Omg. Det er ingenting eg kan skrive som vil gjere dette landet rettferd. Sagaøya som steig opp frå havet, blei erodert, vulkanisert og landnåmisert. Etter to vekers kronisk «oh! the scenery! stopp bilen!» er det vel på tide å dele litt glede.
Harde fakta:
- Me reiste med Icelandair. Kjøpte dei billegaste billettane me fann frå 15-29 juli.
- Me køyrde leigebil frå SS Car Rental. Vanleg stasjonsvogn, ikkje noko firhjulsgreier.
- Me køyrde rundt øya. Rett og slett på Ring 1. Heile vegen rundt. Med avstikkarar.
- Me hadde bestilt nokre overnattingar på førehand, og så hadde me telt.
- Me = to vaksne og to born på 9 og 12.

Monsterbuss der intet normalt menneske vil køyre
Og det vil eg påstå: Sommarsdagen treng du ikkje ein helsikes suv eller 4W eller monstertruck, om det er første gong du er på Island. Du kjem fram til alle dei vanlege turistgreiene utan.
Her kjem det aller viktigaste tipset me fekk på førehand:
Hemmeligheten med Island er: Det er ingen hemmelighet. Berre gjer det same som alle dei andre turistane.
I tillegg vil eg tilføye: Om du har sovepose med og drit i komfort, kan du faktisk finne små, billege hytter overalt på dagen. Booking.com er fine greier, men du blir jo litt spooked, når alt er fullbooka. I røynda er det alltid mogleg å finne noko.
Ja: Og dei der guidebøkene. Around Iceland 2013 og Roadmap Iceland og alt det der. Dei inneheld informasjon du vil ha, så du må bli venner med dei. Sjølv om det er det ellevilt dårleg presentert, etter det mest ulogiske og absurde systemet.
Men altså. Berre gjer som alle andre, og ha nok lagringsplass på kameraet.

Lavastein, vulkaner, mose og himmel. Overalt.
Litt sånn praktisk:
Først: Leigebil som du henter på flyplassen Keflavik. Fungerer brillefint.
Men flyet lander ganske seint, så du kan likegodt overnatte på Alex til neste morgon og spare ein dag på leigebilen. Det er rett i nærleiken, og dei leverte berre bilen der i staden, då me ringte.
Så: Den blå lagune. Ligg så tett på Keflavik at den tar du først. Før Reykjavik. Dei har handklede og shampo og balsam. Du kjem til å trenge balsamen.
Jada, masse turistar. Men veit du, det gjer ingenting. Når du badar i underleg blått vatn mellom skarpe, svarte klipper, og ein gjenferdsaktig skugge ligg mellom deg og dei andre og himmelen, og alle beveger seg zenaktig langsamt og alle smil er rare, då blir det fint likevel. Eg tenkte at eg var saman med japanarar og italienarar i berre trusa, og me var alle magiske.
Me køyrde berre rett forbi Reykjavik etterpå. Hei, hei, fine by, me snakkes om to veker.
Rett til the Golden Circle.
Som er Thingvellir (hugs: ll uttales dl. Det betyr at Eyafjellajøkull uttales Eyafjedlajøkudl. Det blir det berre BETRE av) + Geysir + Gullfoss (ja: Gudlfoss).
Berre å gi seg over. Naturen er tivoli.
Geysir er litt sånn merkeleg skuff og gøy samstundes, for det sprutar jo masse damp og vatn opp, men den største har liksom utbrot to ganger i døgnet og så blir du ståande som ein tosk og håpe ei stund før du gir deg. Og så er det mykje folk, då.

Gullfoss er flott.

Og Thingvellir er vel kva ein gjer det til. Før samla alle som var noko på Island seg her, for å bestemme saman, og ha marknad og liv og røre. No er det staden der all myggen samlast. Fytti. Me gjekk tur veldig fort, og så tok me bilder av ender og av kyrkje og av gjess. Og så var det strengt forbode å gå utanfor stien, men om ein må veldig tisse kan ein like godt gjere det bak ein særleg interessant ruin.

