyare historiar, Religion - myter, riter, kult

≈ 6 kommentarer

Dotter mi, Liva (10) har lese Blodmånenatta av Guro Sibeko. Ho vil gjerne dele si lesaroppleving med andre, men er litt usikker på bloggformatet, så me har enda opp med eit intervju.

Kva syns du om boka?

Eg syntes det var ei god bok. Eg levde meg inn i den, og det gjer eg ikkje med alle bøker. Det var ei bok der ein liksom blei kjent med personane, kven dei er og om plassen der dei bur. Ein får vite mykje om hovudpersonen, kva ho føler og tenker.

Eg veit at du har fått ganske mange bøker, som eg og far din har forsøkt å få deg til å lese. Me har frista med opplesing av første kapittel, funne fram kjente og kritikarroste bøker, men sidan du las bøkene om Harry Potter har du ikkje interessert deg for noko av det.
Kva er annleis med Blodmånenatta?

Det er ingenting som måler seg opp mot Harry Potter-bøkene, synes eg. Dei er så godt skrive at det er umogleg å finne noko som lever opp til det. Grunnen til at eg likte Blodmånenatta også var at det var ei bok som passa for meg. Eg liker sånne bøker. Harry Potter-bøkene er sånne bøker, Blodmånenatta er ei slik bok. Det er vanskeleg å forklare.
Men Blodmånenatta var noko eg likte.

På kva måte då?

For eksempel i Blodmånenatta så er det slik at om du kjem inn i eit hus, fortel ho om det huset, og om du møter personar får du vite litt om dei. Samstundes er du med når hovudpersonen gjer ting, du får følge med på kva som skjer utan at du får kjensla av å hoppe frå hending til hending.

Kan du seie noko om hovudpersonen?

Ho heiter Kaspara, er vel omlag på min alder eller kanskje litt yngre. Det virker som ho er målbevisst, at ho vil det ho vil. Ho stopper ikkje når ho vil finne mor si, sjølv om det står mykje farlig i vegen for henne.

Syntes du det skjer for mykje?

Nei, eg syntes ikkje det. Dersom det skjer mindre blir det keisamt. Og skjer det meir, så blir det liksom vanskeleg å følge med på alt. Det er heilt greit at det skjer mykje så lenge den eine tingen glir over i kvarandre, at det er nokre langsomme overgangar, og det var det her (men ikkje alt for langsomme). I Blodmånenatta er det ein samanheng som gjer at ein følger med utan vanskar.

Syntes du den var trist?

Nei, det var jo litt trist at ho mista mor si og bestemor si, men Kaspara har det fint likevel, ho kjenner dei fortsatt, sjølv om dei er døde, ho tar det ikkje opp på ein sånn måte at den som leser ikkje taklar det.

Syntes du den var skummel?

Nokre gonger, kanskje litt. Men igjen: Kaspara taklar det, og derfor taklar liksom lesaren det og. Det var jo nokre gonger det blei litt skummelt, eg tenkte liksom, oi, her skjedde det visst noko. Men ikkje sånn at ein får mareritt.

Kjente du til dei mytologiske vesnene og historiane frå før?

Nokre, på ein måte, men likevel eigentleg ikkje. Eg visste ikkje om dei, og det var nye historiar, men eg kjente dei igjen. Det var som om eg hadde høyrt dei før, som om det var kjent for meg, sjølv om det var nytt.

Kva syntes du om den kjensla?

Det var eigentleg ganske greit. Det var lettare å komme inn i historia, enn om alt kjentes ukjent og nytt.

Kva likte du best med boka?

Eg likte godt då ho var inni hola til haugfolkene. Eg syntes det var ei morsom historie, då ho fiska.

Kven syntes boka passer for?

Både gutter og jenter, og aldersgruppe kanskje frå seks år om ein er god nok til å lese, og opp til…ja, det er jo ikkje ei vaksenbok, men kanskje 12-13? Det kjem an på kva slags person det er. Eg trur dette er ei bok for dei som liker fantasy og gode historiar, kanskje særleg for folk som kan gå inn i ting og har evne til å leve seg inn i bøker. Kanskje for folk som liker eventyr der det ikkje berre er søte små prinsesser, men der det faktisk skjer ting som må ordnast opp i, og der kvart kapittel er ei eigen historie, men der også alt går saman til ei stor forteljing. Kanskje for folk som ikkje er avhengig av at det berre skal vere morsomt heile vegen, eller berre spennande, eller berre skummelt, men at det er forskjellige ting som hender i løpet av boka.

