• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Teikning

Fangirlbonanza

04 tirsdag nov 2014

Posted by Avil in Biletkunst, Falturiltu, Litteratur, Presse, Song for Eirabu-ting, Teikning, Ut blant folk, Vere mor

≈ Legg igjen en kommentar

Stikkord

eirabu, falturiltu, fantasy, lene kaaberbøl

Då Lene Kaaberbøl var 16 år hadde ho utgitt sine første fire bøker, og kunne kjøpe seg hest utan å spørje foreldra om lov.

No har ho skrive 43 bøker, i tillegg til teater og musikalar, og til neste år kjem storproduksjonen Skammarens dotter på kino.
Ho har vunne ein haug med prisar, er omsett til 30+ språk og er heilt utan sidestykke Nordens fantasydronning.

Kaaberbøl er på turné i Noreg nett no, og om du har sjanse til å få sett henne, så hiv deg rundt.

Her er rett og slett ein lukkeleg fangirlbonanza frå Falturiltu-festivalen på Stord:

Lene Kaaberbøl (og eg!) i stallen på Tyse

Lene Kaaberbøl (og eg!) i stallen på Tyse

Opningsfesten i Kulturhuset

Opningsfesten i Kulturhuset

Fangirlselfie!

Fangirlselfie!

Og midt i all meg-meg-meg passar det fint å vise fram at eg jaggu har fantastiske ungar også!
Her dansar Liva på opningsfesten for Falturiltu:

Stord kulturskules danseensemble, skejrmdump frå sunnhordland.no

Stord kulturskules danseensemble, skjermdump frå sunnhordland.no

Og her opnar ordføraren kunstutstilling, medein av kunstnarane – sonen min Halfdan – sentralt plassert i lilla jakke.

Opning av kunstutstillinga til 6-klassane på Leirvik og Hystad Skjermdump frå Stordnytt.no

Opning av kunstutstillinga til 6-klassane på Leirvik og Hystad
Skjermdump frå Stordnytt.no

Det skal dei ha, sjetteklassingane: Dei har laga mykje flott fantasyinspirert kunst! Utstillinga heng i Kunsthallen i Stord kulturhus, der eg og Trio Vest skal vise fram Eirabu-førestillinga vår på torsdag.

drakarfabeldyrFalturiltufestival, altså. No manglar me berre at mannen min kler seg ut som ein drake og spring gjennom Vikjo. Men hald ikkje pusten.

Slange seg i sofaen

27 torsdag jan 2011

Posted by Avil in Kontornytt, Norrønt, Skriveprosess, Teikning

≈ 11 kommentarer

Eg har eit slags nytt liv. Igjen.

No har eg altså sagt opp den fine, trygge, kjekke jobben min på BUP. Ny kvardag er skrivedagar utan internett, og eit par dagar med privatpraktiserande klinikkarbeid.

Fine ting.

Dessutan lagar eg ting.

Eg har strikka ganske mykje, og først viste det seg at strikkekjolen min var i storleik flodhest, så eg måtte rekke opp skiten, og no har eg altså strikka ein halvmeter heilt riktig storleik (målt opp mot favorittstrikkekjole). Det skal bli mariusmønstrete øverst, og eg gleder meg sånn atte jelp til den blir ferdig. Heldigvis er det vinter lenge, lenge, så eg skal få brukt den før det kjem kvitveisar og mildver, trur eg.

Favorittkjole til venstre, mariuskjole til høgre. Wuuhuu!

Ja, og så teiknar eg, då. Og sidan ho som skal bruke teikninga i boka si ikkje er heilt nøgd, så får du sjå midlertidig utkast, fordi: LOOK WHAT I DID!

Eg burde sikkert vere meir strukturert og sånn. Men det er så gøøøy!

Ingvill Solberg: Den yngste – dikt

14 fredag mai 2010

Posted by Avil in Litteratur, Teikning

≈ 9 kommentarer

Frierne må ikke være snakkesalige, sier min søster, de
må ligne harer og rever. De må ikke komme halsende,
men løpe lett og årvåkent. Jeg vil ha en frier med fly
og khakiklær, som Denys Finch Hatton.

