• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: april 2012

Ti dagar og ein drøss med flyturar

22 søndag apr 2012

Posted by Avil in Skriveprosess, Ut blant folk, Ut i Europa, Ut på tur

≈ 9 kommentarer

Stikkord

arbeid, rart

Ti dagars manusarbeid att. Det er heilt sjukt. Eg sit med språkvasken no, og det er ikkje så frykteleg mykje igjen. Deadline om 9 dagar. Og så er det korrekturen seinare. Det er rart med det, etter 6 år er Eirabu snart til endes for mitt vedkomande,. Eg er så spent på om dei som likte førsteboka vil elske andreboka, og eg håpar sjølvsagt at anmeldarane skal bli glade, og at VG skal gi meg ein femmar og sånn.

Det er ikkje så mange som har lese. Redaktør og ektefelle og forfattarvenninne og konsulent.
Kanskje me er blitt fartsblinde, kanskje eg ikkje klarte alt det eg ville. Men eg klarte dette

«Imponerende verk, rett og slett. Språkvaskeren gråt underveis.»

Og så, då. Kva skjer etter eit intenst arbeid som er så krevjande og oppslukande at ungane mine har lært å lage middag sjølv?
Då er det ut i verda.
Eg skal til Berlin først, og besøke ei veninne eg er så glad i. Ho var den einaste av venene mine som besøkte meg i Danmark dei 7 åra eg budde der, og no vil eg sjå korleis ho har det i utlendigheit sjølv. Eg gleder meg veldig.
Så er det Lillehammer litteraturfestival, der eg er invitert til å både lese frå boka, og til å skrive ein pengetekst å lese opp. Begge delar 1 juni, så det blir den skumlaste og finaste dagen på festivalen for meg, men eg kjem til å vere der frå onsdag til søndag, møte masse folk, høyre mange forfattarar, drikke masse vin og kose meg ein bonk.
Men me gir oss ikkje der. Ei veke i Spania med ungane, berre eg og mor mi og dei finaste ungane i verda, stranda og himmelen og sola og alt som er godt her i livet.
Og SÅ, veit du, SÅ er det lanseringsfest i Oslo. 20 juni. Ferdig bok i neven og rart og lukkeleg og sikkert litt på grinen.
Og DÅ er det sommarferie.

Elsk.

M60

11 onsdag apr 2012

Posted by Avil in Meme

≈ 5 kommentarer

Stikkord

blandings, memer

Eg er fortsatt full av snått og har ingen hjerne og memer vidare. Denne gongen frå Idas blogg, og ho har lånt frå Hjartesmil, som igjen har lånt. Slik er memer. Og om du låner herifrå, så lenk gjerne attende. Det ville vore så nostalgisk koseleg.

