• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Merkearkiver: nanowrimo

Dusterosiner

28 onsdag nov 2012

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 21 kommentarer

Stikkord

bursdag, facebook, kroppen min, nanowrimo

I går kom eg i skade for å kjøpe eit dameblad. Tara julenummer, for der var det ein haug med oppskrifter på danske julekaker som såg veeeeldig gode ut.
Og så skulle eg ha damer på besøk, og då er kaker frå dameblad sikkert det beste.

Eg bakte dansk krydderkake, med dei Beste Ingrediensane eg kunne få for pengar. Mellom anna nokre luksuriøse rosiner.

Det viste seg, då damene skulle ete kaka, at rosinene var fulle av druesteinar.

Alt skal vere så jævla øko, om det skal vere bra, liksom. Stein i rosinene. For eit tilbakeslag. Eg har merka meg enormt mykje steinar i klementinene i år også. Kanskje dei er i ferd med å snikattinnføre mandariner. Kan hende er dei begynt å selje økologiske varer utan å merke dei, berre for å lure oss til å betale ekstra for å få jord på gulrøtene.

Eg har så store i-landsproblemer atte jelp.

Ja, eg har forresten sletta meg frå facebook, sikkert berre midlertidig, sidan eg er ei svak sjel. Men det kjentes godt, etter å ha blitt hetsa for å vere zionist og skulda for å vere for drap på palestinske born, etter å ha forsøkt å uttrykke meg nyansert.

Og NaNoWriMo gjekk som vanleg åt skogen, sidan eg prokrastinerte meg gjennom det meste av november. Ikkje klarte eg å anlegge bart heller, men det visste eg jo på førehand.

Kjøkenet er berre sånn halvvegs oppussa, og slikt kan eg gå i i-landskrise over, sidan eg no har tenkt å vie kroppen min til julebakst ein månad til endes.

Det einaste gode eg har å seie om verda er at det er blitt skikkeleg billeg å kjøpe DVD-ar. Som betyr at mens alle andre sit og nettflixar og nedlastar seg til havregraut og tigersmør, skal eg og jentungen sjå alle dei beste romantiske komediane (mens me et mandariner og spytter stein).

No kom eg plutseleg på at det kanskje vil kjennes stussleg å ha bursdag utan å vere på facebook, sidan ingen andre enn den næraste familien vil gratulere meg med dagen. På den andre sida har eg lagt på meg endå to kg, og er inne i ein fase der eg trener og går tur og føler meg feit og gammal, så ein bursdag i all stille er kanskje det beste, så eg ikkje blir ramma av livslede.

Nevnte eg at eg er blitt medlem av den norske forfattarforeininga? Men at eg ikkje kunne reise på introduksjonsmøte for nye medlemmar, fordi eg skulle på julebord med ektefellens jobb? Og dermed ikkje var i Oslo den helga, og derfor heller ikkje kunne komme på møte i den første gutteklubben eg er blitt invitert inn i?

Eg tar i mot klemmar og hjarter i kommentarfeltet. Dersom eg ikkje får nokon, må eg nok slette bloggen også. Noko som sikkert vil vere bra for meg. Eg har trass alt viktigare ting å foreta meg, som å plukke stein ut av rosinene.

Dynamisk latskap og kaos

31 onsdag okt 2012

Posted by Avil in Kontornytt, Skriveprosess

≈ 3 kommentarer

Stikkord

nanowrimo

Oppussing heime, internett som ikkje virkar på jobb, ganske mykje 3G og høge telefonrekningar, skuleturne og opplesingar her og der. Seier seg vel sjølv at bloggen ikkje blir oppdatert og at skriving av ny roman ikkje nett går på fram.

Men skit på det, eg seier som eg plar kvar einaste siste oktoberdag: NaNoWriMo og i år, vettu!

Tidensjefen har sett blikket i meg, han er ein av desse menneska som evnar begeistring og samstundes kan vere streng mens han heier på folk: «Du må slippe kontrollen!» har han sagt.

Du anar ikkje kor mange gonger eg har tenkt (og sagt) dei siste åra: «Neste gong eg skriv roman skal eg ha STÅLKONTROLL før eg begynner, eg skal ha skrive ned skisser til kvart einaste kapittel (setning variert med diverse banneord, alt etter humør)»

Men sidan dei siste seks månadane ikkje har ført til ein detaljert romanskisse, kan eg unne meg ein månads kaotisk og intuitiv skriving, eller kva faen det heiter. Skrive i veg, i alle fall. Utan å vite nøyaktig kva som skal skje, utan synopsis eingong.

Og finte ut latskapet som melder seg når det buttar. Trongen til å surfe litt på telefonen, spele wordfeud og sjekke facebook og vaske badet og ta ein cowboystrekk på sofaen.

Må vere ein viss dynamikk mellom kvile og aktivitet, som ein seier. Dersom alternativet til latskap er kaos, så får eg tåle det. Ei lita stund, berre, før kontrollbehovet veks seg mannshøgt og breidt igjen.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juli 2022
M T O T F L S
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen