• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Julekalender

Vørterbrød 2.0

10 onsdag des 2014

Posted by Avil in Julekalender, Lesarsørvis, Mat

≈ 2 kommentarer

Vørterbrød med brunost er heilt opplagt noko av det næraste mat kjem snop, og for meg smakar det meir jul enn gløgg og pepparkaker og pinnekjøt til saman.

Og som kjent: Baking gjer deg lukkeleg.

Men vørterbrøda eg har bakt dei siste åra har ikkje vore heilt så gode som eg ville. Litt for tunge, ein anelse smuldrete, og slett ikkje så saftige og smakfulle og fantastiske som eg ønska meg.

På tide med utvikling!
Om Haugesunds husmorsskules kokebok har betaversjonen, presenterer eg for dykk: Vørterbrød 2.0. Behold the åsåm vørterbrød of 2014!

Utgangspunktet var den gamle oppskrifta:
450 g fint kveitemjøl, 450 g fint rugmjøl, 50 g gjær, 1/2 liter mjølk, 1/4 teskei malt nellik, 1/4 teskei malt svart pepar og 1,5 dl sirup.
I tillegg to nye ingrediensar! Følg med!

Fordeig:
Eg blanda kveitemjølet med mindre tørrgjær enn i oppskrifta (omlag halvdelen av kva som er i dei der posane), og litt meir krydder (halv teskei nellik og halv teskei pepar).
Oppi med mjølk som verken er kroppsvarm eller kjøleskapskald (kunne den sikkert vore, men då ville det tatt endå lenger tid, så den fekk 30 sekund i mikroen).
Dette køyrde eg lenge nok i kenwooden til at deigen besto glutenprøven, det vil seie at den heng saman med nokre strengar (ikkje heilt tyggegummi, men samanhengande på eit vis) når ein strekk ein liten klatt deig mellom to fingrar.
Kveitemjølsdeig (ikkje spelt! spelt blir øydelagt av å få juling!) treng full rulle i maskina omlag ti minutt for å bli sånn seig og samanhengande.

Så fekk deigen bli ståande i maskina med handkle over seg ei god stund. Jo kaldare mjølk, jo lenger. Min sto vel i to timar, og så hadde den heva såpass at eg køyrde maskina ein kjapp runde og slo deigen ned, før den fekk stå ein time til.

Deig (fordeig + resten av ingrediensane):
Fram med rugmjølet, og oppi mjølet med den eine nye ingrediensen 200 gram rosiner. Begynner du å bli utolmodig no kan du ha resten av gjæret frå posen oppi saman med rugmjølet, så går siste del raskare.
Så fekk rugmjølet komme i deigen, saman med sirupen, og så den andre nye ingrediensen vørterøl. Om lag 1/3 flaske trur eg. Kaldt frå kjøleskapet, her leikar med ikkje langsam baking!
Blei litt i overkant blautt, så eg justerte med litt meir kveitemjøl.

Ein ny runde med maskina, ikkje like hardt råkøyr som på fordeigen, og ny heving.

Lot den stå vel halvannan time, får eg hadde den i formene.
I kjellaren har me hatt to slike hevekurver ståande i årevis utan å bruke dei, på tide å blåse støvet av dei.
Smørast med olje og dryssast med mjøl, sto det på lappen. Så eg gjorde akkurat det.
Og deigen knar eg i maskina, herregud, det går faktisk an. På dette tidspunktet har faktisk ikkje deigen vore ute av kenwooden.
Men det skulle den no. Ut på mjølstrødd bakebord, delt opp og forma sånn nokolunde til kurvene, strødd godt med mjøl og oppi korga med seg.

Ny heving, denne gong i omnen på heveprogram med damp, eg vil trass alt legge meg ein eller annan gong.

image

Steikomnen på varmluft på 180 grader, og når brøda er heva er det berre å velte dei over på ei plate og vips i omnen.

image

Etter omlag 50 minutt var dei ferdige.
Saftige brød med god kryddersmak, verken smuldrete eller tunge.

Perfekte vørterbrød!