– Ingvill Solberg

Eg les lite lyrikk, det vil seie: Eg prøver ofte, men gir opp. Ofte er det slik at eg forstår at poeten vil få meg til å føle noko, og så føler eg meg mest manipulert. Eller så finn ikkje tematikken gjenklang i meg, eller språket snakkar ikkje til meg.

Det hender likevel at dikt treff noko i meg, set mine eigne ord, kjensler og indre bileter i svingningar. Det er derfor eg prøver, igjen og igjen.

Og så har eg lagt merke til noko: Når det skjer, når dikt treff meg, les eg dei høgt. Eg gjer nesten aldri det med prosa. Det er noko med lyrikk som på eit vis talar i rommet mellom meg og andre, dikt eg likar er dikt eg vil dele.

Ingvill Solberg sine dikt har eg lese høgt. For mannen min, for mor mi, og for dotter mi.

Og dotter mi sat heile sist helg og teikna ut frå dikta eg hadde lese. Dikta skapte bilete i henne, og dei bileta var så annleis enn mine eigne at eg gjerne vil dele tilbake. Med dykk, og med Ingvill Solberg, så ho kan få sjå at orda hennar skapar noko i møtet mellom vaksne og born, mellom ord lese høgt og indre verd.

Min bror går ned
til dammen. Når ingen ser det,
legger han på svøm.

Når ingen ser det, slår han
med vingene, og skriker
sitt hese skrik.

– Ingvill Solberg

Nesten heilt ferdig kart!

23 mandag feb 2009

Posted by Avil in Teikning

≈ 24 kommentarer

Då er det berre småtteri igjen, og eg er nøgd.

kart_eirabu_small1

 

Veldig mange stadnamn er droppa for å gjere kartet meir leseleg og reint estetisk fungerer det betre.
Men sidan eg tilfeldigvis veit stadnamna på mykje meir enn dette, vurderer eg å legge ein større versjon ut på nett med fleire stadnamn.
Kan hende kjem det ei skikkeleg Eirabu-heimeside, med dette og anna informasjon i tillegg til boka.

Mandagen kom og gjekk

17 tirsdag feb 2009

Posted by Avil in Kontornytt, Skriveprosess, Teikning

≈ 6 kommentarer

I halvanna år har eg no hatt arbeidsfri. Det vil seie, eg har skrive bok. Kvar søndag kveld har eg gleda meg til mandagen, til stille hus og arbeidsfred ein heil dag til ende.
I dag har eg vore på jobb. Heilt ordentleg jobb med arbeidstid og kollegaer og lunsj og timebetalt. Det har vore lite å gjere, slik det ofte er i oppstarten.
Heime har skisseblokk og manus lege brakk. Meir enn brakk: Også bråkete. Eg har høyrt dei kalle heilt heimefrå og opp på kontoret mitt på sjukehuset.

Kom heim! Eg har ord som må rettast, setningar som er for dårlege, eg skal snart til korrektur og då er det for seiiiint, ropar manuset frå heimekontoret.

Kom heim! Eg har blanke sider som verker etter å få strekar på seg! Du må bli ferdig med illustrasjonane til Song for Eirabu, du må lage ferdig skisser til barnebokmanus, du må teikne, teikne, tusje, teikne, nooooo, ropar dei blanke arka i teiknestova.

Så eg har teikna, eg. Frå ungane kom i seng og til no.
Klokka er kvart på tolv, fingrane er varme, fingertuppane prikkar litt. På tide å legge seg. Ny dag i morgon med timebetalt jobb og ufridom og ugjorte ting som ropar heimefrå.

Håper det er meir å gjere på jobben i morgon, så høyrer eg ikkje støyen frå forlagsdeadline som dirrar foran meg.

Teikne, shoppe

05 torsdag feb 2009

Posted by Avil in Skriveprosess, Teikning

≈ 12 kommentarer

Eg har teikna kart. Uansett kor temporær forteljarformen er, må boka mi ha kart. Det blir ikkje fantasy utan. Eg har trass alt sett opp visse fantasy-dogmereglar for meg sjølv. Kart er eit krav.

