Ungdomsboka. Sin heilt eigen. Ein ny ein. Snik seg til, lurar seg med, hoppar fram med eit skremmande mohaha-(haha-som går over i pubertal fnising før nokon rekk å bli redd). Eg rekk knapt å kjenne han, før han dyttar i meg og tek over tastaturet når eg er trøytt og lei. Får meg med på leiken. Tullar med meg.
Og så Eirabu. Levande tyngd, dei eg har levd med så lenge, er så glad i, har hatt i tankane og kjenslene og alt som er meg i årevis. Mi første bok, som no skal sluttførast. Svennestykket som skulle vise meg sjølv og andre at mitt har noko mellom permar å gjere. Boka og soga som eg har gått gjennom kriser i livet med, alvorlege hendingar og ein lang kamp for å komme hit.
Djup, langvarig kjærleik som krever arbeid og arbeid, og så ein ungdom i huset som plagar meg for pengar og vil ha meg til å le.
Det er plass i hjarta til begge.
Fint!
Flott! Vekselbruk er en gammel og god tradisjon. Gleder meg til å lese begge! Skal ta med Eirabu på ferie i år. Tredje lesing på gang:-)
Får vi noen smakebiter på blogg?
Aina: Ja, det er.
Thomas: Du er Den Himmelske Lesar. Eg elskar deg.
KEE: Det kan godt hende!
Å, eg og Caterina sakna deg på uteserveringa på Litteraturhuset i dag. Gler meg til Lillehammer!
Du var dypt savnet, ja. Tar det igjen på Lillehammer, for sure.
Hva angår bitekstuell: Ut av skapet jeg også. Med stort hjerterom. Det er så fint!
Eg er også bitekstuell. Og stolt av det.
Eg gler meg til den andre eirabuboka:D
Dette burde eg sjølvsagt ha fortalt deg tidlegare, men den fyrste eirabuboka var skikkeleg bra!
(Om du lurar på kven eg er, så er eg hos som var med Delirium på lanseringstingen din i oslo.)
Takk, Guri!
Og Aina og Caterina: Rikeleg høve til uteservering og litteratur snart!