Då eg var ny på blågg (omlag eit år sidan), oppdaga eg at enkelte hadde lenker til stader som Technorati, Bloggarkivet og Sonitus. Dette virka veldig ambisiøst og framand for meg, for eg skreiv jo berre ein liten blågg for meg sjølv. Så dukka det opp diverse elitedebattar kringom i blåggane eg las, og ofte var Sonitus nevnt som ein ekskluderande og elitistisk nettstad. Då eg første gong oppdaga at ein av mine postar var hamna hos Sonitus var eg både skremt og smigra. Korleis hadde dei funne meg? Kva ville dei med posten min? Kom kresne og vanskelege lesarar til å strøyme inn og håne blåggen min?

Denne posten er til deg som lurar på slikt.
For no har eg funne ut av det.

Det er mange blåggar på nett. Ein finn som regel fram til dei gjennom å klikke på lenkene andre folk har på blåggane sine. Men så les ein kanskje ein blågg ein gong, finn ikkje noko spanande, og klikker seg ikkje inn dit igjen. Eller ein syns det tek mykje tid, dette internettet. Først har ein epost å sjekke, ein blågg å oppdatere, nokre venner med blåggar ein pleier lese, nokre nettaviser å halde seg oppdatert på, og vips er nettkvelden over.

Samstundes er det mange lesarar på nett. Og det hender ein skriv noko som ein syns er viktig og bra, og kunne ønske ein hadde fleire enn 8 lesarar den dagen.
Då fins det stader ein kan forsøke å fange lesarar. Ein kan legge lenke frå sin eigen blåggpost og inn på Bloggarkivet eller Bloggrevyen. Utmerka tenester for deg som gjerne vil ha fleire lesarar.

Men igjen, dagen er kort, og nettlivet hektisk og oppslukande. Og for meg blei desse tenestene fort brukt på samme måte som andre sine blåggrullar (lenkelister). Enkelte legg jo lenke til alt muleg dei skriv, andre legg ut teasere utan at det eigentleg er så mykje å lese. For nokre er sikkert desse tenestene dei aller finaste å finne nye blåggar på, og å skaffe seg nye lesarar. Og dei er opne for alle slag postar, det fins ikkje noko kvalitativt krav eller redaksjon.

Men det fins ei teneste på nett, der ei samling mennesker sit og les seg gjennom nærare tusen blåggpostar i døgnet, og plukker ut dei som dei likar og trur andre vil like. Heilt subjektivt, så om ein har omlag samme smak som den gjengen, kan ein finne gull. Om ein likar heilt andre ting, er jo tenesta meiningslaus. Denne tenesta er så vidt eg veit den einaste blåggportalen der ein redaksjon faktisk plukkar ut postar dei trur er lesverdige for mange.
Tenesta heiter Sonitus.

Dei som les postane der inne har litt forskjellig smak, og alt etter kven som er på vakt, vil det vere litt forskjellig tuvalg. Nokre plukkar gladeleg fram postar som mest er morsomme, andre likar grundige og lange artiklar, og nokre er mest ute etter kva som er originalt. Men alt i alt gjer dei dette fordi dei trur at det er fint med ei slik teneste. At det er fint at ein både kan klikke seg gjennom heile VG.blogg om ein vil, at ein kan pinge sjølve til Bloggrevyen og Bloggarkivet, og finne postar der som ein vil lese, OG at ein kan gå inn på Sonitus og finne dei postane som heilt vanlege folk meiner er det beste dei har lese dei siste åtte timane.

To gonger i veka har eg slike åttetimarsvakter på Sonitus. Eg har mine på kveldstid, sidan dagane mine er heilag skrivetid. Desse to kveldane les eg omlag 200-400 blåggpostar. Dersom eg likar dei, finn det eg les underhaldande og godt skrive, etter mi subjektive vurderingsevne, legg eg posten inn på Sonitus.
Det hender også at eg tippar andre vil like ein post, utan at eg sjølv finn den interessant. Det er særleg om det er grundig arbeid bak, og ein kan lære noko av å lese.
Terskelen min for å legge ein post inn på Sonitus er bittelitt lågare for dei nye blåggane, og for dei som sjeldan er representert. For det er jo ein del gjengangarar, det er ikkje tvil om det. Om document.no har skrive noko bra, skal det vere litt ekstra bra for å bli lagt til. For eg tenker at dei kanskje har ein del lesarar uansett. Om ein blågg som sjeldan har postar av allmenn interesse skulle smelle til med noko ganske bra, er det rett inn på Sonitus. For kanskje har ein del folk vore innom denne blåggen og ikkje komme tilbake, og posten fortener fleire lesarar enn blåggen kanskje har til dagleg.

Nokre folk har følt seg litt intimidert av å komme på Sonitus. Her skriv dei ein privat og personleg liten blågg med nokre få faste lesarar, og plutseleg ligg ein av postane deira der. Plutseleg får dei framandfolk på besøk utan å ha invitert dei. Om dette skulle skje deg, og du vil sleppe å oppleve det, er det veldig fint om du gjev oss beskjed. her eller der eller rett til Hjorthen, som er ildsjel og primus motor bak heile prosjektet.

Andre folk syns Sonitus er ekskluderande, sidan dei aldri opplever å komme inn dit. Eg har lese nokre postar på Sonitusvaktene mine der folk slår fast at «dei er i alle fall ikkje på Sonitus si liste over lesverdige blåggar». Men dei er på lista. Me les. Og det hender eg legg til slike «klager» på Sonitus, for å hjelpe dei til å få debatten i gang.

Sonitus er eit møtepunkt for blåggarar, slik andre portaler er det. Forskjellen mellom Sonitus og dei opne legg-til-sjølv-portalane, er at nokon velger. Ein kan vere uenig i valgene og la vere å bruke tenesta til å finne lesverdige postar. Ein kan like valgene og gå inn dit kvar gong ein kjedar seg.

Alt i alt er Sonitus eit forsøk på å gjere nettet litt rikare. Litt lettare å bruke.
På samme måte som om alle vekeblad og magasin utelukkande innehaldt lesarinnlegg, og ikkje hadde nokon redaksjon. Då ville det vere greit med eit lite alternativ der ute i hjørnet. Eit magasin der ein redaksjon plukka ut dei mest lesverdige innlegga, etter deira smak.

Eg kunne ønske det fantes fleire slike tenester, helst med andre preferansar, andre slags folk med annleis smak. Det ville vore veldig fint.

Men foreløpig er eg glad for at i alle fall denne eine tenesta finst. Derfor yter eg ein liten skjerv. To kveldar i veka. Og håpar nokre nettbrukarar har glede av det.

Og om du skulle snuble over ein fin post du syns andre burde lese, eller ein blågg du trur me ikkje har oppdaga, så gje gjerne beskjed. Me gjer så godt me kan, men rekk ikkje over alt.

God nett-tid!

Advertisements