I ein diskusjon på Forfattarbloggen, der Jon Vogt fortvilar over å ikkje trenge gjennom forleggar- og mediemurane, der folk fjasar litt og eg flåsar litt, grip eg meg plutseleg i å heftig forsvare ei bok om jentesex.
Det var kan hende ein litt lang opningssetning, og eg veit ikkje om det kan kallast å aktualisere eit tema å nemne at eg har snakka om det før i dag. Men slik er det. Og eg kan ikkje heilt sleppe tanken.
Me treng denne boka om jentesex.
Kvifor det, tenker du kan hende. Er ikkje avisene meir eller mindre overfylte av sex? For ikkje å snakke om bokhandelhyllene? Og fins det eigentleg ein einaste uutforska flik av dette med jenter og sex som Google ikkje kan svare på?
Vel.
Slik snakkar avisene om sex:
Og slik ser jentesex på internettet ut:
Dette treng me ikkje meir av. Det kan me fort bli samde om.
Det me treng er ei motvekt. Ei motvekt til media sitt grafsete fokus på seksualisert vald, kvinner som objekt, unge jenter som offer, kvinner som bør passe seg, bør slanke seg, bør vite korleis ein suger ein mann. Ei motvekt til eit bilete av unge jenter som er magre og storpuppa og sleiker kvarandre på puppene mens dei ser smektande rett på ein mann sitt blikk. Me har meir enn nok, me har bøttevis, hyllemetervis, makrogigasuperbytevis.
Det me treng er jenter sine eigne stemmer. Jenter og kvinner og gamle damer som snakkar ut frå sine heilt eigne, verkelege erfaringar. Me treng ei bok der naturlege kroppar og lyster kan få plass. Der det er heilt ekte, vanlege damer som er målgruppe. Ei bok om jentesex på jentene sine eigne premissar.
For me held på å drukne. Me druknar i falske bilete, konstruerte situasjonar, silikoninnsprøyta og photoshoppa bilete. Me druknar i pornografi, reklame og valdshistoriar.
Det er ikkje slik at me ikkje lærer av det me ser rundt oss. Tankane våre og ideane våre er forma av det me ser og opplever. Og eg ser sexspalter som konfirmerer det tradisjonelle, heterofile samlivet. Sexekspertar som rår til at kvinner bit tenna saman og ligg med mennene sine for å halde på dei. Eg ser råd om stearinlys og roleg musikk, og om å dele på oppvasken på førehand. Men kva i all verda skal ein eigentleg gjere i senga då? Og kva om ein er aleine? Kva er jenteseksualitet oppi alt dette?
Nei, vil ein ha grafisk informasjon er det berre å surfe. Nettet bugnar av saftig kjønnsaction. Og ved det grafiske og konkrete ser all realisme ut til å forsvinne.
Eg er så glad for at Ida Jackson og Maren Kristiane Solli vil gje det konkrete, alminnelge og realistiske jentesexlivet ei stemme. På eit vis føles det tvingande viktig. Det handlar om kropp og identitet, om lyst og kjensler og intimitet, om råderett over eige kjønn og over den delen av livet og samlivet som er limet når det andre blir trasig og keisamt. Det handlar om ein arena der kvinner kan komme til å oppleve seg som undertrykte ofre, der kvinner kan komme til å få dei verste mareritta i livet sitt. Og der dei kan komme til å vere nære, lukkelege og sterke.
Det må då vere viktig?
Det var en nydelig diskusjon, noen ganger har du virkelig de aller beste kommentarene Avil. Så nydelig sarkastiske at jeg ler meg skakk, samtidig som du alltid har noe tankevekkende å komme med.
Og når det atpåtil handler om jentesex kan det jo ikke bli bedre!
Avil ruler!
*kose på fansen*
Ja, det må det.
Det må det.
Visst trenger vi en bok om jentesex. Alt som handler om jenter og sex i media for tiden synes jeg handler om absolutt alt mulig annet enn hvordan jenter rent faktisk har sex – det er langt på overtid at noen plasserer dette skapet (og så slår det på vidt gap, naturligvis!). Boka er forresten mulig å forhåndsbestille i nettbutikkene nå den også (planlagt utgivelse i slutten av oktober).
Apropos at nynorsk er skikkeleg mykje grovare enn bokmål:
Det heiter å suge – syg.
Viss ikkje det høyrest grovt ut, veit ikkje eg.
Super post, Avil! Jeg likte særlig faksimilen din fra Dagbladet. Nettopp slik er det kvinners seksualitet presenteres, og jeg er så uendelig lei av det. Flinke damen!
Anetten. Juhu! Førehandstinging er alltid bra!
Aina: Haha, eg veit det, men det blei altså jækla grovt.
Anathema: Den faksimilen er verkeleg endestasjonen for kulturavisa Dagbladet.
Einig.
Akkurat der er bokmålsordet «suger» passande ufarleg.
No heldt eg nesten på å seie «som vanleg», i tydinga bokmålsord generelt, men eg droppa det.
Hoho!
Det er ikke mye jeg er uenig i her. Trur nok det er lett å snakke både forbi hverandre og mot hverandre, når vi kasnkje egentlig er mer enig enn det ser ut.
Det er sant, Sirenia. Den der andre diskusjonen blei kan hende mest rar fordi det var feil stad.
Veldig bra Avil…og veldig bra av de to som skriver boka. Den trengs…ikke bare for kvinner selv.
Jeg tror de fleste menn er enig i at det ikke er Dagbla’varianten som gjelder. Det er de ekte kvinnene vi elsker.
Og me likar dei ekte og vanlege og ordentlege mennene. Slike som deg og mr Darcy. *knis*
Halleluja!
Dette var veldig hyggelig lesning. Rett og slett. Hipp hurra!
Godt resonnert. Jeg husker at mitt første innfall da jeg leste om dette bokprosjektet borte hos Virrvarr var: Hvorfor har ingen tenkt på dette før?
Digresjon: Jeg lurer på om nettredaksjonen til Dagbladet tenker over hvor teit nettsiden deres ser ut noen ganger. Det ser ut som om de bare slenger opp det de tror de får mest klikk på uten å bry seg om hvor avslørende helheten blir. Men så trekker de vel inn penger, da…
Bifalles, Avil!!!
Hurra for Grevinna og Virrvarr!
Amen, Avil.
Nå ble jeg lykkelig, Kristine. Rett og slett. Tusen takk.
Tilbaketråkk: Revolusjonært roteloft » Ja, hvorfor en bok om jentesex? (Del 1)
Spamboksen min har openbert ein slags lukkemagnet, Virrvarr. Men eg fant deg! yay!
Tilbaketråkk: Ja, hvorfor en bok om jentesex? (Del 1) – Ida Jackson