• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Uncategorized

Lykkejegar

06 søndag sep 2015

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 4 kommentarer

Våren 2008.
Eg sit på ein ustø pinnestol inne på eit mørkt, lite soverom. Det luktar søvn og sveitte, og på den uoppreidde senga sit ei ung jente. Akslane hennar heng fram, kroppen hennar ser ut til å ha gitt opp. Neglene er nedbitne og håret er feite tjafsar kring det bleike ansiktet.
Eg er der fordi legen har vurdert henne som deprimert, og ho er ute av stand til å komme til kontoret mitt. Jenta er ei såkalla dubliner: Ho er asylsøkjar frå Irak, men er blitt registrert som flykting i Ungarn før ho kom hit. Ho har ikkje rett til å få saka si behandla her, ho skal sendast attende til transittlandet.

Ho og søstera skulle til Sverige. Det var ikkje trygt for dei heime, faren var arrestert, og i påvente av rettssak fekk dei vite at han var død. Naboane heime slutta å snakke til dei, alle var redde, ingen ville vise seg saman med dei, som hadde ein far som var opposisjonell. Alle blikk veik bort, kven haldt auge med dei, kven var neste på lista?
Mor deira hadde betalt mykje for å få dotrene i sikkerheit. Men mennene som køyrde lastebilen stansa lenge før dei kom til Sverige. På ein aude landeveg vart jentene først valdtekne, så blei dei forlatt.

I flyktningmottaket i Ungarn var dei ikkje trygge. Mange unge menn frå ulike nasjonar, rastlause og sinte, gjorde som dei ville med kvinner og jenter utan vern. Også der blei blei ho valdteken, men klarte å rømme.

No vil norske myndigheter sende ho attende til Irak, eller til Ungarn.
Ho har fortalt legen at dersom ho blir sendt attende vil ho ta livet sitt.

– Kva kan du eigentleg gjere for meg, seier ho, og eg har ingen svar.

Neste veke har eg ein avtale om at den unge, deprimerte pasienten min skal komme til samtale. Ho kjem ikkje. Eg ringer asylmottaket for einslege mindreårige.

– Ho kjem ikkje til time, seier stemma i telefonen. – Ho er ikkje her meir.
– Kva har hendt, spør eg.
– Me har teieplikt, seier stemma.
– Eg er behandlingsansvarleg for henne, seier eg. – Du må kunne seie det til meg om ho har tatt livet sitt, eller om noko anna har skjedd.
Etter ei tid kjem svaret, litt nølande.
– Politiet henta henne i går kveld. Ho er sendt til transittlandet.

Blikket hennar kjem framleis til meg, held meg framleis fast. Utan skulding, utan sinne, utan von.

Kven er me, om me kallar slike som henne for lykkejegarar?
Kven er me, om me sender jenter som henne attende til flyktningeleirar der dei er utan vern?

Kva kultur har me då å ta vare på?

Overgangssituasjonar

22 lørdag aug 2015

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 4 kommentarer

Har du barnehagebarn? Då kjenner du nok omgrepet overgangssituasjon. Det er eit ord pedagogar brukar for å seie noko om at ein skiftar aktivitet. Frå å leike til å skulle ete ved bordet, frå å vere inne til å komme seg ut på tur, frå å vere i barnehagen til å sitje i bilen til foreldra på veg heim.

Det er eit greitt ord, som ein umiddelbart forstår. Når eg googlar det kjem det opp saman med ord som ”observasjon”, og i setningar som ”overgangssituasjonar er ofte kaotiske”, ”få flyt i overgangssituasjonane” og ”redusere åtferdsvanskar”.

Det rare er at ordet berre blir brukt om små borns kvardag.

Kva med oss vaksne?

Er overgangssituasjonane våre ryddige, og heilt utan åtferdsvanskar?

Ved bruk av same metode som pedagogane som skriv om barnehagane, altså observasjon, har eg avdekka omfattande vanskar med overgangssituasjonar i eige liv.

Faktisk utgjer krevjande overgangssituasjonar det meste av kvardagen.

Først må eg forlate dyna og stå opp.
Det gjer ikkje vondt å vere vaken, eller dusje, eller ete frukost.
Eg likar eigentleg alle dei vanlege aktivitetane i løpet av ein dag. Men der, under dyna, kjennes det alltid litt dramatisk å trekkje av seg det varme, mjuke skjoldet og vere i overgangssituasjonen mellom seng og dusj.

Beint fram kaotisk vil eg ikkje seie det er, når eg snåvar meg kring senga, men likevel hender det eg ligg nokre minutt i senga for å handtere situasjonen eg skal ut i.