  1. kor gamal er du om fem år? 46.
  2. kven var du minst to timar rundt i dag?Eg har vore aleine sidan ungar og mann forlot huset i dag morges.
  3. kor lang er du? Eg er ruvande små 170. Når eg er saman med mor mi og bror min er eg lita og nett. Elles varierer eg frå flodhest til gjennomsnittleg.
  4. kva var den forrige filmen du såg? Ho der fabelaktige Amelie frå Montmartre.
  5. kven ringte du sist? Ektemannen. Eg er sjuk og svolten.
  6. kven ringte deg sist? Caterina.
  7. kva stod på den forrige sms’en du fekk? Hohoho; ringer om 10-15.
  8. føretrekk du å ringa eller senda sms? Kjem an på. Sms er greit, men diskusjonar om tidspunkt og avtaler må ein ringe om. Telefon er fint, men utartar seg gjerne til for lang prat.
  9. er dine foreldre gifte eller skilte? Dei er så gifte atte jelp.
  10. når såg du mamman din sist? Mandag.
  11. kva farge har du på augene? Sånn blandings av grønt og brunt.
  12. når våkna du i dag? Klokka sju, då vekkerklokka ringte, slik den alltid gjer på kvardagar. Har ungar, vettu.
  13. kva er din favorittjulesang? Eg veit ikkje heilt. Men sidan jul har eg gått og nynna på den der engelske vrøvlesongen, nananananana, dadadadadaad, ladididadada, mmmm m m m m. Den ja.
  14. kva er din favorittplass? Trur kanskje sommarhuset til foreldra mine. Eller ute på fjorden der, aleine i blå robåt, med harpe og kaffikopp, heilt aleine mellom grå himmel og grå sjø, berre vente på den enorme torsken.
  15. kva plass likar du minst? Verda er full av plassar som liknar drit når du kjem dit, men så vips har du ein ven der, så er plassen bra likevel. Ja, eg veit det høyres teit ut, men det er faktisk sant.
  16. kvar trur du at du er om ti år? Satsar på at eg framleis skriv og sikkert har noko psykologarbeid også. Håper eg har fått forløyst trongen til å teikne noko meir enn i løynd, då.
  17. kva skremte deg mest om natta som liten? Mareritt om bleike, livredde, tynne, unge menn som blei etne opp av eit monster på rommet mitt. Dei sto berre i kø, gjorde ingen motstand, blei berre etne, ein etter ein.
  18. kva fekk deg til å le hardt seinast? Far min, som teikna små, pertentlege strekar foran alle orda på handlelista. Det er noko arveleg, trur eg.
  19. kor stor er senga di? 180 brei. Plass til to egoistiske vaksne.
  20. har du stasjonær eller bærbar datamaskin? Berre bærbar. HP ProBook.
  21. søv du med eller utan klede? Utan, medmindre det er ullundertøykaldt eller overnattingsnattkjole.
  22. kor mange puter søv du med i senga? Ei til å sove med, og så ekstrapute til lesing.
  23. kor mange land har du budd i? To, tre.
  24. kvar har du budd? Litt rundtomkring. :vag:
  25. likar du sko, sokkar eller berrføtt? Eg er definitivt eit strømpebukse og støvlett-menneske.
  26. er du sosial? Ja, på ein måte. Eg likar folk, men må vere aleine mykje og.
  27. kva er din favorittis? Eg likar Kung-Fu-isen, men den er ikkje så god, eigentleg.
  28. kva er din favorittdessert? Eg likar ikkje så godt søtt, så det må vel bli ost, eller noko mørk sjokoladekake med friske bær.
  29. likar du kinamat? Det er heilt greit. Om restauranten har god and, er det bra.
  30. likar du kaffe? Eg drikk skikkeleg tynn pulverkaffi med mykje mjølk, og det andre kallar god kaffi smakar berre beiskt og jævleg. Men ja. Eg likar kaffi. Sånn tynn med mykje mjølk.
  31. kva drikk du til frukost? Appelsinjuice.
  32. søv du på nokon spesiell måte? Eg ligg på magen til eg nesten sovnar, og så snur eg meg på sida.
  33. kan du spela poker? Ja. Eg er ingen stor matematikar, og hugsar aldri kva kort som har gått, men den mindre medvitne delen av hjernen min reknar og hugsar likevel, så det pleier gå ganske bra.
  34. likar du å kosa? I passelege dosar. Eg blir fort kvalt av kos, medmindre det er ungane.
  35. er du eit avhengighetsmenneske? Eg er eit nytingsmenneske.
  36. kjenner du nokon med samme bursdag som deg? Me var tre i klassen på gymnaset.
  37. vil du ha born? Har to. Dei beste. Treng ikkje fleire.
  38. kan du nokon andre språk enn norsk? Dansk, og engelsk.
  39. har du nokon gong vore i ein ambulanse? Ja, to gonger. Ein for meg og ein for nokon andre.
  40. føretrekk du havet eller eit basseng? Havet. Ferskvatn er ikkje bra å bade i, og blir ikkje betre av klor.
  41. kva brukar du helst pengar på? Dei fleste pengane går til kvardags, liksom. Mat, hus, bil, sko og klede når alt er slitt, vin og røyk. Resten går til å komme meg stader, oppleve ting.
  42. eig du dyre smykker? Eg har arva nokre smykker, men veit ikkje prisen. Og har dei i banken, så ingen treng komme hit og prøve å stjele noko. Klok av skade/innbrot.
  43. kva er ditt favorittprogram på tv? Eg ser lite tv. Men veldig kjekt med seriar. Særleg fantasy. True Blood, Game of Thrones. Og Big Bang Theory er gøy.
  44. kan du rulla med tunga? Eg kan lage sånn trippelbøy. Det er arveleg. Sonen min kan og.
  45. kven er den morsommaste personen du kjenner? Agnes Ravatn og Selma Lønning Aarø er morsomme. I den grad eg kjenner Ragnar Hovland, så han. Og Linda Geelmuyden.
  46. søv du med kosedyr? Nei.
  47. kva har du som ringelyd?Tre nøtter til Askepott. Hahaha. Neida. Joda.
  48. har du klesplagg frå du var liten?Nei.
  49. kva har du nærast deg no som er raudt? Pleddet som ligg i sofaen.
  50. flørtar du mykje? Eg har fått høyre at eg flørtar med alle, alltid. Eg prøver berre å lage god stemning.
  51. kan du bytta olje på bilen? Eg kan fylle på og måle om det er nok.
  52. har du fått ei fartsbot nokon gong? Nei.
  53. kva var den forrige boka du leste? No fekk eg akutt amnesi.
  54. leser du avisa? Me held Sunnhordland, Klassekampen, Morgenbladet og Dag og tid. Eg les dei, stort sett.
  55. abonnerer du på noko magasin? Eg får Tidsskrift for norsk psykologforening i posten, i alle fall.
  56. dansar du i bilen? Ja.
  57. kva for radiostasjon høyrte du på seinast? Akkurat i dag har eg høyrt på eit intervju med ho Marias metode-Maria, som er lege og langvarig sjuk og meinte ting om nav-debatten. Elles går det jo i P2. Eg er trass alt…ja, alt eg er. P2s målgruppe i eigen person.
  58. kva var det siste du skreiv ned på eit papir? «Ryddig inn og ut, men skrive kaos når kaos.»
  59. når var du i kyrkja sist? Akutt amnesi igjen.
  60. er du lykkelig? I den grad eg evner å vere lukkeleg: Ja.

