Våren 2014:
Norcon 27
Æresgjestforelesinga
Norcon 27 arrangeres i Oslo 14-16 mars. Laurdagen skal eg gjere litt forskjellig, mellom anna halde eit foredrag om kva eg vil.
Eg reknar med at det kjem til å handle om alt det eg har halde hemmeleg om Eirabu. Evt alt du ikkje visste du lurte på.
Litteraturhuset i Oslo
Tofteforelesinga
I samband med Norsk Forfattersentrum sitt årsmøte blir det også halde eit forfattarforedrag. I år: Av meg.
Her får eg også lov å snakke om akkurat kva eg vil. Hoho.
5. april 2014 kl. 14:00
Amalie Skram, Litteraturhuset, Oslo
Entré kr. 50,-
Humorfest i Bergen
Tidig forfatterkveld
Fredag 25 april skjer det noko latterleg. Nokon har fått ein eller annan slags sjuk ide om at eg passar saman på scena med Knut Nærum, Ragnar Hovland og Frode Grytten.
Eduardo Andersen (Doddo) er programleiar med musikalsk hjelp frå Sjur Hjeltnes.
Klokka 20:00, Litteraturhuset i Bergen, 25 april.
Lillehammer litteraturfestival
Fantasytreff
Torsdag 22 mai skal eg og fabelprosaforfattar Siri Pettersen møtes for aller første gong, under parolen «aldri voksen / fabelaktig møte» (det er IKKJE eg som har bestemt tittel, altså! Eg insisterer på at ein kan vere koko som vaksen også!)
Tipper det blir ganskje kjekt, i alle fall.
Stad: Bingo’n
Tid: 20:00 – 21:30
Fredag 23 mai kjem Siri Pettersen (Odinsbarn) og eg til å lese, teikne og fortelje, leia av Jon Ewo (ein milliard bøker). Jon Ewo er full av idear for korleis dette kan bli det aller gøyaste på festivael.
Stad: Bingo’n
Tid: 12:00 – 12:45
Og så blir eg i Lillehammer heilt til søndag, for då skal eg lese opp i parken.
Stad: Søndre park
Tid: 25 mai (i programmet står det 13-14, eg har fått epost om 12, så her kjem oppdatering).
Eg har sletta gamle kommentarar her, sidan eg har fått beskjed om at det framsto forvirrande. Men det er altså berre å kommentere og spørje og slikt, om du vil.