Ryggen min er ikkje noko landskap. La oss vere ærlege. Den er hud over musklar, bein og feitt. Nerver knytta saman i eit helvetes rot og kopla rett på hjernen. Handa di er ingen ørn som stryk mellom mine aude fjell, den er same organiske materiale som ryggen min, senar og musklar i hopetal, om enn nedskalert. Den er sterk, handa di, og varsam, og ryggen min går litt i boge når hud stryk over hud. Hjernen din er så langt borte frå min, me finn ikkje kvarandre, berre nervevasane under hud og kinestetisk muskelsans og auge som me lukkar og olfaktoriske sansar me ikkje har noko særleg bevisst forhold til, men som både du og eg har lese ein stad (neppe same stad) at har stor tyding for mellom anna valg av partnar (og me var nok kritiske, kvar på sitt vis).
Ørn mellom fjell
03 mandag nov 2008
Posted Uncategorized
in
Fint skrive, Avil.
Eg er visst i «møte»-modus.
hm?
Eg tenker på å sjå kvarandre, bli til i møtet med kvarandre, alt som blir borte når sjølvet blir borte. Ja, slike ting. Tankar som krinsar kring møter.
Men takk, altså. Eg er litt i eiga skrive-tenke-tåke. Hehe.
ah, akkurat passe fint/skrivekunstnerisk/tankevekkende/skjønnlitterært/jordnært/perfekt for å få opp hjernen på normalt nivå igjen etter top model-skit
Eg er liksom top-model-motvekten. *flire*
Kjenner meg igjen i den, Avil. Alt har veldig mykje betydning, plutseleg. Store tankar, store spørsmål, utydelege svar.