• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Merkearkiver: driv

Feministisk halvfabrikata

04 tirsdag sep 2012

Posted by Avil in Mat

≈ 11 kommentarer

Stikkord

bjelland, driv, frukt, noreg

Eg elskar å bake. Eg blir lukkeleg av det. Gjærbakst kan drøye i dagevis med kaldheving, og kakene mine kan ta heilt av i «snedig-oppskrift-frå-internett-og-pynta-til-karneval».

Ektefellen dyrkar Noreg, han har kjøkenhage både bak huset og framfor sommarhuset, og frå mai til langt ut på hausten driv med matauk i stor stil.

Bursdagskake med kjøtetande planter. Frå botnen av.

Me plukkar bær og frukt, og syltar eigne agurkar og gresskar, og kokar fond på søndagens økologiske and.

Det vellukka vaksenlivet er tufta på lengsla om noko ekte, reint og sunt. Me er heilt vanleg akademisk middelklasse. Alle me kjenner lagar mat frå botnen. Dei involverer borna i baking og sylting, dei fiskar og nokre går på jakt.

Innimellom ser me Bonderøven, og drøymer om eit liv der me er heilt sjølvforsynte, med åker og hønsehus, jordkjellar full av poteter og gulrøter stabla i mosekasser. Linklede og langhus, pleier me å le litt av, men eit skinn av denne draumen manifesterer seg i kvardagen: Me bruker ufatteleg mykje tid på matauk, saman og med borna, og på å lage mat frå botnen, som det heiter (sjølv om botnen synes bunnlaus når ein skal dyrke neste års avling på fjorårets frø frå eigen hage).

Me prioriterer våre eigne, private liv. Slik me også trener kroppane våre, les for borna våre, les lange romanar sjølv. Lagar julepynt av ting me har funne i skogen saman med ungane. Me, og ressurssterke folk flest.

Eg voks ikkje opp med langtidsheva surdeigsbrød i keramikkskål med linklede på kjøkenbenken. Dette er ikkje nostalgi.

Foreldra mine var feministar. Dei brukte tida si på politikk, organisasjonar og lagverksemd. Dei demonstrerte mot atomvåpen og apartheid. Dei ville endra verda, og gjorde noko, ute i henne. Samstundes med at dei hadde hus, born og jobb.

Eg voks opp med fiskeboller frå Bjelland, saus frå Toro, og favorittmiddagen min var Maxiboller.

Bilete frå bloggen «Ektepar», der bloggaren skildrar korleis Eyvind Hellstrøm har vist dei kor ekkelt det er med Maxiboller (http://www.ektepar.com/maxboller-en-epoke-er-over/)

Foreldra mine kunne sjølvsagt brune mjøl og koke kraft, men dei valgte å ikkje gjere det til kvardags. Dei valgte å bruke tida si på ut-av-huset-retta verksemd, på lokalsamfunn og på ideologi. Dei tilhøyrer generasjonen som forkasta mat frå botnen. Generasjonen som forkasta «du skal ikkje trø på graset» og seksualangst og patriarki. Dei forkasta veldig mykje av det autoritære åket me i dag slepp å tenke på, frå mektige mørkemenn og klassesamfunnets apatiske mistru til at noko kan endrast. Me er glade for den verda dei etterlot oss.

Men me er ikkje så glade i posesausen deira, den ferdigkjøpte pynten, dei ikkje-så-fine heimane, dei praktiske skoene, kulturkroppane.

Det er berre at tidsrekneskapen er ganske enkel:

Døgnet har 24 timar. Veka har sju dagar.
Eit menneske orkar berre så mykje. Det gjeld også meg. Og deg.

Foreldra mine prioriterte omverda. Eg og ektefellen prioriterer kjøkenhagen, surdeigen, soppturane og makrellfisket.

Foreldra mine effektiviserte husarbeid og matlaging for å ha tid og overskot til andre enn seg sjølv og sine eigne ungar.
Me drøyer matlaginga ut i det absurd langtekkelege, fordi det gjer oss lukkelege.

