Om Trond Giske går ut og seier han har sett lyset på eit satanistisk vekkelsesmøte bør han gå av som minister for kyrkja.

I dag står helseminister Bjarne Håkon Hanssen fram med si overtyding om at ein telefon til ein kjent klarsynt helbreda sonen hans for kolikk.

Hanssen er minister for den vitskapleg baserte helsesektoren, der helsepersonell er underlagt strenge utdanningskrav og står i fare for å miste arbeidet og autorisasjonen om dei ikkje følger dei vitskapleg baserte metodane for sine fag.

Hanssen går ut i rikspressa med anekdotisk materiale som legitimerer telefonsynskhet og andre former for såkalla «alternative metoder» utført av folk som nektar å underlegge seg systematisk observasjon, men som likevel tar på seg å «behandle» alvorleg sjuke mennesker.

Bjarne Håkon Hanssen bør derfor trekke seg frå stillinga si som helseminister.