Kvifor gjer eg det eg gjer, er det noko vits i å finne ut av det? Kvifor handlar eg og velger eg slik eg gjer, er eg berre biomasse under sosialimprinting, født slik og blitt slik og resten er matrise i usannsynlige kvarkar og ikkje noko å bry seg med for den vesle gåsehjernen min, eg er trass alt berre eit enkelt menneske med ein enkel mastergrad og omlag 40 års subjektiv erfaring. Kvifor sit eg her, time etter time, kvifor gjer eg ikkje heller noko kjekt, eller noko sunt, eller noko nyttig? Noko som kunne gjort verda eller meg eller nokon andre ørlite grann betre?

Og kvifor byr eg ikkje på meg sjølv, kvifor deler eg ikkje mine erfaringar, kvifor freister eg ikkje finne det unike i meg sjølv, kvifor vil eg ikkje skrive om smertefulle punkt eller søke det inste, ærlege, det einaste sanne eg veit, nemleg det subjektive? Og ikkje reddar eg verda, ikkje har eg planfadderbarn eingong, ikkje skriv eg om fattige eller lidande eller folk som kjempar for fridom og betre kår i slum, krig og miljøkatastrofar. Ingen nakne ballar sleng mellom setningane mine, ingen såre barneandlet kikkar opp med striper i skiten, neida.

Eg er ikkje eingong ein slik litterær flinkis som har studert faenskapen og freister løfte og endre den. Eg gjer ingenting med Romanen, eg skapar ingenting nytt, eg utfordrar ingen, eg konfronterer verken lesarar eller vitarar eller skribentar.

Alle får vere i fred for meg, både dei svoltne og dei rike, dei arrogante og dei naive. Breane får smelte og krigane rase.
Alle får vere i fred, til og med eg sjølv.

Kva faen er poenget med dette? Kven er det eg narrar, kva narrar eg dei med, narrar eg i det heile eller sit eg berre her i ei rigid meiningsløyse som verken imponerar, rører eller provoserar?
Kvifor gjer eg dette?
Kvifor skriv eg noko som helst?
Når det av og til er så vanskeleg at eg har lyst til å grine og samstundes er heilt og aldeles fri til å berre gi faen, berre reise meg, berre gå ned i kjøkenet og bake brød og ringe ein ven og drikke eit glas vin og spele UNO med guttungen og sykle rundt Landåsen.

Det er så meiningslaust at eg blir rasande, men ikkje konstruktivt rasande, ikkje rasande på ein slik skrivande og kunstnarleg måte som avføder tekstar.
Neida. Berre meiningslaust rasande på ein tam og handlinglamma måte.

Eg veit ikkje kvifor eg skriv, om det er den umettelege narscissisten som trur det skal kome noko herlegt ut av det, om det er einslags talentetikk som gjer at høge tankar om meg sjølv tvingar meg til å publisere denne meiningslause ordstraumen som om det skulle vere av noko som helst nytte? Er det manglande kreativitet som gjer at eg skriv, berre fordi eg eingong kom på at eg skulle og så er eg ikkje i stand til å slutte, komme på noko anna, endre retning?

Faen.
Argh.

Advertisements