• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Ut på tur

Movember og nynorsk fantasy til trønderfolket

04 søndag nov 2012

Posted by Avil in Ut blant folk, Ut på tur

≈ 3 kommentarer

Stikkord

hjorth, lokal tv, solveig aareskjold, vikingar

Det har vore mykje farting i det siste, og slikt er jo kjekt. Eg har fått møte eit par heltar også, vore på lokal-tv (62 minutt uti der) med Solveig Aareskjold (og på kafe, herregud eg kunne snakka med den dama i dagevis i trekk, ho er eit vandrande sagaleksikon og tenker så fint, løp og kjøp Valkyrjesong, folkens!), og fått Vigdis Hjorth til å le (ikkje så vanskeleg, ho har i grunnen lett for å le, og lo godt av universitetsblødmene mine).

No er det siste innspurt før eg faktisk GIR MEG med all denne reisinga.

I dag pakkar eg trillekofferten for å dra til Stjørdal, noko som passar fint i Movember. Eg gror ikkje bart, det blir berre pinleg og ikkje spor maskulint, og ingen kjem til å få mindre prostatakreft av at eg har fjoner på overleppa. Men eg drar altså til barteland, og der har eg aldri lese opp for nokon før.

I morgon, mandag, kan du treffe meg på den nye bokhandelen Bookstars i Trondheim klokka sånn cirka 16.30 og ein liten time fram. Eg vil gjerne møte folk, drøse litt over ein kopp kaffi og eventuelt signere nokre bøker om de vil. Eg veit det er NaNoWriMo-skribentar i Trondheim, og andre aspirerande forfattarar (i tillegg til alle dei etablerte og kjente og fantastiske forfattarane), og eg vil gjerne møte dykk. Kom, kom!

På kvelden i morgon skal eg fortelje og lese opp frå Song for Eirabu på biblioteket i Stjørdal klokka sju.
Heilt gratis, så kom, kom der også!
Torsdag og fredag finn du meg på den splitter nye litteraturfestivalen på Os, og der skal eg og den galne mullahen Kristian Bjørkelo underhalde osingane med fantasy og vikingar og alt slikt som er tøft og gøy!
Kom, kom!

Seinsommarlukke og matauk

27 mandag aug 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Mat, Ut på tur, Vere mor

≈ 3 kommentarer

Stikkord

fisking

Song for Eirabu, bok 2, Vargtid kom ut i juni, og eg har derfor hatt ferie. Slik ikkjeforfattarferie, med heilt fri og ut på tur og andres bøker i kofferten. Dessutan har eg vore utan mobiltelefon, så om vener eller presse har ønska kontakt, har dei stort sett ikkje fått det. Og jada, klart det har vore merkeleg, men fint likevel.

Me driv med matauk heime hos oss. Heile sommaren er prega av matauk.

Sjøen har vore raus i sommar, me har trukke opp bøttevis med pir, torsk og annan fisk. Eg har derfor, endeleg, lært meg å filetere fisk. Beinfrie filetar gjer fiskemiddagane ufatteleg mykje meir populære.

Ungane er blitt store nok til å halde ut dei laaange minutta då ingenting bit, og har forstått konseptet med fisking: Det er både keisamt og spanande, og får ein først fisk blir ein så ivrig og lukkeleg at ein kan halde ut i timesvis.

Laurdag var eg ute aleine nokre timar, i den blå Askeladden. Det var flo, blikkstille sjø, og regndropane fall kring båten med lyden av bit. Tre fine torsk, og middag til alle.

Kjøkenhagen har eg ingenting med å gjere, det er Anders som dyrker Noreg. Gulrøter, pastinakk, squash, sukkererter, kål, salat, krydder av alle slag, poteter, sylteagurkar, tomater, mais. At sola stort sett gøymde seg og regnet silte sommaren gjennom, har ikkje stansa knollar og stengler, men nattefrosten må gjerne vente om mais og tomater skal modnast.


Me har plukka bær, sylta og bakt. Ungane er fantastiske bærplukkarar, og å ta med ein unge på bærplukking er ein utmerkt måte å få vite ALT som opptek dei. Praten går så fint mens ein står der og fingrar med kvar sitt bærkratt i skogen. Og kjappe, små fingrar reinskar bær betre og raskare enn me vaksne kan drøyme om.

Kan hende er forfattarlivet fint, men mammalivet er finare.

Ti dagar og ein drøss med flyturar

22 søndag apr 2012

Posted by Avil in Skriveprosess, Ut blant folk, Ut i Europa, Ut på tur

≈ 9 kommentarer

Stikkord

arbeid, rart

Ti dagars manusarbeid att. Det er heilt sjukt. Eg sit med språkvasken no, og det er ikkje så frykteleg mykje igjen. Deadline om 9 dagar. Og så er det korrekturen seinare. Det er rart med det, etter 6 år er Eirabu snart til endes for mitt vedkomande,. Eg er så spent på om dei som likte førsteboka vil elske andreboka, og eg håpar sjølvsagt at anmeldarane skal bli glade, og at VG skal gi meg ein femmar og sånn.

