Heisann, bloggfolka!

Eg er i innspurten med manus, og har snart fullført mitt første fantasyverk. Og mykje tyder på at det blir det siste.
Det har vore slitsamt, gøy, spanande, enormt lærerikt og krevd ufatteleg mykje jobb. Seks års arbeid er snart til endes, og Song for Eirabu, Vargtid, bok 2 står ferdig i bokhandelen i juni, ser det ut til.

Men trass i svært gode kritikkar, og veldig fine og begeistra lesartilbakemeldingar, så må eg nok sjå i auga at boksalget viser at boka ikkje hadde livets rett. Opplaget på Song for Eirabu, bok 2, er satt til 1500 bøker, og når biblioteket får sine 1000 og dei 2-300 gratiseksemplara er delt ut til media, er ambisjonen altså omlag 200 solgte bøker. Det er rett og slett ein kommersiell og økonomisk fiasko av dimensjonar. Eg har feila, eg fekk ikkje til å skrive ein fantasybok for vaksne som kom ut til eit publikum.
Det er tøft å innsjå, og det er ei trist kjensle å ha med seg inn i ein sluttspurt som krever fleire månader med 14 timars jobbing i døgnet sju dagar i veka.

Det er både ei sorg og ein fridom i å bli ferdig med dette monstrøse prosjektet, og eg må innrømme at eg har hatt nokre tunge dagar etter eg fekk kontrakten frå forlaget som viste svart på kvitt kor låge ambisjonane er for denne boka.
Når eg utpå våren eingong sender frå meg manuset for siste gong, må og skal eg legge fantasyen bak meg, og finne ein måte å overleve som forfattar på.
Akkurat no står jo alt ope, eg kan gjere kva eg vil. Eg kan til og med slutte å skrive.

Lyspunktet får vere at det finnes dei som satte pris på boka, og at eg i alle fall har gjort mitt yttarste for å bidra til ein sjanger som heilt klart har for få gode norske bøker.

Takk for oppmuntande tilbakemeldingar og heiarop, det har vore fint å ha dykk her.

Klem frå Kristine.