No sit eg på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem, på veg til Hop skole. Eg fekk øvd meg litt på slike skumle ungdomsskuleelevar under Falturiltu (nynorsk barne- og ungdomslitteraturfestival), men jaggu er det sommarfuglar i magen likevel.
I mellomtida har eg jo begynt å arbeide på BUP, og har ein del av desse ungdommane hos meg i løpet av ei veke. Under opplesing er det meg som kjem, nysminka med manus under armen, på bortebane. Dei er i flokk og eg kjem med hjartebarnet mitt og skal underhalde, selge, by meg fram. På kontoret er eg på heimebane, ungdommane kjem aleine, og dei kjem med sine vanskar, sine hjarter.
Det passar bra då, syns eg, å utsetje meg for ungdommane på Hop.
Stillinga blir utjamna.
Så fint tenkt.
Jeg tror jeg elsker deg litt.
Og nå er det tid for blomster og hundebæsj, og da tenker jeg på deg, gang på gang.
Du er så modig at hjølp. Lykke til og slik.
Det gjekk bra, trass litt ruskete start med mykje uro grunna open løysing og andre elevar som valsa forbi i bakgrunnen. Straks me fekk låne eit rom med fire vegger var det lettare for meg òg å konsentrere meg.
Høflege, snille ungdommar som sat stilt og lytta, og stilte ein helsikes bråte relevante spørsmål både før og etter opplesing. Fantastisk gjeng. :hjerte:
Så kult! Det er kult med boka som eg skal lese når ho kjem, at du har fin blogg og meiner lure ting; men ingenting er så kult som at du er frå Stord.
Hi hi 🙂
Valk: Folk frå Stord er generelt übercool. :solbrille:
Villblomsten: 🙂