Mlenge sidan

10 tirsdag apr 2012

Posted by Avil in Meme

≈ 2 kommentarer

Stikkord

guy gavriel kay, klassekampen, lypsyl, pung, sitron

Meme, det er sånn greie ein driv med for å halde liv i bloggen når ein ikkje kan tenke, men også ein gamal rest, liksom, frå dengong bloggane hang saman som ein vev i veven, og me lenka til kvarandre og kommenterte hos kvarandre og mema rundt, liksom.

Alt godt har mema. Og det passar jo bra i dag.
Ho er hakket meir glamorøs enn meg, får me vel seie.

• Dagens leppestift/lipgloss: Lypsyl.

• Dagens duft: Eg har ikkje dusja i dag, så eg luktar vel litt sovelukt pog febersveitte.

• Dagens sko: Grå ulltøfler.

• Dagens smykker: Gifteringen.

• Dagens bok (altså den du les no): Under heaven, av Guy Gavriel Kay.

• Siste avis du las: Klassekampen.

• Siste musikk du høyrde på: Noko symfonisk rock bror min spelte for oss i påska. Yes, trur eg. Han dreiv med vaksenopplæring, men eg var ikkje heilt innan pedagogisk rekkevidde.

• Siste film du såg: Notting hill. Faktisk. I går, saman med dotter mi. Eg hadde nettopp målt 39 grader UNDER ARMEN, og erklærte meg derfor sjuk nok til jentefilm og svarte rockere (dei GODE seigmennene).

• Siste reise du var på (innanlands/utanlands): Innanlands: Fjelberg i påska. Utanlands: Har vel ikkje vore utanlands sidan i fjor sommar. Danmark, som vanleg. Eg er dansk gift. Nuff said.

• Siste nettstad du var innom før denne bloggen: VG. Eg vil eigentleg ikkje lese om han der terroristen og diagnosane hans, men eg klarar ikkje la vere.

• Siste te/kaffe du drakk: Den der ayur-vediske ingefær/sitron-teen.

• Siste setning du sa: Uhell kan skje alle (til dotter mi).

• List opp tre ting frå veska di: Pung, nøkkelknippe, lypsyl.

Counting blessings

04 onsdag apr 2012

Posted by Avil in Skriveprosess, Ut blant folk

≈ 4 kommentarer

Stikkord

manus

Det er alltid litt teit å starte eit blogginnlegg med å orsake at ein ikkje skriv oftare. Så det skal eg ikkje gjere. Og dei aller fleste som er innom her har vel fått med seg at eg er i den lange, seige innspurten med manus, så det treng eg heller ikkje nemne.

At det er vår ute, med krokusar og påskeliljer og sikkert kvitveis for dei som har vågd seg ut i grøftekantene, det treng heller ikkje tematiserast, i alle fall ikkje så lenge eg ikkje veit meir om våren enn ein finn ut ved å løfte blikket frå pc-skjermen og kikke ut vindauga.

Så alt i alt har eg ikkje så mykje å seie, anna enn at eg er bittelitt lukkeleg over å sjå at manus no nærmar seg ferdig, og eg gleder meg sinnsjukt til å dra til Lillehammer litteraturfestival og lese frå boka i Parken fredag første juni, og eg gleder meg endå meir sinnsjukt til å halde lanseringsfest i Oslo 21 juni, sjølve midtsommarnatta. Eg kjem attende med kva utestad me skal halde fest, og håper at både nettvener og Eirabuvener stikk innom.

Men først: Gjere ferdig siste finpuss på manus før språkvask og korrektur.

God påske!

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

april 2012
M T O T F L S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  
« mar   mai »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen