Aulaen på barneskulen var fullstappa. Foreldra til sjuandeklassingane sat på pinnestolar i tronge rekker og lytta. På scena sto ein ekspert på ungdom og internett og malte Fanden på veggen.

– De føler dykk kanskje sikre på at ungdommen ikkje gjer noko galt, når dei sit på rommet sitt. Men slik er det ikkje! Dei kan utføre kriminell og skadeleg mobbing med berre nokre tastetrykk.

Han kom med døme på nakenbilete frå gymgarderobane, spreidd til alle. Fryktelege episodar med utfrysing, audmjuking og latterleggjering. Bodskapet var klokkeklart: Internett er den nye arenaen for psykisk terror av skulekameratar.

– Og spel! Det finnes spel der ein får poeng for å drepe flest mogleg born på eit sjukehus, der blodet sprutar og grafikken er heilt realistisk! Foreldra anar ikkje kva som føregår, medan borna sit på rommet sitt og blir utlært i våpenbruk og brutalitet !

Det var mange ropeteikn. Døme på alt som kan gå galt. Horrible scenarier.

Til sist snakka han om kva me foreldre kunne gjere. Det einaste halmstrået me kunne gripe til i dette oseanet av blod, vald og kriminell mobbing var forbod og overvaking.

Me måtte nekte borna å bruke sosiale medier så lenge me kunne, og pc-en burde stå i stova. Me burde ha tilgong til alle passord, og gå inn på ungdommen sine datamaskinar og sjekke loggen. Me burde lese kva dei dreiv med på facebook, helst også dei private meldingane, for der kunne det vere mykje stygt.

Han fortalte korleis han sjølv hadde gripe drastisk inn i eigne borns liv på internett, og korleis ungane hans var blitt nekta mobiltelefonar i det lengste.

Til slutt kom ei oppmoding om å kople inn politiet, utekontakten, skulen og eventuelt barnevernet ved lovbrot.

Etterpå skulle me snakke saman, og ta nokre gruppeavgjerder som foreldre om nettopp dette. Forbod og overvaking. Her var det viktig å stå samla, for ungdommen var truga, liv og lov sto på spel.

Sant å seie er det lenge mellom kvar gong eg er så indignert på borna mine sine vegner. Det meste som blir sagt på møter og utviklingssamtaler er fornuftig og forståeleg. Borna blir tatt på alvor, dei blir spurt om deira oppleving av skulen, leksene og det sosiale.

Men her var det full kortslutning.

Barneoppseding er ei øving i urealistisk idealisme.

Borna lærer at dei alltid skal ete frukost, dei skal ete opp grønsakene sine, og snop får dei berre om laurdagen. Dei skal gjere lekser jamnt og trutt, og ikkje ende opp med skippartak og stress. Dei må legge seg til same tidspunkt kvar kveld, og dei skal vere høflege og takke for maten.

På skulane er det antimobbeprogram der dei lærer å vere merksame på om nokon er mykje aleine. Dei skal inkludere alle, og alle skal inviterast i bursdag. Når nokon seier ”stopp” skal dei slutte. Det gjeld ikkje berre leik, men også i prat. Dei skal vere snille mot kvarandre, alltid.

Me vaksne gjer dumme ting.

Vaksne har sjokolade i skuffen på jobb, og skulkar vanlege måltid for å slanke seg. Me forsyner oss ikkje med brokkoli om me ikkje likar det.
På kontorpultane våre hopar det seg opp med ting me utset til siste lit, og det hender faktisk me får purringar på ubetalte rekningar.
Me går ikkje til sengs når me skal, og sit og geispar i lunsjpausane.

Me legg ut bilete av borna våre saman med andre born, utan å spørje foreldra om det er greitt. Facebook har dei siste månadane vore full av glade, halvnakne born, utan at lovpålagt samtykke er innhenta frå føresette.
Me snakkar til og med skit om kvarandre. La oss berre vere ærlege, – baksnakking er ikkje eit spesifikt ungdomsproblem. Nokre nyttar både mobiltelefonar og internett til skitpreiken sin, også.

Ungane våre kjem til å gjere feil. Dei kjem til å bryte reglar dei ikkje visste om, og dei kjem til å bryte reglar dei veit om.

Til slutt kjem dei, dessverre og uunngåeleg, til å ende opp som oss.

Forbod og overvaking er maktbruk, og demonstrasjon av mistillit, manglande respekt for privatliv, og ein måte å fortelje born på at dersom dei vil ha noko for seg sjølve må dei snike seg til det bak vår rygg.

Slik eg ser det er Internett komme for å bli, og dei som fyller dei sosiale media med innhald er folk.

Ungane våre må lære korleis dei ter seg, og det lærer ein best ved å få prøve seg.

Eg har meir tru på samtalar enn overvaking. Eg trur på rettleiing framfor forbod.

Ein kan snakke med born om sosiale media. Fortelje at den same folkeskikken gjeld både på og utanfor Internett. Og me kan akseptere at i ein læreprosess vil alle gjere feil, dumme seg ut og bryte reglar dei enno ikkje har lært.

Sjølvsagt skal me regissere rammene for borna våre. Det er 13-års aldersgrense på Facebook, og det er 18-års aldersgrense på valdelege dataspel. Det er lurt å avgrense speletid, på same måte som det er lurt å legge seg om kvelden.

Men når ungane våre snublar i verda, og skriv noko stygt eller deler bilete dei ikkje skulle, skal me kontakte politiet og barnevernet? Eller skal me snakke alvorleg med dei, høyre kva som har skjedd, snakke om kva ein burde og bør gjere, og la dei rydde opp?

Internett er full av spanande informasjon og folk. Fakta om fjerne planetar, pumaens drektighetstid, soga om korleis Harald Blåtann regjerte, og videoar om korleis ein kan lage sufflé eller bygge ein lampe er berre tastetrykk unna. Det er ei fager verd der ute, og ungane våre bør heller lære kjeldekritikk og folkeskikk, enn å lære at me vaksne ikkje har trua på dei.

Teksten sto på trykk i Haugesunds avis 08.08.2014