Det er ikkje så mange som har lese. Redaktør og ektefelle og forfattarvenninne og konsulent.
Kanskje me er blitt fartsblinde, kanskje eg ikkje klarte alt det eg ville. Men eg klarte dette

«Imponerende verk, rett og slett. Språkvaskeren gråt underveis.»

Og så, då. Kva skjer etter eit intenst arbeid som er så krevjande og oppslukande at ungane mine har lært å lage middag sjølv?
Då er det ut i verda.
Eg skal til Berlin først, og besøke ei veninne eg er så glad i. Ho var den einaste av venene mine som besøkte meg i Danmark dei 7 åra eg budde der, og no vil eg sjå korleis ho har det i utlendigheit sjølv. Eg gleder meg veldig.
Så er det Lillehammer litteraturfestival, der eg er invitert til å både lese frå boka, og til å skrive ein pengetekst å lese opp. Begge delar 1 juni, så det blir den skumlaste og finaste dagen på festivalen for meg, men eg kjem til å vere der frå onsdag til søndag, møte masse folk, høyre mange forfattarar, drikke masse vin og kose meg ein bonk.
Men me gir oss ikkje der. Ei veke i Spania med ungane, berre eg og mor mi og dei finaste ungane i verda, stranda og himmelen og sola og alt som er godt her i livet.
Og SÅ, veit du, SÅ er det lanseringsfest i Oslo. 20 juni. Ferdig bok i neven og rart og lukkeleg og sikkert litt på grinen.
Og DÅ er det sommarferie.

Elsk.

Arkitekturens grænser III-IV

21 onsdag sep 2011

Posted by Avil in Biletkunst, Fint og flott, Skulptur/arkitektur, Ut i Europa, Ut på tur

≈ 6 kommentarer

Louisianas utstilling Arkitekturens grænser III-IV baud på kunstnarar/arkitektars utforsking av arkitektur, med treet som inspirasjonskjelde.

Plastboksar med tre inni

Organisk skyskrapar

Organiske former i bolig (inklusiv tre)

Noko som er så organisk og treinspirert at det sikkert ikkje er arkitektur

Endå ein svært organisk skyskrapar, men eg likte den best på sida

Ein million stuidoleiligheiter i ein betydeleg mindre organisk/treaktig kjempebygning

Første hus - Liva på Børnehusets verkstad

Andre hus - friare tilhøve til form og funksjon utover dagen

Biletkunst viser rom/bolig

(eit bilete det var vanskeleg å få sjå i sin heilskap, då det heile tida sto diverse menn og nærgranska det)

Min favoritt: Eit stupebrett ut gjennom vindauga

Kanskje elska eg installasjonen aller mest fordi eg fekk så lyst til å trasse forbodet

Ein perfekt dag

01 søndag jun 2008

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Ut på tur

≈ 7 kommentarer

Det har det vore. Klokka ti blei eg og ungane henta i båthamna av bror min, og så krusa me over fjorden til sommarhuset. Klokka åtte i kveld satte han oss av i båthamna igjen.

Highlights:

Ei fiskeørn sirkla over øya. Drit i om du har sett slike på tv. Du har sikkert sett dragar og orkar og spiderman på tv også. Ei fiskeørn som sirklar i store bogar, tek nokre slag med vingene og stig, for å sirkle igjen. Rett foran augene på meg. Det var magisk. Som svigerinna mi sa: Den er så stor at du føler den vil noko.

Me bada nakne. Ein etter ein sneik dei vaksne seg ned badetrappa og gleid ned i vatnet. Eg er ein frysepinn og badepyse, men dette var berre fint. På tide å sitere bror min: Det var reboot.

Ungane leika i stranda, fann krabber og bada. Glade born som berre treng tilsyn frå avstand, mens sola steiker på vaksne bikinikroppar. Kjekke born som det er hyggeleg å tusle bort til og oppdage strandreker og stikke fingeren i anemonar saman med.

Grilla fisk i pesto.

Turen over fjorden heim. Eg og fireåringen sat framme i daycruiseren, og betre kan det ikkje bli. Blå kvelving over, glitrande flate kring deg, og bølgane frå danskebåten midtvegs.

Ikkje nokon video. Berre Lou som syng om å vere glade saman.

Festivaldyret er hjemvendt

31 lørdag mai 2008

Posted by Avil in Litteratur, Ut på tur

≈ 11 kommentarer

Då var Lillehammer Litteraturfestival allereie over for meg. Halvanna døgn var mi tilmålte festivaltid, men eg rakk no å bli ganske integrert i festivalflokken.

