Har du barnehagebarn? Då kjenner du nok omgrepet overgangssituasjon. Det er eit ord pedagogar brukar for å seie noko om at ein skiftar aktivitet. Frå å leike til å skulle ete ved bordet, frå å vere inne til å komme seg ut på tur, frå å vere i barnehagen til å sitje i bilen til foreldra på veg heim.

Det er eit greitt ord, som ein umiddelbart forstår. Når eg googlar det kjem det opp saman med ord som ”observasjon”, og i setningar som ”overgangssituasjonar er ofte kaotiske”, ”få flyt i overgangssituasjonane” og ”redusere åtferdsvanskar”.

Det rare er at ordet berre blir brukt om små borns kvardag.

Kva med oss vaksne?

Er overgangssituasjonane våre ryddige, og heilt utan åtferdsvanskar?

Ved bruk av same metode som pedagogane som skriv om barnehagane, altså observasjon, har eg avdekka omfattande vanskar med overgangssituasjonar i eige liv.

Faktisk utgjer krevjande overgangssituasjonar det meste av kvardagen.

Først må eg forlate dyna og stå opp.
Det gjer ikkje vondt å vere vaken, eller dusje, eller ete frukost.
Eg likar eigentleg alle dei vanlege aktivitetane i løpet av ein dag. Men der, under dyna, kjennes det alltid litt dramatisk å trekkje av seg det varme, mjuke skjoldet og vere i overgangssituasjonen mellom seng og dusj.

Beint fram kaotisk vil eg ikkje seie det er, når eg snåvar meg kring senga, men likevel hender det eg ligg nokre minutt i senga for å handtere situasjonen eg skal ut i.

Slik fortset det, dagen ut. Oftast er klokka eit par minutt over heil når eg hentar folk på venterommet. Likeeins strevar eg framleis med å avslutte samtalane kvart på. Eg kjem meg sjeldan til lunsj akkurat tolv, og når arbeidsdagen er slutt hender det stadig at eg blir hengjande på kontoret og sjekke journalar og timeplanar, medan ektefellen står utanfor og ventar.

Hamnar eg først i sofaen er overgangssituasjonen mellom wordfeud og praktisk arbeid i hagen, eller ein joggetur, avskrekkande nok til at eg blir liggjande på sofaputene med dårleg samvit i timevis.

Overgangane mellom dei ulike daglege aktivitetane er med andre ord prega av tregleik.

Lekamen min motset seg endringar av rørsletilstanden, forklarar Newtons andre lov. I følgje fysikken er ikkje dette noko som er betre hos vaksne enn hos barnehageborn, snarare tvert om: Tregleiken til ein lekam er proporsjonal med massen til lekamen.

Dette forklarer kanskje kvifor overgangen frå eitt element til eit anna også oppleves meir dramatisk med åra.

Som barn fniste me alltid av dei vaksne då dei skulle bade. Særleg mor mi, som med hyl og stønn og dramatiske armrørsler senka lekamen i fjordvatnet med maksimal tregleik.

I sommar har eg berre bada i havet ein einaste gong. Overgangen frå luft til vatn har vore for overveldande. Eg kan ikkje ein gong skulde på temperaturforskjellane, for det har vore like kaldt i begge element.

Den eine gongen eg kom meg ut i havet, var det med ein tregleik som hadde imponert Newton, for så stor er trass alt ikkje lekamen min.

Eg trur eg brukte den beste delen av eit kvarter.

Ungane heia, først entusiastisk, og seinare litt slik ein viftar halvhjerta med flagga når deltakar nummer 43 kjem over målstreken, og til sist direkte oppgitt.

– No må du komme deg uti, elles sprutar me vatn på deg, ropa ein av dei andre ungane.

Mine eigne såg med frydblanda skrekk på veninna, som såg ut til å tru at ein ville overleve å sprøyte iskaldt vatn på meg, der eg hadde vakla meg uti til omlag midt på låra.

Trass i ei skarp, munnleg åtvaring, kom altså ein handlaga vifte av saltvatn gjennom lufta. Ein knapp deciliter fjord traff meg på mageskinnet.

Det var då overgangssituasjonen vart kaotisk og prega av åtferdsvanskar.

Eg hylte, kava med armane, og i følgje observatørane likna eg eit helikopter på veg gjennom ein foss. Nokre påsto at eg hadde banna, andre meinte eg hadde påkalla høgare makter. Heile opptrinnet kunne ha vore skremmande, om det var tale om yngre og meir sårbare born.
Men alt eg hadde av publikum var gapskrattande, store ungar, utan kjenslevar empati for utfordringane mine.

Til sist fekk eg flyt i heile overgangssituasjonen, samla lekamen til kontrollerte rørsler, og svømde med rolege tak ut i den nye situasjonen, elementet vatn.

Det var ikkje så kaldt, kunne eg seie etterpå.

No står eg midt i fleire overgangssituasjonar. Sommaren blir snart haust, ferietid blir arbeidstid, og om få år blir eg femti. Det vil by på utfordringar, alt saman.

Har eg lært noko av sommarens sjølvobservasjonar på feltet?
Er eg betre budd?

Ja, dette har eg lært: Også vaksne må ta overgangssituasjonane sine på alvor, og gjere maksimalt ut av dei, når høvet byr seg. Elles får verken ungane eller eg like mykje å le av.

  • Frå førre fredagsspalte i Haugesunds avis