Oppsummert:
Fordeig: 450 g fint kveitemjøl, 30 g gjær, 1/2 liter mjølk, 1/2 teskei malt nellik, 1/2 teskei malt svart pepar.

Etter fordeigen har heva lenge og vel tilsett du:
450 g fint rugmjøl, 200 g rosiner, 1/3 flaske vørterøl og 1,5 dl sirup. Juster med litt meir kveitemjøl til deigen blir passe, men ikkje for tørr.

2 brød, hever i korg eller på plate.
Steike på 180 grader celsius varmluft i omlag 50 minutt.

Jolestemning (parentes bemerka)

11 tirsdag des 2012

Posted by Avil in Julekalender

≈ 7 kommentarer

Når eg køyrer bil til og frå barneteaterøvingar og pianotimar, med bilen full av skranglande posar flasker og diverse som må UT av kjelleren, (for å gjere plass til) posar fulle av nøtter, egg, sukker, natron og mjøl (haha, det var eige juledekor på kveitemjølet, så eg kjøpte dobbelt opp) som skal INN i kjellaren, og born som er nesten matleie av kalendersnop og pepperkaker, høyrer eg ikkje ALLTID på P2 (som eg elles pleier).

Eg vil nemleg høyre julemusikk (burde eg skrive jolemusikk? er det meir stemning med jol enn jul?). Og neida, eg har verken Spotify premium eller Spotify gniten på mobilen, eg har ikkje cd-ar i bilen eingong (jada, det er ikkje berre at eg er ein dinosaur, eg er dinosaur frå kritt-tida), så eg må lite på radiokanalane.

Og radiokanalane har ikkje gjort jobben sin denne gongen. Eg er innom P2, P3, P1, eg trekk pusten og er innom P4, Radio Norge, og neida, neida, ikkje så mykje som Kling no klokka eller Boney M med glitterbadedrakt.

Strengt tatt likar eg ikkje alle andre sine favorittar sånn vanlegvis, men i jula er eg heilt på styr og badar i kitch som om eg skulle vore jødisk pensjonist i Florida.

Her er favoritten:

Og det må vere mormonarar som syng.
Pappa spelte den alltid kjempehøgt då eg var lita og det var jul, mens eg og han låg på rygg på golvet og stira i taket og haldt kvarandre i hendene og så grein me. Eventuelt god smak kan ikkje konkurrere i det heile tatt.

Brune pinnar

11 tirsdag des 2012

Posted by Avil in Julekalender

≈ 7 kommentarer

Brune pinnar

150 gram mjukt smør (eg brukte margarin)
200 gram sukker
2 eggeplommer
1 matskei lys sirup
1/2 teskei kanel
1 teskei vaniljesukker
1 teskei natron
300 gram kveitemjøl (eg brukte 250 g mjøl + 50 g havregryn)

Egg til pensling
Hakka mandlar (eg brukte hakka hasselnøtter)
Perlesukker (det står berre sukker i oppskrifta, så om du ikkje har perlesukker går det nok bra)

175 grader celsius, 10 -15 minuttar

Rør smør og sukker kvitt.
Bland i resten av ingrediensane.
Elt deigen og del i 6 emner som du trillar ut til pølser.
Legg pølsene på plata og trykk med fingrane til flatare stenger (eser ut, ikkje ver nøye).
Pensle med egg, dryss med sukker og hakka mandlar.
Steik kakene.
Ta dei ut av omnen og skjer straks opp på skrått (det står skrått i oppskrifta, eg skar berre beint, eg, med pizzahjul).
Avkjøl på rist (ja, det står i oppskrifta, men dei er ganske mjuke når dei kjem ut av omnen, så eg berre skar opp og lot dei ligge der og kjøle av).

Brune pinnar

Oisann, her har eg visst ete ei rad allereie  før dei fekk kjølt av.
Ein kan like godt lage dobbel oppskrift med ein gong.

