• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Falturiltu

Fangirlbonanza

04 tirsdag nov 2014

Posted by Avil in Biletkunst, Falturiltu, Litteratur, Presse, Song for Eirabu-ting, Teikning, Ut blant folk, Vere mor

≈ Legg igjen en kommentar

Stikkord

eirabu, falturiltu, fantasy, lene kaaberbøl

Då Lene Kaaberbøl var 16 år hadde ho utgitt sine første fire bøker, og kunne kjøpe seg hest utan å spørje foreldra om lov.

No har ho skrive 43 bøker, i tillegg til teater og musikalar, og til neste år kjem storproduksjonen Skammarens dotter på kino.
Ho har vunne ein haug med prisar, er omsett til 30+ språk og er heilt utan sidestykke Nordens fantasydronning.

Kaaberbøl er på turné i Noreg nett no, og om du har sjanse til å få sett henne, så hiv deg rundt.

Her er rett og slett ein lukkeleg fangirlbonanza frå Falturiltu-festivalen på Stord:

Lene Kaaberbøl (og eg!) i stallen på Tyse

Lene Kaaberbøl (og eg!) i stallen på Tyse

Opningsfesten i Kulturhuset

Opningsfesten i Kulturhuset

Fangirlselfie!

Fangirlselfie!

Og midt i all meg-meg-meg passar det fint å vise fram at eg jaggu har fantastiske ungar også!
Her dansar Liva på opningsfesten for Falturiltu:

Stord kulturskules danseensemble, skejrmdump frå sunnhordland.no

Stord kulturskules danseensemble, skjermdump frå sunnhordland.no

Og her opnar ordføraren kunstutstilling, medein av kunstnarane – sonen min Halfdan – sentralt plassert i lilla jakke.

Opning av kunstutstillinga til 6-klassane på Leirvik og Hystad Skjermdump frå Stordnytt.no

Opning av kunstutstillinga til 6-klassane på Leirvik og Hystad
Skjermdump frå Stordnytt.no

Det skal dei ha, sjetteklassingane: Dei har laga mykje flott fantasyinspirert kunst! Utstillinga heng i Kunsthallen i Stord kulturhus, der eg og Trio Vest skal vise fram Eirabu-førestillinga vår på torsdag.

drakarfabeldyrFalturiltufestival, altså. No manglar me berre at mannen min kler seg ut som ein drake og spring gjennom Vikjo. Men hald ikkje pusten.

Faltura igjen

12 lørdag nov 2011

Posted by Avil in Falturiltu, Ut blant folk

≈ 10 kommentarer

Stord har verdas einaste nynorske litteraturfestival for barn og unge, og årets Falturiltu er no avslutta.
Eg kom meg ikkje med på noko i år, ungane har skifta på å vere sjuke og eg har vore stressa med skriving sjølv.

Men eg kom meg på vaksenfesten i går kveld. Det var gildt.
Sjølv om talkshowvert klarte å seie at ingen kan lese fantasy for første gong som vaksne og ta det alvorleg, og sjølv om sals-og marknadssjefen i Samlaget lurte på kva som var i vegen med USA då eg fortalte henne at omlag 19% av omsette bøker der er fantasy og sci-fi.

Det som var gildt var at eg fekk sitje i sofa med Brit Bildøen, at eg klarte å lese opp utan å snuble for mykje i teksten, og at eg kom meg heim før eg blei alt for ukritisk (eg var på god veg, gratis vin og nyleg overlevd sceneopptreden er ingen safe kombo).
Og det var gildt å høyre Bildøen lese frå Adam Hiorths veg, som eg las nyleg og likte så godt, og sameleis å høyre Marit Eikemo lese frå fine og nevrotiske Samtale ventar. Og Ingelin Røsseland las byrjinga av sitt første romanprosjekt skrive for vaksne, og det lovar godt.

Og ikkje minst: No har eg eit bilete av meg og Bildøen på scena.

Brit Bildøen, eg og Atle Hansen.

Fotograf: Hilde Nybø (ho sendte det til meg på mobilen, og eg kan ikkje dy meg for å vise fram).

Bøker eg skal få tak i

10 mandag nov 2008

Posted by Avil in Falturiltu, Lesarsørvis, Litteratur

≈ 22 kommentarer

«Du kan tene pengar på andre ting enn sjølve boka når du skal vere forfattar,» hadde eg tenkt. «Du kjem deg jo litt ut og får lese opp.»

Ingen fortalte meg at det var så dyrt å komme seg ut blant folk. For det ein måtte tene på ei opplesing går monaleg opp i spinninga. Ikkje berre endar ein opp med å drikke øl med forfattarar som har så mykje å fortelle at ein aldri går heim. Og øl er dyrt. Særleg om ein ikkje kjem seg heim i rimeleg tid. Ein finn også ut at ein må kjøpe ein haug med bøker.

Her er berre nokre av dei som står på handlelista etter nynorsk barne- og ungdomsbokfestival:

Erna Osland har mellom anna skrive sakprosa for born. Både eg og ungane likar gode fortellingar, og me likar å lære ting. Til dømes kan det vere kjekt å lære om tenner, dyrefedre som har hovudansvar for borna, dyr som lever i symbiose eller hår, samstundes som ein reflekterer over å leve med seg sjølv slik ein er, vennskap eller verdshistoria. Eller så kan ein lære om å køyre veldig store trailarar gjennom endå større tunnelar.

Arnt Birkedal har skrive om ein stille gut som veks opp blant gaulande folk. Arnt har, akkurat som Erna Osland, skrive så mange bøker at det var litt flaut at eg ikkje kjente til dei frå før. Ikkje nok med det, eg høyrte dei lese, begge to. Og det var ingen gode grunnar til å ikkje ha høyrt om dette. Gaulevik var morosam og fin, og Arnt forsikra meg om at han ikkje tok omsyn til born i det heile tatt mens han skreiv. Det blir gjerne gode bøker av slikt. Sjølv om ein godt må ta omsyn om det ligg naturleg for ein, det er ikkje det.

