I går ville eg låne noko av årets nobelprisvinnar i litteratur på det lokale biblioteket. Dei hadde ingenting av Tomas Tranströmer. Ikkje fann dei noko då dei søkte i Bergen heller.
Bokhandlaren hadde heller ikkje.

Dersom diktsamlingar ikkje blir lånt blir det etterkvart kassert. Om me ønsker at biblioteka skal ta vare på det som står i lyrikkhyllene, det som er bra og rart og utfordrande og elskeleg, så må bøkene bli utlånt. Ein biblioteksjef sa til meg ein gong: Om boka har eitt einaste utlån på seg, så tar me vare på henne.

Så derfor: Kvar gong du er innom biblioteket, ta med deg ei diktsamling. Dei er små og veg nesten ingenting, berre røsk med deg eit eller anna. Før eller seinare oppdagar du noko du verkeleg likte, som du elles aldri ville funne. Og samstundes reddar du lyrikken. Heilt gratis.

Eg møtte ein lyrikar på biblioteket i går som hjalp meg å finne Steinar Opstad, og Helge Torvunds Alabama? fekk også vere med heim.

Eg har laga ei gruppe på facebook som eg tenkte kunne nyttast som ein stad å anbefale lyrikk. Men køyr gjerne på i kommentarfeltet her. Eller betre: på eigen blogg. På eigen facebookprofil.

Sprei ordet!
Og lån ei diktsamling!

Men denne bør du faktisk kjøpe heilt på ordentleg i butikken. Erlend Nødtvedt: Bergens beskrivelse.

Advertisements