Terningkast? Den er betre enn 5, så det får vel bli 6.

Blodmånenatta av Guro Sibeko

 

Så er linet stroke og stiva

16 fredag mai 2008

Posted by Avil in Nyare historiar

≈ 24 kommentarer

Jada, visst har eg tulla med søttende. Og visst har eg vore gjennom den eksistensielle søttende-mai-går-i-oppløysing-når-ein-blir-vaksen-for-ein innser at-det-er-berre-ein-sosial-konstruksjon-krisa.

Men no heng det altså ei stor og ei lita linskjorte der ute, med stive krager og utan ei strykerokke. Det er høgtid, det. Særleg fordi eg ikkje anar korleis ein gjer det. I år forsøkte mor mi å ikkje levere skjorta si til farmor (89). Og farmor blei sjølvsagt rasande, slik farmor blir raande. Ho ler og er uangripeleg spydig, og lurte på om ho såg skranten ut, eller om mor mi berre hadde tenkt å vere uflidd på nasjonaldagen.

Så skjortene blei levert i god tid, for farmor (89, ja), ville ta dei på ein regnversdag. Ho har det nemleg travelt med å ta ut alle tepper, slå plenane, luke alle bed, vaske alle vindu og pusse all koppar og messing (ja, det er heilt sant).

I morgon skal me dit og ete snittar og dravle. Ho skal ta bilete av oss og seie at så fint stroke bunadsskjorter er det ingen som har. Og me skal søle dravle på hardangersaumen hennar, mens ho blar i russeavisa og fastslår at det der må vere Malene sitt oldebarn og det der må då vere sonesonen til Gurdrun sin unge, har du sett slike øyrer du, det er no ellers også mykje sjukdom i den familien.

Kva dravle er? Ta fem liter heilmjølk og noko sukker, og kok inn til halve mengda. Ja, det tek timar og ja, det blir brunt. Hell i ein liter kefir og la dette stå i gryta til mjølka brest. Eller skiller seg, som den faktisk gjer. Til klumpar og transparent væske. Smakar brillefint, liknar spy. Velbekomme.

Dei dulde skal vorde hulde

23 søndag mar 2008

Posted by Avil in Norrønt, Nyare historiar, Religion - myter, riter, kult

≈ 12 kommentarer

Eg les Vår gamle kystkultur, eit praktverk av tidlegare direktør for Norsk sjøfartsmuseum, Svein Molaug.
Der finn eg eit avsnitt om huldra.

Det var ikke så uvanlig at eldre folk kunne fortelle at Bibelen hadde inneholdt et tillegg i skapelseshistorien, men at det var kommet bort.
En kone fra Frafjord fortalte at i det tillegget skulle det ha stått at Vårherre pleide ofte å se til Adam og Eva. Så var det en lørdag at han kom noe uventet. Ungene hadde lekt og var skitne og ustelte. Eva hadde fått vasket noen, men var ikke ferdig med alle. Da Vårherre kom, gjemte hun de ustelte ungene og viste bare fram de vaskede. Vårherre spurte da om det ikke var flere. Eva nektet at det var flere enn dem hun viste fram. Da sa Vårherre: «De dulde skal vorde hulde», og slik ble de underjordiske til.

Fortellingar i tursekken

12 onsdag mar 2008

Posted by Avil in Norrønt, Nyare historiar

≈ 10 kommentarer

No er det vår, og sola er tilbake. Det betyr at me igjen kan gå ettermiddagsturar. Det er fint med eit mål der ein tar pause, og då forventer ungane mine eventyr. Når me ser ein stor stein dei kan sitte på, gaular dei «eventyrstein!» og set seg godt til rette. Det er greit å kunne nokre fortellingar, som ein kan variere.

Eg tenkte eg skulle dele fleire av desse historiane som passar bra å fortelle born på tur.
Her er ein favoritt dei aldri blir lei av, og eg har fortalt den med mange variasjonar, alt etter korleis det ser ut rundt der me er.