Slik fortset det, dagen ut. Oftast er klokka eit par minutt over heil når eg hentar folk på venterommet. Likeeins strevar eg framleis med å avslutte samtalane kvart på. Eg kjem meg sjeldan til lunsj akkurat tolv, og når arbeidsdagen er slutt hender det stadig at eg blir hengjande på kontoret og sjekke journalar og timeplanar, medan ektefellen står utanfor og ventar.

Hamnar eg først i sofaen er overgangssituasjonen mellom wordfeud og praktisk arbeid i hagen, eller ein joggetur, avskrekkande nok til at eg blir liggjande på sofaputene med dårleg samvit i timevis.

Overgangane mellom dei ulike daglege aktivitetane er med andre ord prega av tregleik.

Lekamen min motset seg endringar av rørsletilstanden, forklarar Newtons andre lov. I følgje fysikken er ikkje dette noko som er betre hos vaksne enn hos barnehageborn, snarare tvert om: Tregleiken til ein lekam er proporsjonal med massen til lekamen.

Dette forklarer kanskje kvifor overgangen frå eitt element til eit anna også oppleves meir dramatisk med åra.

Som barn fniste me alltid av dei vaksne då dei skulle bade. Særleg mor mi, som med hyl og stønn og dramatiske armrørsler senka lekamen i fjordvatnet med maksimal tregleik.

I sommar har eg berre bada i havet ein einaste gong. Overgangen frå luft til vatn har vore for overveldande. Eg kan ikkje ein gong skulde på temperaturforskjellane, for det har vore like kaldt i begge element.

Den eine gongen eg kom meg ut i havet, var det med ein tregleik som hadde imponert Newton, for så stor er trass alt ikkje lekamen min.

Eg trur eg brukte den beste delen av eit kvarter.

Ungane heia, først entusiastisk, og seinare litt slik ein viftar halvhjerta med flagga når deltakar nummer 43 kjem over målstreken, og til sist direkte oppgitt.

– No må du komme deg uti, elles sprutar me vatn på deg, ropa ein av dei andre ungane.

Mine eigne såg med frydblanda skrekk på veninna, som såg ut til å tru at ein ville overleve å sprøyte iskaldt vatn på meg, der eg hadde vakla meg uti til omlag midt på låra.

Trass i ei skarp, munnleg åtvaring, kom altså ein handlaga vifte av saltvatn gjennom lufta. Ein knapp deciliter fjord traff meg på mageskinnet.

Det var då overgangssituasjonen vart kaotisk og prega av åtferdsvanskar.

Eg hylte, kava med armane, og i følgje observatørane likna eg eit helikopter på veg gjennom ein foss. Nokre påsto at eg hadde banna, andre meinte eg hadde påkalla høgare makter. Heile opptrinnet kunne ha vore skremmande, om det var tale om yngre og meir sårbare born.
Men alt eg hadde av publikum var gapskrattande, store ungar, utan kjenslevar empati for utfordringane mine.

Til sist fekk eg flyt i heile overgangssituasjonen, samla lekamen til kontrollerte rørsler, og svømde med rolege tak ut i den nye situasjonen, elementet vatn.

Det var ikkje så kaldt, kunne eg seie etterpå.

No står eg midt i fleire overgangssituasjonar. Sommaren blir snart haust, ferietid blir arbeidstid, og om få år blir eg femti. Det vil by på utfordringar, alt saman.

Har eg lært noko av sommarens sjølvobservasjonar på feltet?
Er eg betre budd?

Ja, dette har eg lært: Også vaksne må ta overgangssituasjonane sine på alvor, og gjere maksimalt ut av dei, når høvet byr seg. Elles får verken ungane eller eg like mykje å le av.

  • Frå førre fredagsspalte i Haugesunds avis

Aleinesyssel

07 søndag sep 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 7 kommentarer

I natt sat eg vaken i senga og tenkte på eit eller anna som engasjerte meg slik at eg ikkje fekk sove.

Dette skal eg faen ta meg blogge om, tenkte eg.

Men no har eg gløymt kva det var.

Forfattarsyssel: Å lage problem for seg sjølv

30 lørdag aug 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 5 kommentarer

I dag morges vakna eg i eit heilt stille hus, på ei nesten heilt stille øy. Utanfor raslar ospa i vinden, nokre kviger ruslar på beitet mellom huset og fjorden. Elles er det heilt, heilt stille.

Eg er her for å skrive.
Eg har vore vaken sidan klokka halv ni, eg har ikkje dusja, eg har ikkje gjort noko som helst utover å sitje med datamaskina.

Manus har auka med omlag fem ord.

