I går såg eg Beowulf i 3D på kino. Eg undrar meg over kvifor den skulle vere animert. Eg trur eg hadde blitt meir gripe om skuespelarane var analoge. Flott laga, godt skrudd saman, god drage. Men eg likar jo å gispe og grine og sånn.

Det gjorde eg av forfilmen. Reklamen for Det gyldne kompasset. Heilt seriøst. Eg gispa, og så begynte eg å grine. Eg gleder meg sånn til femte desember. Eg har sommarfuglar i magen og tårer i augene. Fytti.

På søndag skal treåringen vere Løven i Kardemommeby. Det blir nok verken tårer eller gisp, men kven veit. Den guten kan overraske. Kan hende blir det begge deler.

Mest sannsynleg kjem han til å grine sjølv. Fordi han er tre år og eg skal sy kostyme. Og treåringar har veldig høge forventningar til slikt. Det geniale revekostymet eg sydde til søstera då ho var tre, førte til hulking og raserianfall.

Dersom han (mot formodning) faktisk vil ha kostymet på seg, kjem eg att med bilete.

Og så utfordrar eg Mona til å vise fram noko ho eventuelt har laga som har fått folk til å grine. Sidan ho openbert berre blåggar når ho vert utfordra for tida.

 

Heidi Fleiss: Mrs C ser faktisk meir ut som Patricia Velasquez (The Mummy returns).