Akkurat i skrivande stund sit sosialantropolog Runar Døving og ein gjeng med kokkar og forskarar og snakkar på P2 om matpakke. Dei skal undersøke kva slags mat ungar et på skulen, og drøfter kva som kan vere bra.

Desse setningane går igjen:

  • Man kan jo forberede en del kvelden i forveien
  • Må man virkelig stå opp en halvtime før for å lage denne maten til barna
  • Man kan jo bare stå opp et kvarter tidligere for å lage maten

Eg merker dampen står ut øyrene på meg.
Dei snakkar om store skuleborn. Som foreldrene lagar skulemat til. Kva faen?
Dei har ikkje presisert at dette er born med alvorleg psykisk utviklingshemming eller born som har mista begge armane. Eg går ut frå det er relativt funksjonsfriske skuleborn som blir omtalt. Eller: Borna blir ikkje omtalt. Dei svever i samtalen som kunder, passive konsumenter.

Folkens: Lukt kaffen. Ungane kan lage mat sjølv. Ungane BØR lage mat sjølv. Dei lærer av det, dei blir sjølvstendige. Dei får respekt for maten, dei liker den betre.

Ungane mine smører sin eigen matpakke, og har gjort det sidan dei var seks år. Dei har lært å skrelle gulrøtter og hakke grønsaker før dei begynte på skulen.
Er eg supermamma? Har eg verdas mest praktiske born? Nei.
Alle ungar liker å få til ting sjølv. Dei liker å delta i det foreldra gjer, om dei får skryt undervegs. Dei liker å meistre, dei liker å vere involverte i sin eigen kvardag.

Grønsakssushi kan ungane lage sjølv om kvelden

Dotter mi ler og fortel om skulekameratar i femte klasse som kvar dag opnar matpakka og stønner over at mor deira har tatt på feil pålegg.
«Kvifor gjer dei det ikkje sjølv?» spør ho.

Eg spør også desse forskarane som no skal i gang med endå eit omfattande forskningsprosjekt som skal finne ut korleis ein får sunnare og meir innbydande matpakker: Kvifor spør de ikkje om ungane har laga maten sin sjølv? Tipper ungar med skikkeleg opplæring og friare tøyler i kjøkenet har gjennomsnittleg kulare, betre og meir populær matpakke enn bortskjemte ungar som kastar dei mammasmurte fårepølseskivene sine på veg til skulen og kjøper skuleboller i storefri.