Fortellinga om huldra

Det var ein gong ein mann som var bonde. Han hadde ei kone og to ungar, og ein fin gard med kyr og sauer, og ein hest som var til god hjelp både på åkrane og i skogen.
Ein dag ville han ut i skogen og merke tre som skulle hoggast, og han kyssa kona og ungane farvel, og reid ut aleine. Eit stykke inne i skogen syns han at han kunne høyre ei lite bjølle. Det ringla så lyst og fint, og han steig av hesten og fulgte lyden inn mellom trea. Der fekk han sjå ein flokk bittesmå sauer som gjekk fint på rekke mellom buskane, og den forrerste sauen hadde ei bittelita bjølle som ringla så klårt som ein bekk. Dette var det raraste mannen nokonsinne hadde sett, og han fulgte etter dei kvite, små sauene lenger inn i skogen. Der såg han plutseleg ei hytte, så lita og rar og rund, og sauene gjekk inn den opne døra i hytta, ei etter ei.
Mannen forsøkte å kikke inn i hytta, men det var heilt mørkt. Han la seg ned og ålte seg inn døra, men inne i hytta var det ingen sauer. Det var berre ei trapp som gjekk rett ned.
Mannen begynte forsiktig å gå ned trappa, og det blei mørkare og mørkare, og til sist var det heilt svart rundt han. Trappa fortsatte, og mannen gjekk lenger og lenger ned, og så blei det lysare og lysare. Til sist kom han heilt ned, og der opna det seg fagre, grønne enger og det var lyst som midt på dagen.
Han såg ein gard bortanfor engene, og tenkte dei små sauene kan hende høyrde heime der, så han gjekk over engene og markene til han kom inn i gardstunet. Det var ein vakker gard, med store hus, vakre blomar og alt var så velhaldt og flott at han aldri hadde sett makan.

Han banka på døra på garden, og ut kom ei kvinne. Ho var så vakker at han måtte blunke, med lange fletter og og vakre smykker, og heilt nederst, ved kjolekanten, syns han nesten det såg ut som ho hadde enden på ein kuhale hengande.
– Velkommen til gards, sa ho.

Mannen gløymte i det samme både kona si og ungane og garden der heime, han var som trollbunden av henne, og det einaste han ville var å få vere her på denne garden hos henne.

– Kan eg få arbeide her hos deg, ba han.
– Vil du verkeleg det, spurte ho.
– Ja, det vil eg, meir enn alt anna i heile verda, sa mannen.
– Om du verkeleg vil, så skal du få vere her, sa ho.

Og mannen fekk arbeide, og han fekk sjå kuer så feite og blanke som han aldri hadde sett, og griser så store og runde at han mest ikkje kunne tru det. Alt på garden vaks betre og var finare enn noko han hadde sett før, og blomane dufta så sterkt og vakkert.
Og huldra på garden, ja, det var huldra, gjekk rundt og smilte og skraut av arbeidet han gjorde, og mannen tenkte at han aldri før hadde vore så lukkeleg.

Etter han hadde vore der nokre dagar, kjentes det som om han aldri hadde vore nokon annan stad, men det var likevel som om det var noko han hadde gløymt. Han tenkte og tenkte, men kunne ikkje komme på kva det var.

– Det er som om det er noko eg har gløymt, sa han til huldra.
– Då må du reise, så vil du huske det igjen, svarte ho.
– Men eg vil ikkje reise, sa mannen.
Likevel sa huldra at tida var inne for at han skulle dra, og ho fulgte han over markene og enga, bort til trappa. Han sa farvel med sorg i hjarta, for han ville helst berre vere hos huldra resten av livet.

– Eg kjem tilbake med det samme, når eg har funne ut kva eg har gløymt, sa han.
Huldra berre vinka til han og smilte.
Så klatra han opp trappene. Det var langt opp, og først blei det mørkare og mørkare til det var heilt svart rundt han. Så blei det lysare og lysare, og til slutt kom han opp i den vesle hytta, og ålte seg ut døra.

– Men dette er jo skogen min, tenkte mannen.
Og så plystra han på hesten, men det kom ingen hest.
Så gjekk han heim til garden sin. Og då han kom dit, var alt så annleis. Åkrane var grodd igjen, husa var forfalle, og ingenting var som då han reiste for nokre dagar sidan.
Han sprang bort til huset, og opna døra inn dit. Det var mørkt og skittent der inne, og først trudde han det slett ikkje budde nokon der.