Eg har lese eit titals wikipedia-artiklar, dei fleste ligg framleis opne i faner øvst på skjermen. Eg har lese nokre kronikkar og artiklar, og eit essay. Alt saman kan kallast research. Innimellom har eg vore på facebook og twitter og slikt, og eg har lese nokre artiklar som slett ikkje er research, i tillegg til at eg har sett to videoar (ein på 7 sekund med ein geitekilling som brekar, og ein litt lengre med ei and som har mista andungane sine ned i ei rist).

Hovudutfordringa akkurat no er at eg har så store ambisjonar for denne boka.

«Gå inn i det som er smertefullt»

Dei siste to-tre åra har eg freista skrive sosialrealistisk og smått. Eg har skrive nokre heilt korte tekstar, det har gått fint. Men så har eg skrive nokre romanutkast, og dei har vore frykteleg dårlege. Keisame og innhaldslause, rett og slett utan verken mål, meining eller underhaldningsverdi.
Planen var at etter Eirabu skulle eg skrive slike korte romanar som andre forfattarar gjer. Ei i året, helst, slik at eg kunne bli nesten heiltidsforfattar.
«Gå inn i det som er smertefullt», «berre skriv utan plan», «gjer bruk av eigne konfliktfylte livserfaringar» var blant råda eg ga meg sjølv. Sikkert gode råd. Dei blei i alle fall dyre, med tanke på kor mange timar eg kasta bort på å følgje dei utan å få noko publiserbart materiale ut av det.

Den vanskelege andreboka hjernen.

No har eg ein heilt annan plan.

Eg har faktisk ein plan.
Eit ganske ambisiøst prosjekt, akkurat slik Eirabu var. Eit heilt annleis prosjekt, sjølvsagt, men eg har gått bort frå ambisjonen om den tynne romanen bygd utelukkande på ting eg veit frå før.

Det føles deileg. Endeleg kjennes det som eg gjer det eg skal.Verdas høgaste einebolig i tre.

Så kvifor skriv eg ikkje noko?
Svar:
– Det er så vanskeleg.
– Eg må gjere veldig mykje meir research.
– Kvifor har eg ikkje ei heilt anna utdanning?
– Kvifor kan eg ikkje fleire språk!
– Dette prosjektet er alt for stort for meg, eg får det ikkje til!
– Eg kan ikkje plotte ferdig før eg veit mykje, mykje meir.
– Eg kan ikkje begynne å skrive før eg har plotta meir.
– Eg veit ikkje kva ende eg skal begynne, for det er så mykje av alt her.
– Det er så vanskeleg.

Ok.

 

Eg lyg.

Eg seier strengt til meg sjølv:
– Det er ingen som tvinger deg til noko som helst. Du kan skrive noko anna. Du kan gjere det enklare. Ingen der ute i verda forventer at du skal ha lese alle desse artiklane, lært deg desse språka, ingen i heile verda forventer at du skal kunne alt dette.

Eg lyg.

Det er nokon som tvingar meg, som forventer alt dette. Eg gjer.

Derfor får eg no tre Safari-kjeks og ein kopp kaffi, og permisjon frå eigne ambisjonar i ein time.
Eg skal ikkje lese fleire artiklar denne timen. Eg skal ikkje forvente noko som helst av meg sjølv. Eg skal berre skrive litt.

Gøym tenåringen på rommet, han Internett kjem på døra!

15 fredag aug 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 3 kommentarer

Aulaen på barneskulen var fullstappa. Foreldra til sjuandeklassingane sat på pinnestolar i tronge rekker og lytta. På scena sto ein ekspert på ungdom og internett og malte Fanden på veggen.

– De føler dykk kanskje sikre på at ungdommen ikkje gjer noko galt, når dei sit på rommet sitt. Men slik er det ikkje! Dei kan utføre kriminell og skadeleg mobbing med berre nokre tastetrykk.

Han kom med døme på nakenbilete frå gymgarderobane, spreidd til alle. Fryktelege episodar med utfrysing, audmjuking og latterleggjering. Bodskapet var klokkeklart: Internett er den nye arenaen for psykisk terror av skulekameratar.

– Og spel! Det finnes spel der ein får poeng for å drepe flest mogleg born på eit sjukehus, der blodet sprutar og grafikken er heilt realistisk! Foreldra anar ikkje kva som føregår, medan borna sit på rommet sitt og blir utlært i våpenbruk og brutalitet !

Det var mange ropeteikn. Døme på alt som kan gå galt. Horrible scenarier.

Til sist snakka han om kva me foreldre kunne gjere. Det einaste halmstrået me kunne gripe til i dette oseanet av blod, vald og kriminell mobbing var forbod og overvaking.

Me måtte nekte borna å bruke sosiale medier så lenge me kunne, og pc-en burde stå i stova. Me burde ha tilgong til alle passord, og gå inn på ungdommen sine datamaskinar og sjekke loggen. Me burde lese kva dei dreiv med på facebook, helst også dei private meldingane, for der kunne det vere mykje stygt.

