Då reiser eg igjen til sommarhuset. Tek med meg laptop og skriveblokk, kart og notatbunkar, og ein tjukk utskrift i ei strikkmappe som det står Song for Eirabu på. Siste gong, kan hende, i denne skriveprosessen. Eg skal ferdigstille manus, som det så fint heiter, eller skrive og reinskrive dei siste kapitla som manglar før eg sender manus til redaktøren igjen. Heldigvis ser det ut til at skjønne Ingeborg er tilbake i jobb før ferien, og då må eg jo halde meg til planen og levere.

Ei vekes innspurt, og så er det skuleferie for jentungen neste fredag. Store ungen ferdig med første klasse. Det har gått så veldig fort, dette året.

Litt flisespikking og finpuss blir det sikkert veka etter, men mest å lese gjennom heile skiten sjølv og gjere meg tankar om kva som må rettast opp. Så er eg godt budd til fredag 27.juni, då eg forhåpentleg vil sitte i Tiden sitt møtelokale og bla fram og tilbake og tygge på blyant og slikt.

Men først: Brette opp ermene og bli ferdig for faen!

Advertisements