Stikkord
Eg kan like godt vere ærleg: Å bu på Leirvik er eit slags kompromiss. Eg skulle gjerne budd i ein by, helst i ein lettstelt leilighet med solvendt balkong, og alt som er fint med byar innan rekkevidde. Og så skulle eg gjerne budd på landet, på ein liten gard med sauer som held oss med kulturlandskap, ull og lammekjøt. Høns som gøymer seg i ripsbuskane og ikkje vil inn om kvelden. Stjernehimmel utan lysforureining, varm trappehelle lyse sommarmorgonar, nedtrakka sti i vintersnøen mellom vedskjul og baktrappa.
I staden bur me i eit stort 80-talshus med avgrensa hage. I ein velstelt villaveg nær sentrum, i ein tettstad som gjerne vil vere by i namnet, men ikkje i infrastruktur. Det er greit og praktisk. Det er økonomisk og fornuftig. Men framleis eit kompromiss.
Draumen om livet på landet spirer i kjøkenhagen.
No har den fått kyllingar.
Ute i hagen bygger me hønsehus. Dei skal få heile plenen, og litt buskar å rote med. Det kjem gjerde med nett over, hauken får ete nokon andre.
Det er til å bli lukkeleg av. Sjølv om den minste av dei ikkje går så godt, og i tillegg klarte å ensten drukne på 3 mm djupt drikkevatn. Og me veit enno ikkje om det blir hanar, heile gjengen, eller om me får dei første egga i august.
Og i kjellaren står 10 nye egg i rugemaskina.
Å – jeg som trodde du bodde sånn på årntli landet! 🙂 Vi har også kompromisslivet i femtitallshus i femtitallsutbygdsmåhusområde i skogkanten av hovedstaden. Og masse dyrking og kompost og bygging av drivhus og poteter og bær og liksom-landet i hagen og landsby rundt oss og byen langt unna. Kompromisset er mellom drømmen om årntli-landet-småbruket med plass og utsyn og noen mål og uthus – og dette livet her med venner for ungene i annenhvert hus og kort skolevei til fots osv. Altså ikke et ekte kompromiss, mer at det ble sånn… Og så lurer vi på de hønene – om vi har plass nok og sånn – for det hadde jo vært så bra!
Klart du har plass! Kven treng eigentleg å slå plen?
Hehe – jeg har en tolvåring som gjerne vil slå plen – men han kan jo gå til naboen. Og så er det jo så mye bærbusker og hagekasser og slikt noe. Men du har nok rett – vi har nok sikkert plass. Tenke tenke. Du får oppdatere og motivere 🙂
Will do!
Jeg kan godt forstå at det er til å bli lykkelig av. (Selv om jeg er livredd alt som har vinger.) Du skriver så fint!
Takk, Carina! Og om du har fuglefobi er det berre å skaffe seg kyllingar. Du blir kurert på flekken.