Blåklokkene er.
Måkene er.
Kyrne på beitet utanfor Gamlehuset er.
Svaleungane som sjølv kan fange mygg er.
Dei lysegrøne hasselnøttene er.
Makrellen.
Blikket du sender meg.
Syltetøyet du har kokt av markjordbæra i hagen.
Dei døde ungane på Utøya.
Twittermeldingane om samhald og omsorg.
Sorga mi.
Kvitvinen i kjøleskapet er.
Vener som snart kjem.
Ryggen din i kjøkenhagen er.
Alt me er usamde om.
Alt som er.
På alle måtar, alle stader.
Korleis kan han tru at han aleine kan ha makt til å einsrette det?