I halvanna år har eg no hatt arbeidsfri. Det vil seie, eg har skrive bok. Kvar søndag kveld har eg gleda meg til mandagen, til stille hus og arbeidsfred ein heil dag til ende.
I dag har eg vore på jobb. Heilt ordentleg jobb med arbeidstid og kollegaer og lunsj og timebetalt. Det har vore lite å gjere, slik det ofte er i oppstarten.
Heime har skisseblokk og manus lege brakk. Meir enn brakk: Også bråkete. Eg har høyrt dei kalle heilt heimefrå og opp på kontoret mitt på sjukehuset.

Kom heim! Eg har ord som må rettast, setningar som er for dårlege, eg skal snart til korrektur og då er det for seiiiint, ropar manuset frå heimekontoret.

Kom heim! Eg har blanke sider som verker etter å få strekar på seg! Du må bli ferdig med illustrasjonane til Song for Eirabu, du må lage ferdig skisser til barnebokmanus, du må teikne, teikne, tusje, teikne, nooooo, ropar dei blanke arka i teiknestova.

Så eg har teikna, eg. Frå ungane kom i seng og til no.
Klokka er kvart på tolv, fingrane er varme, fingertuppane prikkar litt. På tide å legge seg. Ny dag i morgon med timebetalt jobb og ufridom og ugjorte ting som ropar heimefrå.

Håper det er meir å gjere på jobben i morgon, så høyrer eg ikkje støyen frå forlagsdeadline som dirrar foran meg.

Advertisements