Eg skulle seie noko om å pynte seg for seg sjølv og å pynte seg for andre. Om klær og hår som kulturelle signal, og om å integrere gruppesignala i sin eigen sjølvoppfatting, slik at ein aldri pyntar seg «for seg sjølv», men for den integrerte kulturen i seg sjølv. At ein blir sin eigen «den andre», og ser seg i spegelen eller nedover seg sjølv og gjenkjenner signala som ein sender til andre. Avleser signala frå seg sjølv. Ser seg sjølv gjennom integrerte kulturelle briller.

Men så blir eg i tvil.
For dette gjeld då også når eg møter deg?
Eg ser på deg og ditt blikk på meg, og sjølv om eg anerkjenner at du er ein annan enn meg, og forestiller meg mentale prosessar inne i deg, skjer denne anerkjennelsen og desse forestillingane framleis i meg. Når eg ser ditt blikk på min nye kjole, gjetter eg berre kva du tenker. Eg gjetter ut frå mi erfaring med deg, mi erfaring med folk i det heile tatt, utfrå mi samla sosiale og kulturelle kompetanse. Men det er framleis eg som gjettar utfrå mi erfaring og mi kompetanse.

Sosialkonstruktivistane (som er endå meir hardkokte enn sosialkonstruksjonistane – eller var det omvendt?) kokte bort subjektet og løfta fram sjølve relasjonane mellom oss som virkelighetsskapande. Slik blir alt eg trur og veit og forstår om verda skapt i mitt møte med andre. Virkeligheten er sosialt skapt. Dermed fins ikkje eg, men eg i møte med andre.
Det er berre den felles virkeligheten som fins. Me kommuniserer oss fram til felles virkelighet og skapar og gjenskapar og nyanserer og reformulerer dermed det virkelige gjennom relasjonane våre. Gjennom forståingsutveksling. Gjennom språk, i vid forstand.

Men korleis kan eg vite kva dei andre forstår?

Eg gjettar jo berre, utfrå mi subjektive erfaringsverd og min heilt eigen gjettekompetanse.
Eg sit her og les blåggar og nettaviser og romanar, eg ser på tv og høyrer Harald Eia på radioen, og eg trur eg forstår. Eg ler i alle fall. Engasjerer meg, er med. Men korleis veit eg at du gjenkjenner meg? Korleis veit eg at du syns eg er med? Korleis kan eg vere sikker på at når du seier at kjolen min er spesiell, så meiner du at den ikkje var spesielt kledeleg eller fin i alle fall?

Eg gjettar jo berre.
Eg deltek på harde livet i den sosialt skapte virkeligheten. Trur eg, i alle fall.