Så fekk han auge på ei gammal, gammal kone som sat inne i hjørna. Ho var så gammal at håret var kvitt og ryggen var krumbøygd, og då ho snakka til han var stemma hennar svak og skjelvande.

– Velkommen til gards, sa ho.
– Kvar er kona mi, sa mannen. – Og kvar er ungane mine?
– Kjenner du meg ikkje igjen, far, sa den gamle kona.

For mens mannen var hos huldra hadde årene gått, og kona hans var død for lenge sidan. Den einaste som var igjen på garden var den vesle dottera hans.

Mannen sprang ut i skogen igjen, men kunne ikkje finne den vesle hytta nokonstad. Det einaste han fann var denne steinen, som de sit på no.

Midtvinter 21 desember

21 fredag des 2007

Posted by Avil in Norrønt, Nyare historiar, Religion - myter, riter, kult

≈ 18 kommentarer

Me er no midt i den gamle julemånaden Ylir, som strekk seg to og ein halv månad kring vintersolhverv. Midtvintersnatt, i natt, er hoggenatta eller haukenatta, og i dag er det midtvintersblot. I dag og i natt hjelper me verdas gode makter å komme gjennom den mørkaste tida. Etter haukenatta held me tre netters jul, og den siste kvelden av julenettene vert framleis halde i hevd av nordmenn flest: Julekvelden.sol.jpg

Guden som mottek gåvene våre i jula, er Odin. Han er dei daudes gud, og fører den store skaren av daude heim. Julebordet sto derfor før i tida dekka julenettene, med tente lys og fyr i peisen, då alle våre daude kjem heim til oss no.
I dag pynter me i staden gravene med eviggrønt, og tenner gravlykter som skinner i to døgn. Våre daude vil gje rikeleg tilbake, dei vil hjelpe oss til god årsvekst og gode avlingar, og eit fredeleg 2008.

Men ikkje alle daude har heimar å komme til, og nokre av dei har ikkje eingong fått ei gravferd. Desse kan herje juleborda våre, komme ubudne og ete opp all maten.
Gå ikkje ut aleine desse nettene, for Odin og dei daude er den ville jakta, og verda er utrygg.frost.jpg

Når julekvelden kjem, har me årets finaste fest, med den beste mat og drikke. Me drikk for to æser og to vaner: Odin og Tor, Frøy og Njord. Og utpå kvelden, når ungane er komme i seng, kjem me til å tenke på året som er gått, det som er gjort og det som er ugjort. Då løfter me våre vinglas til Brageskål, og seier fram våre forsetter for året som kjem.

God jul!

Ting eg lurer på

16 mandag apr 2007

Posted by Avil in Filosofi, Nyare historiar

≈ 16 kommentarer

Kvifor er det liksom slik at dei fire elementa er ild og luft og jord og vatn? Jord er då blandings. Det burde vore stein.

Kan søstre elske kvarandre om dei er vakse opp frå kvarandre? Ville dei brydd seg? Verkeleg?

Er religion verkeleg naudsynt? Det virkar nesten slik, sidan det er så mykje av det. Det er den lettaste måten å skildre ein kultur på. Men den rettaste?

Ville eg døy for kloden? Ville du?

Damstill sjø og huldrelått

01 søndag apr 2007

Posted by Avil in Kimsekken, Nyare historiar

≈ 7 kommentarer

skodde.jpgLaurdag morgon skein sola klår frå høg, blå himmel frå morgonen. Nattvetter og huldrefolk trakk til skogs med hjort og skodde, og rimfrosten låg skimrande ei kort stund medan vanlege folk åt egg og rundstykke og kika ut glaset og tok dagen for gitt.
Så kraup skodda ut or skogen att. Først ein låg dis over jordene, og etterkvart låg skodda tjukk rundt nåvene. Sola vart først bleik og til sist borte, og den kalde, ljose morgonen vart dim og våt.

Eg rusla ned til sjøen. Fuglane tagde i tåka, ikkje eingong måsen lot høyre frå seg. Vatnet låg damstilt i heile fjorden. Ikkje ei krusning. Skodda var lettare ut over sjøen, og frå brygga såg eg korleis bakkeskyen kom som ein blaut vegg frå skogen inne på land.
Eg sette meg ned og såg utover den daude havflate, og kjende den kalde væta mot ryggen.

