Når ein er ferdig med et gigantisk, tidkrevjande prosjekt og slutter å røyke samstundes, får ein veldig mykje tid. Veldig.

Slikt kan ein bruke til så mangt.
Til dømes:

  • Lese lange romanar som har støva ned på nattbordet
  • Gå tur i skogen med ungane
  • Luke i kjøkenhagen til ektefellen
  • Vaske krokar i huset som ikkje er blitt vaska på årevis
  • Halde skittentøybunken nede på eit minimum, og alt det reine pent samanbretta i skapa det eigentleg høyrer heime i (framfor at ungane går og rotar i reinebunken om morgonen)
  • Ro ut med pappa og fiske ein heil regndag, utan å få anna enn ein enkelt makrell, og vere samde om at det var ein gild tur
  • Spele poker
  • Og yatzy
  • Sove middag
  • Bli ganske god i bogeskyting på Wii
  • Og sverdkamp
  • Og surfing
  • Lese avisene skikkeleg og til endes
  • Rydde i rekneskap
  • Svare på epostar
  • File negler
  • Ingenting
Advertisements