Eg likar handteikningar. Skogar der ikkje to tre er like. Sidan eg ikkje har fancy skjerm ein kan teikne på, er det blitt eit gigantisk blyantteikna kart. Så lang, så handmade.
Men så skal jo kartet som dekker halve teiknebordet pressast inn på ei bokside. Dessutan skal det gjerne sjå bittelitt meir proft ut enn det hadde gjort om eg farga det med tusj. Så no har arkitekten overteke. Han skjærer, skannar, set saman og (oh, gru: ) photoshoppar. Når han er ferdig liknar det neppe eit blyantkart.

Forskjellen på å skrive og å teikne? Det er mogleg å teikne sjølv om hovudet er fullt av havregraut. Faktisk blir det mindre og mindre havregraut inni skallen mens ein teiknar. Og det er mogleg å høyre musikk. Ikkje Johnny Cash. Han snakkar for mykje. Men sånn der kjenslevar og lite pratete musikk går bra. Det går til og med bra med ganske bråkete og høg musikk. Fine greier.

Innimellom teiknar eg brakteater. Nesten sjølvkomponerte. Det er nok ikkje copyright på tusen år gamle teikningar uansett. Men eg likar å få symbolikken til å passe saman med mytologien i Eirabu. Tufta på norrøn mytologi, så det er ikkje heilt av vegen med brakteatera slik dei ser ut. Små endringar og så er me der. Vips i boks. Ahhh.

Snart kjem språkvasken tilbake. Då skal eg sitte i Litteraturhuset og ha ein heil, stor, bråkete by rundt meg mens eg endrar tull og tøys som språkvaskaren har knipe meg i. Det blir ei fin veke. Men først: Teikne. Illustrasjonane skal vere ferdige før eg begynner på neste tekstredigering.

Kraftsentrum blødde og døydde

10 lørdag jan 2009

Posted by Avil in Lesarsørvis, Litteratur, Teikning

≈ 13 kommentarer

Sjuande og siste utgåve av det forfattardrivne litterære tidsskriftet Kraftsentrum blei i går kveld feira på Knøderen i Bergen. Redaktørane Olaug Nilssen og Gunnhild Øyehaug haldt først felles tale med mykje mikrofonbytting, og først etterpå kom eg i tankar om at eg skulle jo blogge om dette og måtte lage skisser (sidan mobilen tek dei elendigaste bileta). Heldigvis hadde BT ein journalist på staden som dokumenterte heltinnene, og i bakgrunnen ser de meg og manden som glor og drikk øl og sånn.

bt-bilete1

Etter redaktørane si mikrofonbyttetale, der dei tulla og tøysa og var alvorlege og takka folk og gjorde alt slike avtroppande redaktørar kan finne passande, las nokre bidragsytande skribentar opp tekstar.

Kjersti Rorgemoen las først. Ho var veldig lågmælt, og det tok tid før hjelpsam ung mann kom og skrudde opp lyden, så eg fekk berre med meg halve teksten. Men ho var til gjengjeld uendeleg søt.

kjersti-rorgemoen2

Det viste seg at teksten til Kjersti var komme på trykk i eit festskriv, som Nils-Øivind Haagensen frå Flamme forlag kunne overraske Gunnhild Øyehaug med. Ho blei direkte rørt, og så song alle Hurra for deg som fyller ditt åri anledning 34-årsdagen hennar, vel og merke utan å bukke, nikke, neie eller snu seg kring sin eigen akse, sikkert fordi dei ikkje hadde drukke nok øl, eller fordi det var folk der dei ikkje kjente eller noko. Men bursdagsbarnet Gunnhild smilte og såg vakker og lukkeleg ut, og då gjorde det sikkert ikkje noko at bukking og snurring uteblei.

