Russefeiringa er ein 105 år gammal tradisjon her til lands, og noko av det mest levande og elska av gamle tradisjonar i kulturen vår.
Ein kan meine mykje, og det er det alltid mange som gjer, om fyll og usømeleg oppførsel, og mange lærarar, rektorar og foreldre har nok opp gjennom åra freista mane til edrueleg eksamenslesing i mai. Men kampen mot feiringa må seiast å vere tapt.
Så kvifor held ein fast i ei ordning der eksamen er lagt så seint at 18-19-åringane våre må velge mellom å øydelegge karakterane sine, eller stå utanfor ei svært sterkt forankra sosial feiring?
Ein kort periode ein gong på 1900-talet var det ei prøveordning med å legge eksamen før russefeiringa. Eg har vanskar med å finne kjelder på dette, men folk i 60-åra har fortalt om tidleg eksamen, og russetur til København rett etterpå, ei ordning som fungerte aldeles utmerkt (for alle andre enn danskane).

Dette har vore debattert igjen og igjen, siste gong i 2005. «Forslaget ble møtt med laber interesse og mange motforestillinger. Det ble derfor ikke fremmet forslag om endringer,» meddelte regjeringa dengong. Og vidare blir det sagt at:

  • Opplæringsloven fastsetter at skoleåret skal bestå av et minstetimetall. Nedkorting av skoleåret vil ikke være i samsvar med klare politiske signaler som gitt fra mange hold..
  • Et alternativ kan være mer konsentrert undervisning, kutt i antall feriedager eller lengre skoledager resten av skoleåret.. Også det medfører utfordringer og problemer.
  • Det er usikkert om endret eksamenstidspunkt i praksis vil medføre at feiringen starter seinere.
  • Det er prinsipielt betenkelig at feiring og fest skal være bestemmende for undervisningsår og eksamen.

Til første punkt: Ein kan framleis sette standpunktkarakterar ved slutten av vanleg skuleår, og ha undervisning som planlagt. Det er ikkje noko gyldig argument mot å avhalde eksamen før 17.mai.
Til andre punkt: Prisverdig at ein har drøfta andre muligheter. Men at noko er vanskeleg å finne ei god løysing på, betyr ikkje at dagens løysing er god, berre at det er lettast å ikkje endre noko, tydelegvis.
Til tredje punkt: Sjølvsagt kan ein ikkje predikere resultat av endringar. Det har i norsk skule vore gjennomført svært mange endringar som har ført til andre resultat enn ein ønskte seg. Dette veit alle, ingen politiske vedtak kjem med garantiar for ønska utfall.
Til fjerde punkt: Ja, her er me vel ved sakens kjerne. Russefeiringa er like gammal som nasjonen, like årviss og samlande for dei unge som julaftan er for heile folket, og det er betydeleg meir begeistra og einsarta oppslutning om russefeiringa enn mange andre tradisjonar me held fast i. Til dømes er fridagane i samband med Kristi himmelfartsdag og pinse i praksis tømt for både meining og tradisjon for folk flest.
Kvifor er det då så lite vilje til å akseptere denne feiringa som eit sterkt, tradisjonsbunde kulturuttrykk?
Fordi det ikkje er ei religiøs feiring? Fordi det er knytt rus til den, slik også dei mykje eldre juleborda ikkje er aksepterte kulturuttrykk? Fordi det er ungdom, fest, glede og dionysisk jubel som er kjerneinnhaldet? Fordi det er farleg, og usunt?

Det er på tide å legge forholda til rette for at ungdommane våre skal få dei beste resultata ut av 13 års skulegang, framfor å halde fast i ei moraliserande og unnvikande haldning der ein gøymer seg bak at dette » primært er en privat markering for myndige personer over 18 år». Julefeiringa er også ei privat markering stelt i stand av myndige personar over 18 år. Eg har ikkje sett manglande vilje frå verken stat eller arbeidsplassar i høve tilrettelegging av den feiringa.

Advertisements