Kultur og bakepulver

05 onsdag des 2012

Posted by Avil in Julekalender, Lesarsørvis, Mat, Vere mor

≈ 5 kommentarer

Stikkord

kostymer, sminke

Eg har slike heldige middelklasseungar som går på kulturskule, og i år betyr det at begge skal danse i Stord kulturskules musikal Scrooge. Premiere i morgon, generalprøve i kveld. Eg gjentek: Premiere i morgon, generalprøve i kveld.

Og nei, gjentakinga er ikkje eit forsøk på å få dykk til å komme, premieren er allereie utsolgt. 450 plassar i salen, full sal. Alt dette er berre sagt for å kontekstualisere det følgjande:

I går var det kost og mask. Som det heiter på teatersk. Første gjennomgang av heile førestillinga med sminke og kostymer.

For å kontekstualisere ytterlegare: Det er 149 born med i oppsetjinga. 149.

Om du ikkje sjølv har delteke i barneteater eller har hatt ungar med, er det mogleg du no tenker anten «gjesp» eller «åh, så koseleg».

Opp i rævva med gjesp eller koseleg, din staur.

Me snakkar komplett og fullstendig anarkistisk stress. Eg skulle berre snike meg inn i går og sjå på kostymeprøven, men ein kjapp vitjing bak scena fekk meg på betre/verre tankar. Mitt eldste barn er både eldst, av hokjønn og på alle måtar samla og i stand til å forstå situasjonens alvor, så ho hadde ingen umiddelbart ustetta behov.
Han der yngstemann derimot, viste seg å vere del av ei gruppe streetdansande gutar i 8-9 årsalderen som hadde utvikla akutt hjernesvinn, hovudlaushøne-syndrom kombinert med ulvehunger.
INGEN MAT NÅR DE HAR FÅTT KOSTYME PÅ! var den eine superstrenge beskjeden som blei gjenteke 40 gonger utan å gjere større inntrykk på dei enn beskjeden «ikkje gå opp på kjøkenbenken» har på kattar flest.
DE SKAL VERE I GARDEROBEN DYKKAR HEILE TIDA NÅR DE IKKJE ER PÅ SCENA! var den andre beskjeden som ein like godt kunne skrive på ein post-it-lapp og kasta ut vindauga med same effekt.

Eg tilbrakte 4 timar med å leite etter dei. Kvar gong eg hadde funne mange nok til at eg ikkje kunne halde alle i handa samstundes, forsvann halvdelen igjen. Til å begynne med fann eg dei ofte der maten var, men etterkvart forsto dei vel bittelitt med hjernesvinnhjernene sine, og stal med seg rundstykker og gøymde seg for å ete. Noko som har eit optimalisert dårleg sluttresultat for den som skal få måkt dei inn på scena til rett tid.
Til slutt var det berre ein gut eg ikkje fann, og det var min eigen. Endå bra eg etter tjue minuttars desperat leiteaksjon ringte heim til mannen min og fortalde at eg blei sein fordi eg ikkje fann ungen. Han sat nemleg heime og spiste kvelds.

Eg kom heim halv ti om kvelden med 140 i puls, og måtte ha korporleg hjelp til å knekke akslane ned under øyrehøgde.

I natt har eg vakna ein gong i timen og tenkt slikt som «me må vise film i garderoben!» – «eg kan ta med forkler til alle som dei kan ha på seg når dei et, det er umogleg å hindre åtteårige gutar i å ete i 4 timar!» og «herregud, dette går aldri bra» og «auauau skulderen!».

Kva har bakepulver med dette å gjere?

Etter ei paddeflat banankake, ei flat krydderkake og eit brett flate, harde scones, tenkte eg at eg ville dele min nyvunne viten med dykk:
Bakepulver kan gå ut på dato.

God julestri, folkens! Eg stikk ned i kulturhuset for å gjete born med midlertidige atferdsvanskar.

Ihhh! 2

30 fredag nov 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Julekalender

≈ 1 kommentar

Det er SKULLE seie i den forrige posten her, var dette:

SNØ! IHHH!

For etter ein lang kveld med pakking av 48 gåver (ungane legg seg stadig seinare, og det betyr at eg er stadig meir søvndepravert etter kalenderpakkinga), var det åsåm å vakne til kvit snø utanfor. Akkurat det lyset, akkurat den kjensla.