Då høyrde eg eit kort snøft attom naustet.
Eg stokk, og snudde meg brått for å sjå etter mink.
Kjensla av at det var nokon der kraup på meg. Eg høyrde ikkje fleire snøft eller lydar.
Men då eg var gått eit stykke opp bakkane, på veg opp til huset att, høyrde eg ein kort latter nede frå stranda.

Kan hende det var måsen.

Tigana

12 mandag feb 2007

Posted by Avil in Filosofi, Litteratur, Nyare historiar

≈ 9 kommentarer

Eg er no halvvegs i Guy Gavriel Kays Tigana.
Det hender folk spør kva ein skal med fantasy. Då plar eg anbefale bøker. Eller så får eg trekkje fram eit sitat frå Milan Kunderas Romankunsten (som han sikkert sjølv har høyrd ein annan stad, kan hende ein litt.vitar kan hjelpe med kjelde?) der han seier at «romanen undersøker det bare romanen kan undersøke». Fantasy utforskar det berre romanar kan utforske, i ein sjanger som er særleg eigna til visse undersøkjingar. For i ditt eige liv er moral og etikk sausa inn i kvardagslege gjeremål, plikter, sosiale omsyn (for kva med ungane mine og gjelda og kva vil naboane/svigermor/mamma/mannen min/sjefen seie om eg berre reiste til Afrika for å hjelpe til på eit sjukehus?).
Fantasysjangeren freister fjerne den klamme kvardagshanda om hjarta som gjer det umogeleg for deg å ta modige valg. Og så spør den: Ville du gjort det likevel?

Vidare undersøkjer sjangeren religiøsitet og overtro hos lesaren, ein vert utfordra på så mange plan, slik berre romanar gjer. Ingen fasit, ingen rettleiing, berre ei utviding, ei vandring på vegar du ikkje elles går, ei undersøkjing av det menneskelege.

Skjønar du framleis ikkje kva ein skal med fantasy, når det er så mange bøker om verkelege menneske?
Les Tigana då.

Og for deg som allereie har lese den:

One man sees a riselka
his life forks there.
Two men see a riselka
one of them shall die.
Three men see a riselka
one is blessed, one forks, one shall die.
One woman sees a riselka
her path comes clear to her.
Two women see a riselka
one of them shall bear a child.
Three women see a riselka
one is blessed, one is clear, one shall bear a child.

Trollforteljing

13 lørdag jan 2007

Posted by Avil in Nyare historiar

≈ 5 kommentarer

Det hender faktisk eg går tur med ungane. Om me finn ein skikkeleg svær stein, spring dei bort og set seg på den, for då vert det forteljing. Om du har ungar og ikkje syns du kan nokon god historie til slikt bruk, kan du få ein av meg:

Når ungane sit godt til rette på steinen eller bergnabben, fortel du at før i tida, for lenge, lenge sidan, då det var stortroll på fjellet, budde det ein modig bonde her i nærleiken. Folk som budde her var redde for stortrollet, for trollet brølte og skremde folk, og bonden syns at no fekk det vere nok. Ein morgon, mens det enno var grålysning, stilte bonden seg opp nett her og ropte så høgt han kunne:
– Hei, du troll som trur du er så svær! Her skal du få sjå kuer som er feitare enn dine!
Trollet meinte sjølv at kuene hans var dei feitaste i landet, så han blei sur og fornærma.
– Kva seier du, vesle bonde, brølte trollet attende.
– Eg seier at kuene mine er feitare enn dine og markene mine grønare og garden min er større!
Trollet brølte!
Bonden ropte så høgt han berre kunne: Så berre kom du om du tør!
Trollet oppe på fjellet steig nedetter og kom nærare og nærare. Bakken rista, og trær velta, og bonden sprang rett bort der borte og gøymde seg.
Då trollet kom akkurat hit, skein plutseleg dei første solstrålene frå aust for det var morgon. Sollyset traff trollet når han sto nett her, og han blei til stein!

Og den steinen er det dåke sit på no!

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juli 2022
M T O T F L S
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
« sep    

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen