Ein gong for lenge sidan budde eg i eit tradisjonelt dansk kollektiv.bilde-218.jpg

Me hadde husmøte kvar mandag, der alle åtte hadde møteplikt. Då sto det viktige kollektivgreier på saklista («Mette og Henrik fremmer forslag om at me skal investere i felles tomatplanter, då tomatene dei dyrka i fjor vart brukt i fellesmatlaginga», «Sofie fremmer forslag om at det ikkje blir røyka på kjøkenet før alle er ferdige å ete frukost», «Jens fremmer forslag om at det vert ført liste på kjøleskåpet over krydder og matvarer som vert brukt opp, slik at den som har innkjøpsdag kan erstatte desse», «Bodil gjer merksam på at den store sommarfesten må førebuast, då det kun er tre månader att»). Desse vart diskutert lenge og vel, og stemt over, og resultatet av avstemminga vart ført i møteboka («Mette og Henrik kan ta penger frå kassa til tomater, men må samstundes love å halde liv i tomatplantene sine sjølv, dei blir ikkje fellesprosjekt av å bli sponsa, Sofie kan berre drite i at folk røyker på kjøkenet for det er så koseleg å sitte og skravle og drikke kaffe og røyke om morgonen, Jens er vaksen opp med anale foreldre og kan flytte for seg sjølv om det skal vere reglar for slikt, Bodil har faen meg rett, me må bestemme tema og booke band»).

Det var felles middag fem dagar i veka, og to og to på lag som skulle planlegge, handle, lage middag, bake brød, vaske opp og gjere kjøkenet reint etterpå.

Me hadde eigen surdeig, som var like gammal som kollektivets historie (då eg flytta inn: 18 år) . For dansk rugbrød er bakt på surdeig.
For dei av dykk som lurar litt på kva det er, så fungerer det altså slik at ein har ei skål med deig frå siste bakst ståande i kjøleskåpet, og puttar denne i når ein skal bake nytt brød i stadenfor gjær.

Rugbrøda sto til langtidsheving oppå kjøleskåpet.
Det hendte me delte ut ein slant til folk som mangla surdeig.
Det fins oppskrifter på korleis ein kan dyrke fram sin eigen surdeig, du kan google sjølv.

I Danmark går ikkje folk søndagstur og ikkje har dei niste med seg på jobb. Men dei syklar og dei et rugbrød. I følge danskane er det slik at franskbrød (fellesnemning på stort sett alt brød me et i Noreg, noko som virkar merkeleg for oss som skiller mellom grovbrød, kneipp og loff i stort alvor) gjer born feite og usunne, og det einaste saliggjerande på matfronten er altså rugbrød.

I dag har eg bakt rugbrød.

Utan surdeig. Utan langtidsheving. Rett frå «dansk rugbrød»-pose. Ikkje akkurat dansk rugbrød, med andre ord.

Men det er godt. Verkeleg, verkeleg godt. Og det held seg saftig i dagevis og ligg vektig i magen på skuleborn.

Og som me faktisk fekk skrive ned i møteboka ein gong: «Rugbrød og brunost er skapt for kvarandre, og det endelege beviset for at 1814 var ein forringelse for begge nasjonar».