Stikkord

, ,

Då eg forlot kontoret i ettermiddag viste termometeret 29,5 grader i skuggen.
Det betyr kefir og kavring til middag. Det er alltid kefir og kavring til middag første sommardagen (i alle fall om eg kjem rett frå jobb og me ikkje er ute i sommarhuset og har fiska eller nokon har tenkt å grille hjorteribbe og servere det som spare-ribs og få alle familiemedlemmene til å ete med manerar ingen har sett sidan Adam av Bremen var på besøk).

Og sidan eg er dansk gift har eg lært meg den jålete oppjazza versjonen koldskål.

Eigentleg skal ein bruke kærnemælk, men slikt har me ikkje, og då brukar me brukar kefir.

1 liter kefir blandast med eggedosisen av 2 eggeplommer og 100 gram brunt rørsukker, frø frå ei vaniljestang og raspa det gule av skalet på ei sitron. La koldskålen stå i kjøleskapet mens du går tur i det fine veret, eller luker i hagen. Og så er det middag.

Ja, me lager alltid dobbel oppskrift til oss fire. Er du galen.

Ja, me lager alltid dobbel oppskrift til oss fire. Er du galen.

Danskane bruker ikkje kavring heller, men søte kjeks som heiter kammerjunkere. Du ser siste rest i den minste skåla på biletet, det er alt som er att endå me har spara og spara etter siste danmarkstur.
Det går an å bake dei, men det blir ikkje så godt, dei har lett for å bli for harde.

Me skal elles snart til Danmark igjen, og Spania og Island, og minst eitt av desse landa krev pass. Så ungane måtte tilbringe ein temmeleg sveitt halvtime i passkø.

Og ute syng fuglane og ute skin sola og ute er det badever og ute er alle dei andre.

Og ute syng fuglane og ute skin sola og ute er det badever og ute er alle dei andre.

Ganske store ungar, faktisk.

Eg er ikkje flau.

Eg er ikkje flau.

Så store at han minste har vakse frå all form for nærkontakt med mor si. Sidan han er empatisk og innsiktsfull har han forstått at eg då sikkert har eit udekka kosebehov.
Så eg har fått eit erstatningslam i morsdagsgåve.

Slikt kjem vel med når ein er stuptrøytt og treng nattakos.

 

Advertisements