Eg bakar kaker. Eg legg ut bilete på facebook.
«Åh, så flink du er!» skriv fb-vener.
Eg går på trening, eg skriv på facebook at eg har trent.
«Så flink du er!» skriv fb-vener.
Eg vaskar huset, eg skriv på facebook at eg har vaska mitt eige hus, gjort reint i min eigen heim, støvsugd og vaska min eigen drit.
«Så flink du er!» skriv dei.

Å lage sin eigen mat, trene sin eigen kropp, vaske sitt eige hus.
Flink! Flink! Flink!

Damer sluttar å arbeide, eller arbeider deltid.
Dei malar veggene i sin eigen heim, trener sin eigen kropp, kjøper ny sofa og nokre fine lampar, lagar noko pynt som dei danderar dekorativt i sin eigen heim.
Flink! Flink! Flink!

Dei tar lang utdanning, skaffar seg samfunnsrelevant kompetanse, velger å arbeide minder, pusse opp, interiørblogge.
Flink! Flink! Flink!

Får ungar, vaskar og matar eigne ungar, tar ungane med til andedammen, tar sine eigne ungar med på barneteater, lærer ungane å lage fingerdokker.
Flink! Flink! Flink!

Når blei det flinkt å gjere noko berre for seg sjølv og sin eigen familie?
Kva skjedde med å gjere noko for samfunnet?
For kollektivet?

Advertisements