Så las Agnes Ravatn opp frå ein roman ho skriv, og her fekk me høyre korleis det går når ein seint på kvelden blir med ein framand mann heim for å få gryterett, og det viser seg at han er meir oppteken av erotisk relatert sjølvforsvar enn matlaging.

agnes-ravatn

Manden likte teksten til Olav Øyehaug aller best. Då hadde eg drukke så mykje øl at eg ikkje kunne multitaske, og eg var så oppteken av å teikne at eg ikkje klarte å lytte skikkeleg. Men manden kunne fortelje at teksten handla om å symje ut på djupt vatn, og bli der lenge. Så lenge at ein fann ut at ein kunne overleve der ute, og til og med ha eit godt liv. Men til sist kunne ein komme til å innsjå at einaste grunnen til at ein hadde symd heilt der ut og overlevd og slikt, var berre fordi ein skulle sjå om det gjekk an. Og etter ein slik innsikt kunne ein i grunnen symje heim att.

olav-c3b8yehaug1

Siste bidragsytar var John Erik Riley, som mellom diktskriving og forfatting og intervjuing av amerikanske forfattarar og slikt, også er forleggar og har vore Kraftsentrum sin begeistra mann i Damm. Eg har tidlegare omtalt han som mogleg søtnos i bloggen, der eg tok atterhald fordi eg aldri hadde møtt han. Dette nemner eg fordi eg gjerne vil oppgradere han frå mogleg søtnos til søtnos.

john-erik-riley

Arrangementet var hyggeleg, Knøderen var fullstappa, det var gratis sveler i baren, og Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen skal ha takk for innsatsen bak det kritikarroste tidsskriftet sitt desse tre åra. Skal ein vere så produktiv og varm og fin og kreativ som desse damene, må det vere drive av lyst, og eg ser fram til kva dei enn måtte ha overskot og lyst til i åra framover. Lukke til med det heile, finaste damene!

Dei lova elles ei rimeleg pakkeløysing med tidlegare utgåver av Kraftsentrum, du får følge med på heimesida deira.

Torden i lufta

24 mandag nov 2008

Posted by Avil in Skriveprosess, Teikning, Tordenblågg

≈ 47 kommentarer

I dag kan du stemme på meg i Tordenbloggen. Eller stemme på andre. Eller begge deler.

dragekrise

Kroppen

25 torsdag sep 2008

Posted by Avil in Teikning

≈ 15 kommentarer

Jentungen (7) skriv bok. Den skal handle om kroppen hennar, korleis den virkar og kva som er inni. Ho illustrerer sjølv.

Eit par klassikarar

23 tirsdag sep 2008

Posted by Avil in Litteratur, Teikning

≈ 11 kommentarer

Grafisk litteratur servert utan plastikk-hovudlykt-med-propell som går i stykker på veg heim frå butikken. Litt for store og litt for små.

Hugo Pratt sin Corto Maltese er ein klassikar som framleis kan kjøpast både ny og brukt på nett, og i sjapper som formidlar brukte teikneseriar. Fantastiske teikningar, godt skrudd saman både plott, karakterar, miljøskildringar, underhaldning. Løp og kjøp og gje aldri slepp. Dette blir ikkje søppel, heller ikkje om hundrede år.

Wendy og Richard Prini sin serie Alvefolket (Elfquest) har vore ein redning her i heimen. Jentungen gjekk og sukka etter Barbie-bladene, der Barbie i diverse roller opptrer som antifeministisk gloss-jævel og jentene kan lære korleis dei kan tapetsere alle møblane sine med krepp-papir og fjær, slik at dei blir ubrukelege. Ikkje gadd ho lære å lese heller, for Donald var keisamt, leksene grusomme og Barbiebladene inneheld nesten ikkje skrift. Alvefolket ga både leselyst og inspirasjon til å teikne sjølv.
Eg har berre lese dei første 46 bindene, og vil gjerne høyre frå folk som har lese meir.

Sjuåringen si eiga Alvefolket-teikning som heng på kjøleskapet vårt:

Tillegg: Eg er mest imponert over jentungen sin evne til å ta seg inn att og endre. Og klart ho har sett etter ein original her, det er slik ein lærer.

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

februar 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...