Han fortalte korleis han sjølv hadde gripe drastisk inn i eigne borns liv på internett, og korleis ungane hans var blitt nekta mobiltelefonar i det lengste.

Til slutt kom ei oppmoding om å kople inn politiet, utekontakten, skulen og eventuelt barnevernet ved lovbrot.

Etterpå skulle me snakke saman, og ta nokre gruppeavgjerder som foreldre om nettopp dette. Forbod og overvaking. Her var det viktig å stå samla, for ungdommen var truga, liv og lov sto på spel.

Sant å seie er det lenge mellom kvar gong eg er så indignert på borna mine sine vegner. Det meste som blir sagt på møter og utviklingssamtaler er fornuftig og forståeleg. Borna blir tatt på alvor, dei blir spurt om deira oppleving av skulen, leksene og det sosiale.

Men her var det full kortslutning.

Barneoppseding er ei øving i urealistisk idealisme.

Borna lærer at dei alltid skal ete frukost, dei skal ete opp grønsakene sine, og snop får dei berre om laurdagen. Dei skal gjere lekser jamnt og trutt, og ikkje ende opp med skippartak og stress. Dei må legge seg til same tidspunkt kvar kveld, og dei skal vere høflege og takke for maten.

På skulane er det antimobbeprogram der dei lærer å vere merksame på om nokon er mykje aleine. Dei skal inkludere alle, og alle skal inviterast i bursdag. Når nokon seier ”stopp” skal dei slutte. Det gjeld ikkje berre leik, men også i prat. Dei skal vere snille mot kvarandre, alltid.

Me vaksne gjer dumme ting.

Vaksne har sjokolade i skuffen på jobb, og skulkar vanlege måltid for å slanke seg. Me forsyner oss ikkje med brokkoli om me ikkje likar det.
På kontorpultane våre hopar det seg opp med ting me utset til siste lit, og det hender faktisk me får purringar på ubetalte rekningar.
Me går ikkje til sengs når me skal, og sit og geispar i lunsjpausane.

Me legg ut bilete av borna våre saman med andre born, utan å spørje foreldra om det er greitt. Facebook har dei siste månadane vore full av glade, halvnakne born, utan at lovpålagt samtykke er innhenta frå føresette.
Me snakkar til og med skit om kvarandre. La oss berre vere ærlege, – baksnakking er ikkje eit spesifikt ungdomsproblem. Nokre nyttar både mobiltelefonar og internett til skitpreiken sin, også.

Ungane våre kjem til å gjere feil. Dei kjem til å bryte reglar dei ikkje visste om, og dei kjem til å bryte reglar dei veit om.

Til slutt kjem dei, dessverre og uunngåeleg, til å ende opp som oss.

Forbod og overvaking er maktbruk, og demonstrasjon av mistillit, manglande respekt for privatliv, og ein måte å fortelje born på at dersom dei vil ha noko for seg sjølve må dei snike seg til det bak vår rygg.

Slik eg ser det er Internett komme for å bli, og dei som fyller dei sosiale media med innhald er folk.

Ungane våre må lære korleis dei ter seg, og det lærer ein best ved å få prøve seg.

Eg har meir tru på samtalar enn overvaking. Eg trur på rettleiing framfor forbod.

Ein kan snakke med born om sosiale media. Fortelje at den same folkeskikken gjeld både på og utanfor Internett. Og me kan akseptere at i ein læreprosess vil alle gjere feil, dumme seg ut og bryte reglar dei enno ikkje har lært.

Sjølvsagt skal me regissere rammene for borna våre. Det er 13-års aldersgrense på Facebook, og det er 18-års aldersgrense på valdelege dataspel. Det er lurt å avgrense speletid, på same måte som det er lurt å legge seg om kvelden.

Men når ungane våre snublar i verda, og skriv noko stygt eller deler bilete dei ikkje skulle, skal me kontakte politiet og barnevernet? Eller skal me snakke alvorleg med dei, høyre kva som har skjedd, snakke om kva ein burde og bør gjere, og la dei rydde opp?

Internett er full av spanande informasjon og folk. Fakta om fjerne planetar, pumaens drektighetstid, soga om korleis Harald Blåtann regjerte, og videoar om korleis ein kan lage sufflé eller bygge ein lampe er berre tastetrykk unna. Det er ei fager verd der ute, og ungane våre bør heller lære kjeldekritikk og folkeskikk, enn å lære at me vaksne ikkje har trua på dei.

Teksten sto på trykk i Haugesunds avis 08.08.2014

Når er det ein skriv blitt dét manuset?

