Me har gjort det før, eg og ektefellen. Ganske mange gonger etterkvart. Eg strevar med noko i plottet, og det kan berre løysast med vin og røyk og lang snakk, og så får det jammen berre vere at ein er litt ubrukeleg dagen etter. No har me altså snakka oss gjennom det store slaget. Ja, for sjølv om manuset er så godt som ferdig, manglar det nokre greier. Slaget var liksom ikkje heilt som det skulle vere. Karakterane gjorde det dei skulle for at alt skulle henge saman, men hey, noko mangla. Og så har eg teikna oppskalert kart og troppeflyttingar og åtak og det har bølga litt fram og attende og der skal floden avskjere retretten, og der skal ulvane stå truande i skogbrynet og der skal den syrrenske hirden vente på å gripe inn. Men noko er feil. Noko funkar ikkje som det skal. Er eg heilt avklara på kva herduegane kan og ikkje kan? Og kvifor skal det vere divine intervension der, og kvifor gjev kongen opp der, og kvifor er det ingen tvekamp mellom dei to som burde ha ein tvekamp?
Slikt kan løysast.
Med snakk og med kvitvin.
På onsdag skal eg sende neste bolk tekst til redaktøren. Eg får ein travel dag i morgon.
Eg held ein knapp på øl! Lykke til!
Bra strategi! Lykke til.
Dette må jeg prøve en gang jeg står fast! Lykke til med travel dag og innsending!
Oh, ikkje verste fylleblogginga eg har sett. Men au. *trøytt*
Hmm. No fekk eg ein idé. Eg skal testa ut mange ting, om dei kan løysast med snakk og vin.
Eg trur det kan verte morosamt.
Om du ikkje har prøvd det før, har du noko i vente.
Viss eg skal skrive eit stort fantasyepos ein gong som inkluderer eit stort slag, skal eg òg drikke vin. Skikkeleg god vin.
Kan hende eg gjer det sjølv om eg ikkje skriv eit stort fantasyepos, men berre ein heilt vanleg, tynn roman, òg. Det går vel greitt, det?
Eg har tenkt å skrive ein heilt vanleg, tynn roman ein gong, og eg har absolutt tenkt å drikke vin då og.
Det er sikkert slitsomt og sånn innimellom, men det høres jammen meg temmelig gøy ut å være deg for tida!
Det er heilt brillefint å vere meg, eigentleg.