Britt og Jorunn har leika saman heile ettermiddagen. To fine, sunne ungar.  Dei kan så mykje allereie, dei har lært språk og reglar, dei rollespelar og fniser når dei overdriv eller bryt normene i spelet. Dei er seks år og dette kan dei.

Klokka nærmar seg barnetv, og Britt må heim. Det har mammaen til Britt sagt til mammaen til Jorunn.

– Åh, kan han ikkje få vere litt til, ber Jorunn.
Britt smiler og kikkar ned. Ho vil gjerne vere litt til.

Ho, kviskrar mammaen til Jorunn. – Britt er jente og då heiter det ho.

Mammaen til Jorunn vil ikkje at Britt skal bli flau. Britt er tøffast i akebakken, har to millimeter langt hår og blå hettegenser. Jorunn har sagt han heile ettermiddagen. Dei har leika at Britt er pappa og Jorunn er mamma og pusen er den frekke babyen som ikkje vil ligge still. Men no er leiken over og mammaen til Jorunn vil ikkje at Britt skal vere flau.

Jorunn blir flau. Ho blir heilt raud i fjeset, og skammar seg. Mammaen til Jorunn vil ikkje at Jorunn skal skamme seg, dette skal ikkje vere flaut for nokon, dette er ikkje noko dei treng lage problemer av. Mammaen til Jorunn syns det er fint og greit at Britt er snauklypt og flinkast til å klatre i tre og helst vil vere pappa i leiken.
Men mammaen til Jorunn har tenkt at Britt likevel vil vere ho. For Britt er jo jente, og det ho gjer er lov for jenter. Det er ikkje naudsynt å kle seg i rosa og vere jålete for å vere jente. Dette veit mammaen til Jorunn. Faktisk syns mammaen til Jorunn at det er særleg bra at Jorunn er blitt så gode venner med Britt, sidan Britt er så ujålete og sporty og får Jorunn med seg på litt andre leikar enn Littlest Pet Shop. Mammaen til Jorunn syns at Britt er ei sunn og fin jente, at ho er med på å utvide det som jenter kan og gjer, slik at Jorunn kan sprenge seg litt ut av ballerinarolla.

Jorunn står og er raud i fjeset.
Britt tek på seg jakka. Britt er gripen av alvoret, ho smiler ikkje lenger, men ho er ikkje raud. Det er ikkje første gong at nokon seier han. Ganske ofte, eigentleg, seier dei han. Og ganske ofte må ho seie namnet sitt to gonger til vaksne som spør kva ho heiter, for dei trur dei høyrer feil når ho seier Britt.

Etterpå lurer mammaen til Jorunn på om Britt helst vil at dei skal seie han. Om det er leit at dei vaksne blir så rare i fjeset og opptekne av at ungane skal seie ho. Om dei er med til å tvinge skam og avgrensingar nedover Britt.

Kvifor kjenner eg meg så skamfull og hjelpelaus, tenker mammaen til Jorunn. – Eg vil jo berre at dei skal få vere seg sjølve.

Virrvarr skriv om gutevenner i jentekroppar.

Tarald skriv og diktar om å vere gut født i jentekropp.

Advertisements