18 fredag jul 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 1 kommentar

Eg har vore på årets kollektivferie (eller nerdeleir som borna kjærleg omtalar det), og der kom eg og Kroll til å prate om korleis eg skriv bøker versus korleis han lagar dataspel.krollochjag
No er kanskje eg og Kroll påfallande like inni knollen (i kontrast til kor påfallande ulike me er utanpå knollen). Men ein fin snakk blei det, og den fall saman med at eg har tenkt på akkurat dette ei tid. Når er det dette prosjektet? Når sluttar det å vere det manuset eg skreiv i fjor, og bestemte meg for å ikkje gå vidare med? Eller … når blir dei små tekstane som eg finn attende til her og der, og dei grunnleggande ideane som førte til det dårlege manuset (men ideen i born VAR god! Den VAR det!), og alle filane med research eller kva ein no skal kalle det … når blir det eit manus? Når blei det dette manuset, dette prosjektet? Er eg der no? Har eg vore der i to år? Eller har eg vore der i femten år, sidan det finnes tekst restar her som her minst så gamle? Tjue år gamle, kanskje, om eg tek med første utkast til den scena som kanskje blir med i kapittel to.

Det viktigaste når ein skriv, og når ein lagar spel, er å faktisk lage noko. Som spelutviklar er det deretter viktig å raskt finne ut av at noko er crap, og gjere noko anna. Det er ulikt skrivinga. For det er alltid mogleg å endre teksten, og det er betre å ha ein tekst og endre den, enn å starte på nytt med blanke ark kvar dag. Derfor utvikler det seg eit konglomerat inni datamaskinen, og på oppslagstavla, og inne i skallen, og på små lappar på nattbordet, og på sidene i dei ulike notatbøkene eg har i handvesker og ryggsekkar og koffertar.

Men når er dette konglomeratet eit prosjekt? Det er alltid eit prosjekt. Det har faen meg vore eit samanhengande prosjekt sidan nokon stakk nasen sin ned til meg minutta etter fødselen og hjernen min begynte «ooookei, other people, dette må eg finne ut av, forstå, interagere med, rekne ut, bruke til noko, gøyme meg for, få noko frå, elske, bli elska av, and all that jazz».
Ikkje det generelle prosjektet det er å skrive, altså. Det spesifikke prosjektet som ender opp med å vere noko andre gjenkjenner som eit prosjekt. Publisert og mellom to permar, fortrinnsvis.

Er eg der no?

For meg er ei ferdig bok som eit ferdig bilete andre kan sjå og forstå (usle kryp, tilbe mitt bilete, det er gjort synleg for dykk! – eller noko veldig mykje meir audmjukt, til dømes).
Prosessen liknar meir på at ein har alle desse puslespelbitane. I utgangspunktet kan kva som helst brikke passe inn, det krever berre at ein finn på ein haug med bitar mellom som gjer at dei passar. Men jo fleire bitar ein har valgt skal vere der, jo meir avgjer dei og dess mindre kan eg finne på. Og om det blir keisamt, vanskeleg eller forutsigbart med alt det som skal vere mellom, er det freistande å kaste eit par bitar (ikkje langt – ein kan kanskje bruke dei til ei anna forteljing).

Slik held eg på. Eg innbiller meg at det eg held på med heile tida nærmar seg å vere eit manus. Eg er framleis usikker på kva slags manus. Arbeidstittelen har endra seg nokre gonger dei siste åra (frå «Dukkehjem» til En vidunderlig uke til Hverdagsboka til Mor d atter II til Glasshus). Karakterane har endra navn og slekt og narrativ, men nokre av dei har halde på eit par personlegdomstrekk (og Liv Signe heiter visst Signe no, og er omlag 50% meir intelligent og har ein annan jobb og er gift med ein annan mann, og ingenting er likt faktisk, bortsett frå Signe).

Det skulle vere ein lettskriven, lettlest bok basert ting eg faktisk kan = ikkje så mykje research, og i alle fall ikkje fantasy.

Host.

Er eg der no?

Kanskje. Må berre skrive den først. Finne på alle dei andre brikkane. Men dei brikkane som ligg på bordet er i alle fall bra. Veldig bra. I den forstand at eg ikkje anar korleis eg skal få dei til å henge saman, og dermed er det ikkje forutsigbart eller keisamt.

Og kva var den lyden? Var det eit ekorn som smekka med tennene før det kraup opp etter askestamma?

Befrukta!

07 fredag mar 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 3 kommentarer

Åherregudåherregud du må konsentrere deg, mann! Kan ikkje tøyes og blunke og snuble no!

Åherregudåherregud du må konsentrere deg, mann! Kan ikkje tøyse og blunke og snuble no!

Sidan eg er heilt oppskjørta, må eg dele dagens store hending!