Først: Meg sjølv.

Eg skulle lese utdrag frå boka mi og «presentere prosjektet» som forleggaren sa. På engelsk, sidan seminaret var arrangert for å presentere norske bøker for utanlandske forleggarar. Og eg var først ut og kunne dermed halde meg utelukkande til gjettverk om korleis ein gjer slikt.

Det gjekk både bra og dårleg.

Dårleg først: Eg kan vere ganske morsom og underhaldande. Men eg var ikkje det. Eg var tørr og keisam og las opp nokre ganske lite spenstige utdrag frå boka, heilt utan dramatikk. Eg var nervøs, og las pent og pynteleg opp frå manuset, og introduksjonen var altfor lang, akademisk og lite underhaldande.

Etterpå kom Tiger Garté og snakka utvungent om puling og burning, Nikolaj Frobenius snakka proft og begeistra om ei openbert spanande og intelligent skrive bok, Ross Kolby sto med begge beina trygt planta rett foran publikum og var så pen at ingen høyrte kva han sa, Linde Hagerup var morosam og sjarmerande og las ein alvorleg tekst som fekk alle til å humre, Nils Henrik Smith las utdrag frå ei bok som var like opplagt spanande og intelligent skrive som Frobenius sin, og til sist kom Edvard Hoem og fortalte historia om foreldra sine, og han var så flink og historia var så fin og sår at eg gråt.

Med andre ord var alle betre enn meg, og eg skjønte at «oisann, dette skulle eg verkeleg ha gjort heilt annleis». Etterpå var det mingling, eller eigentleg lunsj då, og dei utanlandske forleggarane gjekk litt ikring og prata med andre enn meg.

Så det som var bra: Eg gjennomførte, overlevde og lærte mykje. Eg gjorde akkurat det eg hadde planlagt, og at planen var heilt feil visste eg jo ikkje før etterpå. Neste gong eg skal «presentere prosjektet mitt» så skal eg i alle fall ikkje «presentere prosjektet mitt», men gje lyttarane ei oppleving.

Eg var nøgd. Håpar det ikkje er siste gong eg skal lese opp, for eg er ikkje avskrekka, berre heilt klar på kva eg skal gjere annleis.

Så: Festivalen.

Det var sol og varmt. Det var kvitvin til salgs på nesten alle foredraga og opplesingane og intervjua. Eg fann fort to erfarne og festlege damer (denne damen og denne damen), og hang saman med dei under resten av opphaldet. Dei bladde festivalvant i programmet og viste veg.

Det blei først mat og ein del vin, og eg fann ut at eg var godt pussa under debatten «Fremtidens menneske», der eg heile tida fekk lyst til å kommentere alt frå Jon Bing, biolog Dag O. Hessen (eg trur det var han som var der) og Nina Kristiansen (redaktør for forskning.no). Det var ein prost der også, stakkar. Men eg hadde sjølvinnsikt nok til å ikkje rope begeistra ut, sjølv om dei snakka om musekjøtdeig på Ås og andre fine ting.

Me forlot ergerleg nok Bing og panelet før dei var ferdige, for å lytte til ei unyansert lovprising av Doris Lessing. Der var det ikkje eingong vin. Etterpå var selskapet tørste av skuffelse, og gjekk på ein nesten forlatt hagefest. Det var i grunnen ingen dum ide, sjølv om festen var litt daff, for sola skein, graset var grønt og lufta var fri for alle. Dessutan fann me denne damen, som blei med oss vidare på quiz.

Litteraturquiz på litteraturfestival med alle dei litteræraste folka er latterleg vanskeleg. Dei andre på laget gjorde ein heiderleg innsats, det skal dei ha. Men me gadd ikkje levere. Eg har eit overutvikla konkurranseinstinkt og jobba hardt mentalt med å late som om eg ikkje deltok i ein konkurranse (langt mindre at eg tapte på å gje meg). Meir vin.

Margareth Atwood i Parken, fysisk i Toronto, men virtuelt tilstades og på storskjerm klypt saman med bilete av Dagblad-journalisten som intervjua henne. Me var litt nedlatande overfor denslags billege triks før me kom, men takka vere Atwood som ser ut som ei overjordisk dronning, cortex og sikkert også all vinen, blei eg veldig rørt og glad og syns det heile var magisk.

Dessutan var det ekte Storm-Troopers der. Heilt ekte klonesoldatar. Eg tok på dei ved kvar anledning og sukka henrykt. Dei var sikkert litt lei av meg. Men dei var dei aller, aller finaste. Dessutan måtte dei drikke brus med sugerør på grunn av hjelmane. Kan du tenke deg noko så fint.

Og så var torsdag 29.mai over.

*lukkesukk*

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juli 2022
M T O T F L S
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...