Dei mest engasjerande blogginnlegga i bloggverda handlar om blogging. Ikkje fordi me ikkje bryr oss om verdsfreden og miljøet og nobelprisar og rasisme, men fordi metablogging handlar om oss.
Dei mest intense samtalane me har handlar om oss.
Om korleis me eigentleg har det, om våre næraste, om kjærleik og lengt, om frustrasjonar og kvaler, om skam og angst og kvardag.
Det er ingen hemmeleg Knausgårdkode.
Alle eg snakkar med for tida, les Knausgård. Men når dei snakkar om Min Kamp, snakkar dei om seg sjølve. Karl-Ove Knausgård skriv om seg sjølv med ein detaljrikdom som gjer at alle kjenner seg att. Dei les om seg sjølve, og ingenting er meir engasjerande.
Heh, nesten akkurat dette sa eg til mine Knausgård-skeptiske kollegaer før i dag.
det er så sant som det er sagt! Jeg har ikke turt meg på Min kamp ennå. Mista litt motet etter å ha lest «Ute av verden» SOm norsklærer oppfordrer jeg elever til å tenke «Less is more…» Det gjør ikke Knausgård. Han lesser på….!
FIn blogg, dette! Jeg har stukket innom her i noen måneder. 😉
Takk, akeleiedamen! Bloggen er litt dau for tida, eg har visst mista piffen. Men dryp ein post no og då. Velkommen igjen!
Hydra. Eg og du. Me tenker så likt. Me må ha store jærnar.
Du er den mest interessante eg kjenner, også. Det er difor du er med i twitterskya mi.
Hehe.
Godt nyttår, forresten.
”På seg sjølv kjenner ein andre” heiter det i eit mykje brukt ordtak. Vert 2010-utgåva av ordtaket ”På Knausgård kjenner ein seg sjølv” ?
Eg har ikkje lese Knausgård og kjem nok aldri til å gjere det. Eg slår meg heller til ro med andre, mindre autoritative, kjelder til sjølvinnsikt.
Men eg las akkurat ”Kollektivt selvmord”. Noko av det mest morosame eg har lese på lang tid. Eg las og lo, las og lo så eg rista. Men det eg sit att med i ettertid er ei gnagande kjensle av at det å grave innover i seg sjølv kanskje ikkje er den mest frostsikre kjelda til livsmot og livsglede.
«Kollektivt selvmord» høyres ikkje umiddelbart så lysitg ut, men eg stiller meg sjølvsagt open.
Det er langt frå så gale som det høyrest ut. Berre sjå her:
http://www.bokklubben.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4591585
En skandinavisk «a long way down» med andre ord?
Får vone at Avil tykkjer det er greitt at eg nyttar kommentarfeltet hennar til ei lita avsporing.
KEE: Eg ville heller sagt «A long way down ? » Med vekt på spørjeteiknet. Men om det er Nick Hornby-romanen (som eg kun kjenner av omtale) du refererer til, så kan det nok vere ein grei karakterestikk etter det eg skjønar.
Avsporingar er kjærkomne.
Hornby-romanen, ja. Fornøyelig lesing, men ikke hans beste.