Stikkord

, , ,

Siste bloggposten min var eit hjartesukk over å skrive frykteleg lang roman for frykteleg få lesarar. Det var ikkje så lett å skrive, sidan det er litt ukultur å innrømme at det er leit å nå ut til få lesarar. Me er jo så mange som skriv, og kvar bok finn i snitt nokre få hundre lesarar, slik har det vore i uminnelege tider, og nesten alle etablerte forfattarar har levd med vissa om å skrive ut i tomme lufta i årevis, for ikkje å seie tiår, før dei endeleg vann eit publikum som gav bøkene deira det eg kalla «livets rett». Eg trakka nok enkelte på føtene ved å formulere meg slik eg gjorde, eg ser det.

Men hjartesukket mitt var også ei overrasking for enkelte, som oppdaga at ei bok som hadde fått mange omtaler på bloggar og i aviser, samstundes kunne vere ei bok som nesten ikkje solgte noko.

Og hjartesukket opna eit hjarterom: Internettets varme, fine vev av folk som bryr seg om kvarandre.

Ida Jacksons bloggpost oppmoda folk til å elske boka med pengar. Det fekk nok folk til å førehandstinge Song for Eirabu, bok 2, Vargtid, til at boka hamna på Haugenbok si bestseljarliste. Først ei veke, så ei veke til. Og den første boka, Song for Eirabu, bok 1, Slaget på Vigrid er no utseld.

Enn det. Så hjarteleg kan bloggfolket vere, om ein tør fortelje det som det er.

Resultatet er at dei av dykk som sit med eit innbunde eksemplar av førsteboka eig ein rarietet.

Og at forlaget har avgjort at boka blir pocket, og at den kjem så fort som råd er. Det vil seie omlag to veker frå no av.
Det skal vere mogleg å tinge Song for Eirabu 1, Slaget på Vigrid i pocketutgåve frå neste veke ein gong.

Eg er så usigeleg rørt og glad. Både fordi så mange har vist at dei vil støtte at det blir gitt ut fantasy på norsk, som var sjølve dronningtanken bak å skrive verket, og fordi boka faktisk kjem i pocket no og dermed blir tilgjengeleg for dei som ikkje kan ta seg råd til innbundne bøker.
Mange som elskar fantasy er unge, studentar og andre som ikkje har så mykje pengar. Dei som har kjøpt den innbundne boka har no gitt desse ei gåve.

Eg elskar dykk. Alle saman. Heilt inni hjarta. Takk.
Eg skriv andreboka for dykk.

Og til helga gjer eg ein liten ekstrating for dykk. Eg drar til Oslo og held foredrag på Norcon (kongress for fantasy/science fiction-litteratur og teikneseriar), eg har tenkt å snakke om blot i norrøn mytologi, og sjølvsagt om korleis blotet gjennomsyrar Song for Eirabu. Heilt gratis.