I Morgenbladet i dag blir det framsatt ein påstand om at helseføretaka bevisst går med underskot for å lure meir pengar ut av politikarane.

Det blir stadig brukt fleire pengar på helse, helseføretaka overheld ikkje budsjetta sine og politikarane føler seg pressa. Det må dei vel gjere. Hovudårsaka til at situasjonen er slik handlar om eit politisk spel som politikarane sjølve har skapt.

For å forstå den noverande situasjonen må ein ha kjennskap til to politiske grep som blei gjort omlag samstundes i begynnelsen av 2000-talet.

  • For det første blei sjukehusa omorganisert til ein slag semi-privatisert organisasjon. Dette innebar at ein god del av arbeidet på sjukehusa fekk prislapp på seg. Dette gjaldt hovudsakleg alt direkte pasientarbeid, altså undersøkingar, diagnostisering og behandling. Alt dette blei kalla «produksjon», og det blei laga eit system der sjukehusa skulle vise «produksjon» og få pengar deretter.
  • For det andre blei det innført eit system der ventetid på undersøking og behandling skulle vere avhengig av ei vurdering av hastegrad.
    Ein innførte samstundes det juridiske omgrepet «rett til nødvendig helsehjelp», som skulle gje pasienten ein juridisk rett til hjelp utfrå ei fagleg vurdering av om helsehjelp ville vere tilstrekkeleg nyttig for pasienten.

Den økonomiske omorganiseringa betydde at organisasjonane blei meir byråkratiske, og antal direktørar og medfølgande stab poppa opp, med tidkrevande kontrollrutinar for økonomisk styring av «produksjonen». Samstundes blei alt dette arbeidet økonomisk usynleggjort. Den enkelte helsearbeidar sine lovpålagte rutinar med journalføring, behandlingsmøter, samarbeidsmøter, vegleiing og rapport blei stadig meir omfattande, og registrering av «produksjon» tek også tid. Men ikkje noko av dette er «produksjon», og teller dermed ikkje som arbeid.

Garantien om fagleg vurdert ventetid og «rett til nødvendig helsehjelp» var eit politisk grep der ein viste politisk vilje til å sikre pasientane ei rettvis og fagleg vurdering, og ein juridisk rett til hjelp, som dermed også innebar klagerett. Dette fekk nokre openberre praktiske konsekvensar:

Det blei laga standardbrev som skulle sendast ut til pasientane. Desse skulle innehalde informasjon om korvidt pasienten hadde «rett til nødvendig helsehjelp» eller ikkje, samt ei grunngjeving dersom pasienten ikkje hadde rett til «nødvendig helsehjelp» som i følge standardbrevet kunne vere at behandling ikkje kunne forsvarast utfrå kostnader, samt ei oppfordring om å klage på avgjerda. Dersom pasienten hadde rett til nødvendig helsehjelp, skulle det stå ei vurdering av kor lenge det blei fagleg vurdert at pasienten kunne vente på slik behandling.
Dette førte til:
– Ingen pasientar kunne avvisast grunna kapasitetsmangel ved sjukehuset. Det blei forbudt å prioritere utfrå kva ressursar sjukehuset hadde.
– Pasientar som var søkt til undersøking og behandling ved helseføretaka av fastlegen, og dermed hadde ei oppleving av helseplager, og ein lege som meinte at spesialisthelsetenesta var best kvalifisert til å hjelpe, fekk brev om at dei «ikkje hadde rett til nødvendig helsehjelp», men vart oppfordra til å klage.
Dette betydde i praksis at færre pasientar blei avvist ved helseføretaka, og blant dei som blei avvist var det fleire som klaga.

Med andre ord:

Helseføretaka sine ansatte er blitt pålagt fleire «uproduktive» oppgåver.
Helseføretaka sine inntaksansvarlege avviser færre tilvisingar til undersøking og behandling.

Å komme med strenge formaningar om å overhalde budsjetta, samstundes som ein pålegger folk fleire oppgåver, er eit politisk narrespel.

Å deretter antyde at helseføretaka brukar fleire pengar ein dei skal som eit politisk spel, er ein hån.
Men på seg sjølv kjenner ein andre.
Politikarane er ikkje villige til å seie høgt kven som ikkje skal prioriterast.
Politikarane har innført eit system som pålegger helseføretaka tidkrevande rutinar samstundes som dei juridisk tar frå dei muligheten til å seie «beklagar, det er fullt» eller «me kan ikkje prioritere deg for me har ikkje ressursar til å gjere alt me ønsker».
Dette er dei reelle problema som må løysast, og det blir ikkje løyst ved å sjå strengt på folk.