Kan hende ligg det likevel mykje god feminisme, og mykje godt intellektuelt og idealistisk arbeid i ein pose frå Toro.
Kan hende er det på tide å løfte blikket frå soppkorga og sjå om det er noko som skal gjerast i resten av samfunnet.

Sjølvgode, sjølvsentrerte og lite samfunnsnyttige julebrød. Frå botnen.

Oppdrag skal henrulle

02 søndag sep 2012

Posted by Avil in Kontornytt, Skriveprosess, Ut blant folk

≈ 3 kommentarer

Stikkord

driv, kva, noko, prate, timar

Det har jo ikkje vore overveldande mange oppdrag, sånn forfattargreier med opplesingar og foredrag og skulebesøk og slikt, desse åra. Eg har kanskje tenkt at det var like greitt, eigentleg, sidan det å skrive bøker ikkje let seg kombinere så godt med å skrive opplesingstekstar, reise med fly eller sitte på hotellrom og øve på det ein skal lese.
Men samstundes har eg sjølvsagt tenkt at det høyrer med til å vere forfattar, å komme seg ut blant folk og gjere bøkene sine kjent. Og så får ein betalt. Slikt skal ein ikkje kimse ad.

Denne seinsommaren og hausten har det blitt meir enn vanleg. Og eg er openbert ute av stand til å skrive ein opplesingstekst, tenke at «den var jo god» og så legge den til sides og skrive ei ny bok. Eg tenker «den må bli betre», og det tenker eg heilt til eg les den opp. Og rett etterpå er det ein ny tekst som ligg og lurar.

No for tida har eg to tekstar eg ikkje er ferdig med, og som luskar i hjernen min som slike gjester som kjem fleire timar for tidleg, mens ein står midt i matlaginga, og som ikkje har vit til å sette seg med eit glas vin og berre prate og underhalde, men som insisterar på å gjere seg «usynlege», lure seg «stille» rundt i huset, snoke i hyller og skuffer og gi meg hovudverk, fordi eg ikkje veit kva dei driv med, ikkje trur på at dei har det fint, og ikkje har kontroll over noko som helst.

Den mest presserande teksten er til Oslo bokfestival, der det framleis ikkje er avklart om eg skal på det eine eller andre arrangementet med nyskrivne tekstar (det som ligg fast, Saras telt på søndagen, er jo slikt som eg ikkje eingong kan førebu meg til, for det skal vere «samtale» og eg veit ikkje kva eg blir spurt om eller kva temaer er). Ein ganske slitsam hjernegjest, altså.

Lillehammer 2012

Den ikkje fullt så presserande, men snart ganske påtrengjande teksten er til Kapittelfestivalen i Stavanger. Eg har gjort mange notat, skrive nokre sider, laga hjernekart og slikt. Der har eg nemleg eit tema: Arr. Som i og for seg er eit fint tema. Berre at ein røys med andre folk også skal snakke om arr på den festivalen, og eg må gjere noko som er bra, morsomt helst, og ikkje kliss likt det andre har gjort før meg. Dessutan skal eg framføre teksten fredag kveld ved eit arrangement der Frode Grytten skal lese. Frode Grytten! Han er alltid smart og morsom og avdempa og proff og gjer ein god figur. Eg vil ikkje ha sånne stive fjes og spreidt medynkapplaus. Uwæææ.

Så her sit eg og kan ikkje anna. To hjernegjester som snik seg rundt i andre rom enn eg er, med slike nesten lydlause skritt som gir meg angst.

Resten av hausten fortsett på same måte. Berre så det er sagt. Eg skal til Haugesund og Os, og kanskje Ryfylke og Stjørdal, og eg er verken proff, effektiv eller avslappa. Men det kan jo hende eg blir, ein gong, ute i framtida. Hoho. Særleg.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juli 2022
M T O T F L S
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...