Rune Belsvik har fått mykje pes for å skrive litt for beint fram om sex i siste barneboka si. Eg tenker at Rune tek ikkje så mykje omsyn til slikt, mest fordi han skjønar at livet er for viktig. Rune hentar fram seg sjølve som unge og ungdom, og han forstår. Han er brutalt ærleg, og samstundes varleg omsorgsfull overfor denne såre, tøffe, fine guten han kan gjere så levande for seg sjølve – og for oss som lyttar. Rune går rett inn til det som betyr noko, og tør å vere der.

Om nynorsk litteratur av og til slit litt med å komme ut til Folket, trass i at nynorskforfattarane på det grovaste røskar til seg litterære prisar kvart einaste år, er det nokre som får til å vere kommersielle. Og nynorsk ungdomslitteratur har si eiga superstjerne, ei av desse menneska som skin litt sterkare enn alle andre, og som alle gjerne vil ha kvar sin bit av.

Når Ingelin Røssland les, er det berre å gje seg over. Tekstane ho les er morosame og sjarmerande, dette er Pippi anno 2008, ein autoritetsforaktande ungdom som har bytta ut Lilla Gumman med moped, og som spyr bak hotellet når ho driv Wallraff-journalistikk i lokalmiljøet, og ho DRIT i gutane.

At dei genetiske styresmaktene har dryssa stjernestøv på forfattaren gjer ingenting. Publikum har ikkje vondt av å gruppeforelske seg.

Ungdom, vald, sex og action

10 mandag nov 2008

Posted by Avil in Falturiltu, Litteratur, Ut blant folk

≈ 7 kommentarer

Eg har vore på Nynorsk barne- og ungdomslitteraturfestival, og har litt å skrive av meg. Eg deler det opp i nokre bloggpostar, for å ikkje trøytte deg heilt ut.

Eg har lese for ungdommar. Det gjekk fint. Dei sat stilt og lytta, og verken snakka i mobiltelefon eller flira ope av meg eller boka mi. Men eg var engsteleg, så eg valde eit kapittel som er ekstraordinert valdeleg og ekkelt, nemleg kapittelet der Ragna for første gong får vere tilstades ved eit blot, og der ho sjølv på slutten av blotet skal drepe eit lam. Det dryp av blod og innvollar, faktisk. Ho sleiker seg om munnen, etter å ha grave ansiktet inn i det vesle blotlammet sitt, faktisk. Ekkelt nok.

Og så gjekk det etterkvart opp for meg at me er litt engstelege for ungdommar, dei fleste av oss. Eg er i alle fall ikkje heilt aleine om å engste meg. Eg vil underhalde dei, fengsle dei og få dei til å bli nysgjerrige. Men eg trur det skal vere vanskeleg. Eg trur at dei har lett for å skli av stolen og snøfte og le av den som les, eller berre begynne å kviskre saman eller sende tekstmeldingar. Eg trur rett og slett dei skal vere uhøflege. Men det var dei jo ikkje.

Resultatet av all denne engstelsen, som eg altså fann ut av at eg delte med andre som skreiv bøker, er at ungdommane får presentert spektakulære greier. Forfattarane rotar gjennom bøkene sine for å finne noko som verkeleg rører og sjokkerar og fenger. Og finn fram det dei måtte ha av sex, banning, action og vald.

Slik sit ungdommar kan hende tilbake og er blitt litt lurt. For det er mykje anna i desse bøkene. Kan hende er dei ikkje eingong så kjempeinteresserte i å lese bøker med banning, vald og sex. Kan hende syns dei eigentelg at det kan bli litt mykje. Kva veit eg.

Nervøs før grov vald foran niandeklassingar

06 torsdag nov 2008

Posted by Avil in Falturiltu, Ut blant folk

≈ 14 kommentarer

I dag skal eg lese opp frå Song for Eirabu for ungdomsskuleelevar.

Klokka eitt. Berre halvannan time til.
Det er jo ein skummel ting å gjere. Boka er skriven for vaksne, eg har ikkje tatt omsyn til at ungdom kan komme til å lese boka. Likevel kan dei godt finne på å lese den. Fordi det er fantasy, fordi ungdommar les kva dei vil og det er ikkje aldersgrense på noko, og fordi hovudpersonane i boka er to søstre på fjorten og femten.

Ungdommar er skumle fordi dei ikkje er born og ikkje er vaksne. Born kan eg forføre med fortellarteknikkar og eventyr, det er lett som ein plett om ein berre lausriv seg frå manus og følger med på publikum. Vaksne forventer opplesing av tekst, er høflege og sit stille mens eg les og klappar uansett.
Her skal eg lese opp, og kan ikkje berre legge manus tilside og fortelle i veg. Eller, det kan eg jo litt og har tenkt å gjere også. Men sjølve opplesinga må eg nesten berre lese det som står der.

Eg tenkte eg skulle finne eit kapittel med rå sex, men det er ikkje noko særleg av denslags i boka. Det vil seie, det er to dialogar der karakterane puler mens dei snakkar saman, men der er dialogen i seg sjølv berre interessant om ein har lese boka fram til då, det er for mykje som foregår til at eg kan presentere det.

Så då blir det vald.
Eg håpar ungdom syns det er gøy nok med ekle ting og sverd og drap til at dei vil sitte stille. Så lenge dei ikkje småpratar halvhøgt under heile opplesinga skal eg vere nøgd.

Uhu. Eg gruer meg. No må eg visst finne noko å ha på meg.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

februar 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...