Eg elskar jula. Elskar, elskar, elskar.

Ihhh!

30 fredag nov 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Julekalender, Vere mor

≈ 2 kommentarer

Stikkord

advent, i-landsproblemer, jul, kalender

I går kveld pakka eg ut alle postpakkane eg hadde henta. Stappfulle, små esker frå coolstuff og hjerteboden og cdon. Dette er nemleg tradisjon: 48 gåver skal pakkast inn og hengast opp i stova, og alt skal vere klart før 1. desember. To born, do the math.

Og kvart einaste år går det kuk i logistikken, for å seie det på dansk.

Det viser seg å ikkje vere full harmoni og balanse mellom det eg har tenkt at guttungen skal få, og det eg har kjøpt inn til jentungen. Han vil helst berre ha snop, ho vil helst berre ha hobbysaker. Det dei får skal opplevast rettferdig, dei skal bli like glade og ikkje bli ramma av misunning eller kjensle av å bli forbigått, og det skal vere ein viss dynamikk i progresjonen. Først noko ekstra, sidan første dagen er laurdag og andre er søndag, men så skal me tone det ned og berre ha bittesmå nillesjokoladenissar og sukkerstenger nokre dagar, før ei overrasking på onsdagen, og litt nedpå igjen, før nye og litt betre helgegåver.

Kabalen gjekk sjølvsagt ikkje opp, så no må eg ut og finne den særlege gåva til kvar på julaftensmorgon. Eg hadde tenkt Love Actually, men det blir neppe tid til film den dagen, og dessutan vil sikkert guttungen syns at det er for mykje kliss og alt for få romvesen i den.
Puslespel går heller ikkje, for pusling må skje over tid på spisestovebordet, og det skal nyttast til julemiddag og julefrukost og gudane veit kva.

Som de skjønar: i-landsproblema mine tårnar seg opp.
Eg er takksam for gode råd.

 

Luke 16 og 17: Manus versus jul

18 søndag des 2011

Posted by Avil in Julekalender

≈ Legg igjen en kommentar

Eller: Manus versus alt anna. Manus vinn, altså.

Luke 15: Bake versus kake

15 torsdag des 2011

Posted by Avil in Julekalender

≈ 1 kommentar

I etterdag har tantungane mine vore her på den årlege førjulsfellesbakinga, og dei er fingernemme, kreative og uthaldande, akkurat som mine eigne born. Strålande opplegg, og det kjem boksevis av kaker ut av slikt. Nokre kanskje i overkant jazza opp med seigmenn og sølvkuler, men det viktigaste er å bake.

Sjølv om enkelte trur det viktigaste er å ete kake.

Luke 14: Tru versus vitskap

15 torsdag des 2011

Posted by Avil in Julekalender

≈ Legg igjen en kommentar

I formiddag har eine ungen lese vers i kyrkja. Det er den ungen som elskar eventyr, vil bli forfattar, hugsar meir norrøn mytologi enn eg gjer, og som helst vil gå lange turar med meg i skogen og diskutere eksistensielle spørsmål.
Samstundes deltok den andre ungen på det alternative opplegget på biblioteket, saman med heidningar og muslimar. Det er den ungen som er betre i hovudrekning enn mor si, som snart slår mormora i sjakk, og som aldri har trudd på verken nisse eller tannfe.

Her i huset har me religionsfridom. Dei får velge sjølv.

Luke 13: Alvor versus skjemt

13 tirsdag des 2011

Posted by Avil in Julekalender

≈ 2 kommentarer

Eg har bakt lussekatter.
Eg har kjøpt kvit kjortel til jentungen.
Eg har sjekka batteria i lucialysa.
Eg har leia allsong med ungane for å øve på teksten.
Alt er sånn sett klart for rørande opptreden hos oldemor og besteforeldre i ettermiddag.
Om ungane berre, eit minutt eller to, kunne ta seg saman og ikkje synge dreit oppi lia, fnise hysterisk og pirke i kvarandre med lysa.

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

februar 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728  
« sep    

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...