Det byrja veldig udramatisk på mandag, med at ektemannen kom inn døra med eit brett egg. Eit heilt vanleg kartongbrett, som han bar ned i kjellaren.

Først dagen etter kom det fram at egga var befrukta.

– om du ikkje vil ha høns, kan me berre ete egga, sa han.

Eg har vore gjennom alle kjenslene. Sjokk, sinne, fortviling, begeistring. Skulle eg servere blautkokte babyar til frukost? Må me skaffe rugemaskin og bygge hønsehus, må ein opp annakvar time om natta, blir det mykje bæsj, kan dei vere aleine heime som nyfødde, kva med sommarferien? Eg ville reservere meg mot heile problemstillinga. Det var ikkje aktuelt. Eg er for emosjonell, eg er for empatisk, eg ville menneskeleggjort dei stakkars fuglane, eg vurderer allereie å bygge basseng i kjellaren dersom sugemallen i akvariet blir for stor, liksom.

Men så såg eg dei.

No blir det kyllinger om 21 dagar.

Ti egg til ruging, og resten vil eg ikkje vite om, det er berre for vanskeleg. Har du sett noko så nusseleg?

Ludde, Ingolf, Anny, Gamle Jacobsen i tredje, Maud og alle dei andre.

Ludde, Ingolf, Anny, Gamle Jacobsen i tredje, Maud og alle dei andre.

Ei veke til Norcon 27

07 fredag mar 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 2 kommentarer

Fandom er fine greier, har eg alltid tenkt, utan heilt å finne «flokken min».

Heile fantasyinteressa mi bløma opp då eg budde i Danmark, dels fordi den danske ektemannen min las høgt for meg, og dels fordi venene våre der hadde tjukke, slitne pocketbøker i hyllene sine som dei nappa ut og sa «denne må du faktisk lese».
Medan mainstreamlitteraturen har brageprisar og Morgenbladet og Klassekampens bokmagasin og bokhandlarar til å marknadsføre seg, har fantasyen individuelle misjonærar. Alle fantasyelskarar eg kjenner har bøker dei trekk fram. Nokre går med dei i veska, andre syklar heim og henter, atter andre skriv ned på lapp eller sender meg tekstmelding.

«Denne må du faktisk lese!» Ingen aviser eller bokhandlarar slår akkurat dén marknadsføringskrafta.

Og tenk deg då, ein heil festival full av slike folk, som har romanar og teikneseriar og filmar innan fabelprosa som dei meiner du bør vite om. Dei står og stimlar i grupper, dei kjenner kvarandre, dei har spelt rollespel saman, eller utgitt fanziner saman, dei har vore på con ørti gonger før.

Ein står der, og tenker inni seg at ein høyrer til her, men kjenner ingen. Og så føler ein seg kanskje litt rar og utanfor fordi ein ikkje har lese alt dei har lese. Eller fordi ein ikkje vil bli oppfatta som ein påtrengande forfattar som vil selge sine eigne bøker. Det er ikkje ein marknadsplass for bransjefolk, nemleg, det er ein stad for kjærleik og lidenskap, ein stad der ein deler sine absolutte favorittar og diskuterer bøker utan å sjå seg over skuldra for å sjekke om det står ein snurt forfattar bak.

Eg følte meg litt som ein inntrengar då eg var på Norcon 25. Eg kunne ikkje stammespråket, kjente ingen, og skulle sitte bak eit bord der bøkene mine låg stabla.

Men så var eg inne på eit foredrag. China Mieville og nokre andre folk eg ikkje visste kven var, diskuterte byar.
Kva er ein by? Er det ein organisme som lever av folk? Er byar i Kina, bygd ut med boliger og butikkar og skular og alt anna ein forventer av by, men som ingen nokonsinne har flytta inn i, eigentleg byar? Kva med ein by ute i ein ørken, som ein heilt naturtru 1:1 kopi av ein arabisk by, som utelukkande er bygd som militært treningsområde for den israelske hæren? Kva med forlatte byar? Kva om organismen by blir for effektiv, kva om den kannibaliserer folka i seg?

Eg sat langt bak, eg kjente ingen, eg visste knapt kven folka på scena var.
Eg forsto at eg hadde komme heim.

Her var det ideane, refleksjonane, dei eksistensielle tankane, forteljingane om hva samfunn og menneske eigentleg er, som blei drøfta, leika med, utfordra.

Norcon 27 blir annleis. Me er plutseleg, i løpet av få år, blitt mange som publiserer fantasy i Noreg.
Me er blitt kjent med kvarandre, i alle fall på nett. Me heier på kvarandre, har lyst å møtast. Me vil stifte foreining.

Me skal møtes på Norcon.
På bortebane, ute i fandom.

