I følge dei som ikkje likar partiet Venstre, kjem Venstre til å vedta på landsmøtet no i helga at dei vil regjere landet saman med FrP.
Dersom det viser seg å stemme, vil eg på mandag vere politisk heimlaus.
Og alle veit at det beste ein kan gjere når problema tårnar seg opp her i livet, er å ta ein test på internett.
Som tenkt, så gjort. Testen eg tok var i overkant amerikansk, og skulle kartlegge kor rasistisk, homofob, kulturelt amøbe og gunhappy eg var.
Det viste seg at eg var hakket kvassare enn Gandhi.
Vel vitande om dette, vil eg no setje ein langtidsheva deig slik at eg kan servere borna mine økologiske rundstykke til frukost i morgon, før eg spring ein tur i skogen. Innimellom der vil eg ta ein prat med statssadistane i Syria, og gjere dei merksame på at ingen blir meir populær av å oppføre seg slik, og at det nok ville vere meir meiningsfullt for dei sjølve å dyrke jorda og bygge landet.
God helg.
Helsing Kristine – no også betre enn Gandhi.
Jeg blei Gandhi også.
I Skandinavia er dei fleste Gandhi, trur eg. Evt er amerikanarar verre enn eg trudde.
Ja, de folka der ass.
Klikket du på den der du kunne se deg selv på samme graf som årets presidentkandidater? Skremmende.
Jeg havnet visst enda lenger til venstre og nedover enn deg også. Jeg hadde tenkt å blogge om det, men kanskje jeg ikke skal, tengk om jeg vil til USA en gang, tror du de tør å slippe meg inn?
Asså. Jeg havnet helt ut til venstre, og i rute nr 4 nedenfra. Skjønner ikke hva jeg skal gjøre med dette. Ikke begynne å stemme venstre, i alle fall;) Får lage vårt eget parti: «kvassare enn Gandhi».
Har ikke tatt testen (ennå), men deler oppfatningen din vedr landsmøtet og Frp. Venstregiroen ligger på kjøkkenbordet i påvente av utfall. Foreløpig dypt skuffa, bare av tanken!
Eg innser at eg aldri får råd til å krysse Atlanteren, så dei får heller sjå på meg som ein naiv dust.
Og så trur eg Venstreleiinga er klar over at den typiske V-veljaren har eit mildt sagt anstrengt forhold til FrP. Og om dei vel å drite i det, så må dei vere klar over at det betyr mindre oppslutning.
Det er vel ikke sånn at Venstre skal inngå samarbeid med Frp da. De vil kun samarbeide om visse saker. (Trodde jeg det var snakk om).
Som sagt, i følge V-kritikarane står dei nærast og tisser i buksa av glede over å dele regjeringskontor med FrP, så eg avventer.
Som Venstre-medlem gjennom 25 år så kjenner jeg igjen deler av din frustrasjon. Samtidig; AP er vel ikke et fyrtårn i integreringspolitkk akkurat? Om en 4-parti regjering med FrP gir FrP like mye innflytelse som SV har hatt i dagens 3-parti regjering, så er det heller kanskje ikke så mye å frykte?
Et hjem bør en velger ha! For det er jo spørsmålet; Hva er alternativet? Hvilket parti? Å ikke stemme er vel ingen løsning?
Om jeg ikke er enig i alt, syns jeg likevel Sveinung Rotevatn har en del kloke betraktninger her: http://sveinung.ungevenstre.no/2012/02/liberale-sosialdemokratar/
Eg ser ikkje anna råd enn at du får ta deg ein alvorsprat med Are Kalvø.
http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.7999369
Det vøre eit enormt feilsteg av Venstre å sokna til eit konservativt samarbeid på høgresida. Liberalisme og konservatisme må vera motpartar, og Venstre har dessutan fleire røyster å tena på å stå i opposisjon til båe fløyene i norsk politikk, enn på å utvatnast.
Om Venstre vil ha makt, må dei i borgarleg/sentrumsregjering. Arbeiderpartiet et sine samarbeidspartnarar levande, det viser alle koalisjonsregjeringar dei har vore i, ikkje minst då dei samarbeida med Venstre.
Og heile denne debatten i pressa om Venstre og FrP viser også at pressa har sin eigen agenda, og svertar Venstre med FrP.
Tilbaketråkk: Mirthful » Those pesky politics