Me budde to netter ved Laugarvatn, i Golden Circle appartements. Bra standard, mykje meir enn me hadde bruk for. Der var det også eit spa, og det var dyrt så me ga faen.
Tips: Jada, det er spa og sånn. Men veit du: Kvar helsikes mikroskopiske by har sitt eige offentlege badeanlegg, med utandørs basseng med 30 graders vatn, og ofte nokre heitu pottir også, der du kan simre på middels varme. Billeg og greit, men då må du ha handklede sjølv. Noko du har, fordi du har lese Douglas Adams.
Etter Golden Circle drog med til nasjonalparken Thorsmork.
Dit kjem du berre med særlege monsterbilen, for Eyafjelljøkull smelta ein halv isbre, som fløymde ut over ein heil dal, og no er det berre grus og monstertruckvegar att. Men det har visst aldri vore heilt kosher å køyre der, for alt smeltevatnet fucker årleg opp vegane uansett.
For å komme dit drar du til Seljalandsfoss og der er det ein parkeringsplass, og så kjem det buss og henter deg. Og Seljalandsfoss er kanon, for den kan du gå bak og bli kliss våt og høyre på brølet av vatnet og bli lukkeleg, mens du venter på monsterbussen.

Thorsmork er crazy vakkert. Særleg fordi Eyafjelljøkull. Ærleg talt: Så tøft.

Så køyrde me counterclockwise vidare rundt øya.
Som betyr at ein køyrer forbi hundrevis av svaner, og små, rare byar. Og rasteplasser med ein benk og verdas vakraste utsikt. Og elvar med små isfjell som driv inn med straumen, der det openbert er så mykje fisk at ternene held gilde.

Me tok nokre lange strekk då. Frå Kirkjubærklaustur via Skaftafell (gå på svart isbre!) til Eigilsstad. Overnatte på campingplass i overraskande 24 grader.
Me ville sjå Dettifoss på veg opp til Myvatn i nord, men gjorde turens einaste skikkelege feil. Stolte på GPS-en utan å sjekke Roadmap. GPS-en geleida oss på austsida av elva, på ein humpete veg som kosta oss mykje ergrelse, særleg då me oppdaga at vegen på vestsida var god og utsikten til fossen betre. Jaja.

Fossen var så schwæææer at det var kaldt og kronisk vind takka vere det enorme trekket i vatnet. Vel verdt, sjølv om ein blir litt blasert på fossefall på Island.
Målet med å dra RUNDT Island, og ikkje berre til turistattraksjonane i sør, var dels Dimmu Borgir, som er eit lavalandskap ein kan gå tur i, og kvalsafari i nord, som visstnok har høgare suksessrate på å sjå kval.
Mange skraut veldig av Dimmu Borgir på førehand, eg syns det var litt oppskrytt, men sjølvsagt vakkert og sånn.

Alvekyrkja i Dimmu Borgir
Me var også på Myvatn Nature Bath, eit slags nordleg Blue Lagoon, og det var jo fint. Men litt mindre nice modern arkitektur og slick turistopplegg. Sidan det er nordpå.
Det magiske med kvalsafari er litt vanskeleg å vise på bilete, for det blir jo ikkje like spektakulært som det du har sett på tv. Men å vere der er så fint. Delfinar som sym og hoppar kring båten, kapteinen som står på ripa og drikk kaffi, kvalane som syner seg i horisonten, og som til sist dykkar ti meter frå båten.
Og islendingar kan det der med tur: På vegen heim er det pledd, kakao og kake ombord.

Godafoss, der Thorstein Lovseiar heiv Odin på fossen, gitt.
På veg attende til Reykjavik, etter Akureyri, hadde me få planar, anna enn at eg ville bade føtene i Snorres badekar i Reykholt.
Men fordi det finnes reiseguider (uansett kor latterleg upedagogiske), og slike blå vegskilt med krummelurer som fortel at her er det noko å sjå, så fekk me jo ein fin tur sørover.

Kvitserk

Dritvik

Lavagrotte
Me køyrde fortare og meir enn planlagt, så det blei eit par dagar på halvøya der vulkanen/isbreen Snæfell ligg. Du veit, der Jules Vernes «en reise til jordens indre» starter. Og herregud, altså,. Det var berre oh the scenery heile vegen til topps.

Når det kjem til kva eg gjorde i Snorres badekar og i Reykjavik, får det vere privat.
Om Island er det berre ein til å seie: Oh, the scenery! Ja, og ein ting til: Reis dit.