Eg gleder meg, og eg kvir meg litt.
Desse folka som har reist på Norcon i alle år, som er van med å kunne diskutere bøker og filmar og teikneseriar og rollespel, utan å måtte sjå seg over skuldra. Dei som har sitt eige miljø, som dei sjølv har skapt, ein levande fandom.
Invaderer me dei?
Vil dei ha oss der?

«Noko av det finaste med Kapittelfestivalen i Stavanger er at det ikkje kjem bransjefolk,» sa ei forfatter til meg ein gong. «Det er ingen forlagsfolk, ingen kritikarar, ingen nystrøkne skjorter og dressar og gullkort, berre oss, forfattarane.»

Noko av det fine med fandom er at det ikkje er forfattarar der. Men no kjem me, altså. For å fortelje om eigne bøker, møte kvarandre, halde paneldebattar og foredrag.

Kanskje blir det fint. Kanskje kan me mingle oss inn i Norcon utan å øydelegge noko.Eg håper me ikkje øydelegg noko. At me gjer for mykje ut av oss. At me kuppar noko som var fint og gjer det dumt.

Norcon 27, altså. 14-16 mars. Neste helg. Eg skal halde foredrag om Eirabu, på lørdagen klokka tre. Og diskutere kjønn i litteraturen med forfattarane Pat Cadigan og Kim Newman på søndagen.

Men eg skal også snike meg inn og sitte bakerst i salen og lytte til idear og refleksjonar. Og eg skal ikkje sniklytte til ein einaste diskusjon om Eirabu. Lover.

Wow! meme! so award! bjeff!

24 mandag feb 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 15 kommentarer

Wow! Meme! Vandreaward! Nostalgi! 2007-blogging! Bloggosfære!liebster-award

Da er det bare å si takk og hurra, og sånn var livet før og slik kan det bli igjen om man tar seg sammen. Blogging med spørsmål og svar. Gøy for meg og award til deg.

Og opplegget er at Jona spør og jeg svarer (på sidemål, fordi jeg er høflig og dessuten fordi jeg øver meg på bokmål).

Hva er det beste som har skjedd med deg i forbindelse med bloggen din?
– Kjærlighet.
Da jeg fikk eposter fra blodbankene om at de for første gang på årevis hadde kø. Fordi bloggen.
Da jeg oppdaget en hel generasjon smarte skribenter som kunne sin feminisme og var villige til å krangle. Fordi bloggen.
Da jeg druknet i selvmedlidelse og internett plukket meg opp og ga meg klem og elsket bøkene mine med penger. Fordi bloggen.

2.Hva inspirerer deg til å blogge?
Det er så innmari fint å ha et sted å skrive som ingen betaler meg for. Her kan jeg skrive tekster uten poeng, eller med et enkelt, pinlig poeng, eller så viktig at jeg ikke vil spørre om lov, eller så innviklet og langt at enhver debattredaktør ville brølt NEI!

3.Hva gir deg angst?
Jeg kan bli urolig og engstelig når jeg skal yte over evne med et uoversiktelig publikum som vitne. Det vil si, jeg sier hele tiden ja til å gjøre ting jeg ikke kan, og så finner jeg ut av det. Men noen foredrag er skumlere enn andre, og særlig når jeg begynner å tenke at publikum kan være fiendtlig innstilt.
Det hjelper å stå på scenen igjen og igjen og igjen.
Det hjelper å ha noen snille mennesker i salen.
Men det slutter aldri å pirke borti «tenk om de hater meg og synes jeg kaster bort tiden deres»-tankene.

4.Hvordan reagerer du på (skikkelig) gode nyheter?
Jeg deler. Ringer mamma, eller Caterina, eller mannen min. Deler på facebook, instagrammer bilder av brev og ballonger og blomster og stipend.
Og først når jeg deler og noen høres glade ut, åpner det seg en glede i meg som jeg selv kan merke.

5.Hvilken (ikke strømdrevet) gjenstand kan du ikke leve uten?
Klær, mat, luft, vann.

6.Hva gjør deg skikkelig forbanna?
Urettferdighet, og det er lettest å bli skikkelig forbanna når det er sårbare og svake som blir rammet og det er folk med makt som rammer dem.
La oss snakke om fastlegene som vil reservere seg mot å putte et ark i en konvolutt når de møter kvinner i livskrise, for eksempel. Eller unger som blir fratatt forutsigbar og varig omsorg fordi barnevernet driver foreldrevern. Eller politikere som lar klimakrisen skje fordi den først kommer til å ramme fattigfolk langt borte, og prisen for å redde kloden må betales her og nå av rike folk i nabolaget.
Men bevares, jeg kan da bli harmdirrende på egne vegne også. Jeg er ikke verre på det.

7.Hva gjør du hvis noen ringer på døra og huset ser ut som et katastrofeområde?
Gir dem en omvisning i katastrofeområdet mens jeg entusiastisk forklarer hvor fint alt kommer til å bli når vi bare får tatt oss sammen og gipset de veggene og malt der og listet der og kjøpt noen møbler.

8.Fortell meg om et vanskelig valg du har tatt.
Livet altså. Det har vært noen vanskelige valg, ja. Men de er private, av samme grunn som de var vanskelige. Denslags blir det litteratur av, kanskje, men ikke blogging. Aldri blogging.

9.Fortell meg hva som gir deg trygghet i livet.
Penger. Har man først vært fattig, vil penger alltid være viktig.
Familie og venner. Jeg har aldri bodd alene. Jeg har alltid hatt noen i livet mitt jeg kan stole helt på.

10. Fortell meg noe jeg aldri ville gjettet om deg!
For folk som bare kjenner meg gjennom blogg, pleier det å være en overraskelse at morsmålet mitt er bokmål.

Så skal stafettpinnen videre, og siden dette var en rusletur ned nostalgialléen blåser jeg støvet av gamle blogglenker, deler ut seks awards (litt mange? klarte ikke velge) og stiller ti spørsmål til følgende bloggere:
Ida Jackson
Hvahunsa
Ellisiv Lindkvist
Hjorten
Esquil
Aina Basso

1. Hva har skjedd med bloggen din de siste åra?

2. Var alt bedre før?

3. Er det morsommere å skrive for penger?

4. Hva har du fått ut av å ha en blogg, sånn menneskelig sett, liksom?

5. Har du lært noe som blogger som du har med deg videre som skribent?

6. Hvor er «bloggosfæren» nå?

7. Har blogginga hatt en pris?

8. Er du der nå? Var det dette du ville?

9. Når du er nitti kommer oldebarn (eller venners oldebarn) til å spørre deg hva blogging var, og om det var noe viktig. Hva sier du?

10. Om du kunne trylle med internett og gjøre det enda bedre, hva ville du gjort?

Juhu, kroppen!

21 fredag feb 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 5 kommentarer

Eg les det Marta Breen skriv om korleis språket vårt for kvinnekropp er fengselet me lagar sjølv. Og så går eg i dusjen.

Medan eg tørker meg etterpå, ser eg på kroppen min i spegelen. Den gjer meg så glad og stolt. Omlag alle dei fæle orda Marta skriv om kan brukast om kroppen min, og fleire til. Likevel er kroppen min ein skikkeleg superheltkropp.

Eg var ein dørgandes lat ungdom, eg trente aldri verken for moro skuld eller forfengelighet.

Eg var evig tørst og røyksugen, og har mildt sagt tatt til meg min andel gift fram til eg blei 30. Helst medan eg sat ergonomisk ukorrekt på ein barkrakk eller krølla saman i ein sofa. Alt galt ein ungdom og ung vaksen kan gjere, og meir til. Ikkje brukte eg rensemjølk eller peeling heller. Ikkje ein einaste skrubb eller ansiktsmaske, og slett ikkje kremar mot cellulitter.

Eg eksperimenterte med mat, dreiv med vegetarkosthald og faste og godteri til middag.

Så fekk eg det for meg at eg ville bli kroppsbyggar, og trente 4 timar kvar dag med ein personleg trenar.

Sidan fekk eg to ungar. Eg fekk ein duraberleg djup venetrombose i første svangerskap, altså ein 50 cm lang blodpropp frå kneet og heilt opp i lysken. Bekkenløysing, imponerande vektauke og svangerskapsdiabetes i begge svangerskap. Eg gjekk som ein olding, og hadde så lite musklar i mage og rygg at eg fekk kink av å skifte bleier.

Den dagen eg fødde mitt første barn.

 

Eg har hatt perioder der eg ville til fjells og traske i timevis ved alle ledige høve, og periodar der eg berre sit bøygd over pc og skriv bøker og drikk kaffi.

Heile tida gjekk eg opp og ned i vekt alt etter innfall og livsstil.

Eg har tukta denne kroppen på alle tenkelege og unemnelege måtar. Eg hadde pinadø  ikkje klandra kroppen om den hadde klaga litt.

Men her er den. Kroppen. 43 år gammal, armar og bein og rygg og mage. Held ut og står på, bærer meg framleis til fjells om eg finn det for godt, og let meg huke meg over tastaturet utan pause i 16 timar om det er det eg vil.
Den får meg rundt i verda, klagar ikkje, eg har verken smerter eller plager, ingen kroniske sjukdommar og ingen lemmer har falle av undervegs.

Kroppen min er awesome. Eg er så utruleg nøgd.

Takk, kroppen, for følget så langt. Du er den beste eg kunne fått.

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

februar 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...