• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Presse

Fangirlbonanza

04 tirsdag nov 2014

Posted by Avil in Biletkunst, Falturiltu, Litteratur, Presse, Song for Eirabu-ting, Teikning, Ut blant folk, Vere mor

≈ Legg igjen en kommentar

Stikkord

eirabu, falturiltu, fantasy, lene kaaberbøl

Då Lene Kaaberbøl var 16 år hadde ho utgitt sine første fire bøker, og kunne kjøpe seg hest utan å spørje foreldra om lov.

No har ho skrive 43 bøker, i tillegg til teater og musikalar, og til neste år kjem storproduksjonen Skammarens dotter på kino.
Ho har vunne ein haug med prisar, er omsett til 30+ språk og er heilt utan sidestykke Nordens fantasydronning.

Kaaberbøl er på turné i Noreg nett no, og om du har sjanse til å få sett henne, så hiv deg rundt.

Her er rett og slett ein lukkeleg fangirlbonanza frå Falturiltu-festivalen på Stord:

Lene Kaaberbøl (og eg!) i stallen på Tyse

Lene Kaaberbøl (og eg!) i stallen på Tyse

Opningsfesten i Kulturhuset

Opningsfesten i Kulturhuset

Fangirlselfie!

Fangirlselfie!

Og midt i all meg-meg-meg passar det fint å vise fram at eg jaggu har fantastiske ungar også!
Her dansar Liva på opningsfesten for Falturiltu:

Stord kulturskules danseensemble, skejrmdump frå sunnhordland.no

Stord kulturskules danseensemble, skjermdump frå sunnhordland.no

Og her opnar ordføraren kunstutstilling, medein av kunstnarane – sonen min Halfdan – sentralt plassert i lilla jakke.

Opning av kunstutstillinga til 6-klassane på Leirvik og Hystad Skjermdump frå Stordnytt.no

Opning av kunstutstillinga til 6-klassane på Leirvik og Hystad
Skjermdump frå Stordnytt.no

Det skal dei ha, sjetteklassingane: Dei har laga mykje flott fantasyinspirert kunst! Utstillinga heng i Kunsthallen i Stord kulturhus, der eg og Trio Vest skal vise fram Eirabu-førestillinga vår på torsdag.

drakarfabeldyrFalturiltufestival, altså. No manglar me berre at mannen min kler seg ut som ein drake og spring gjennom Vikjo. Men hald ikkje pusten.

Omtale og gullneglelakk

29 mandag jun 2009

Posted by Avil in Kontornytt, Omtale, Presse

≈ 20 kommentarer

I dag er det mandag. Ikkje ein heilt vanleg mandag, der ein kjem seg opp og pusser tennene om kapp med ungane og leverer i barnehage og tenker at jaja, det er no på eit vis fint å tilhøyre eit kollegie og ha pasientar og gjere nytte for seg og ha nokon å drikke kaffi saman med.

Nei, i dag er ein slik heilt uvanleg mandag der det er 25 grader og sol ute, det er høgsommar, ei av desse heilt og haldent avvikande mandagane, der det virkar meiningslaust og naturstridig å skulle sitje inne på eit kontor. Til alt overmål kjem den eine avbestillinga etter den andre, pasientane syns også det er meiningslaust og naturstridig å sitje på dette kontoret, så eg skal ikkje eingong gjere nytte for meg her eg sit. Berre vere her.

For å klare å komme gjennom slike dagar, trengs lure triks. Gullneglelakk, silkekjole, sjokolade og drops.

Og så tikkar det inn ei overrasking på eposten, som gjer mandagen litt gyldnare: Adresseavisen har anmeldt boka mi.

Sidan aviser flest ikkje legg slikt ut på nett, tek eg meg den fridom å gjengje omtalen her. Om nokon skulle klage, tar eg det prompte vekk, men før nokon skulle tenke på å klage, ber eg om at de ser for dykk ei dame som har gullneglelakk og sjokolade inne på kontoret sitt, mens sola skin der ute, ei av dei sjeldne sommardagane der alle burde ha fri, alle burde bade, alle burde få springe ut frå kontoret sitt og ta på seg bikini og solbriller, framfor å fryse under klimaanlegget på kontoret sitt.

Adresseavisen

Vi følger to unge søstre som har en særegen plass i spådommene om verdens undergang.
Ragna og Berghitte er utvalgte, men til hva må de selv velge. Den handlingsmettede boka fremstiller både sverdkamp, blodige kriger og inngripen fra gudene, og dreier seg om forholdet mellom den enkeltes skjebne og frie vilje.
Debutanten Kristine Tofte har bygget opp en egen verden basert på vikingenes mytologi, og har maktet å skape en unik stemning og et driv som varer stort sett gjennom alle de fem hundre og femti sidene. Vi lever oss inn i rørende skildringer av de unge søstrene, og kanskje spesielt i Ragnas utforskning av egen stemme og plass i tilværelsen.
«Song for Eirabu» har en kledelig gammelmodig tone, hjulpet av eldre nynorske uttrykk. En assosierer til de norrøne sagaenes knappe og underdrivende stil, og tidvis glimter teksten til med slike korte setninger som kan romme mer enn et vikingskip.
Om personene er seg selv nok, eller om de bryr seg om andre, er et spørsmål som stadig dukker opp. Perspektivskifter er mye brukt, og viser kontrastene mellom de forskjellige personenes inntrykk og meninger.
For hyppige skifter i perspektiv og scener kan dessverre senke drivet i denne boka som ellers pisker leserne videre.
Partiene med de såkalte «Herduegane» skiller seg også ut ved å være mer gåtefulle og distanserte enn godt er for å holde på leserinteressen.
Den svært visuelle handlingen i «Song for Eirabu» egner seg antakelig for lerretet.
Personlig ser jeg for meg en blanding av filmene «Brødrene Løvehjerte»og« Kristin Lavransdatter», spekket med storslåtte krigsscener.
Sett under ett er «Song for Eirabu» et, for det meste, velskrevet stykke norsk fantasy, noe vi ellers ikke er bortskjemte med. Debutanten, psykologen og bloggeren Tofte har lovet en oppfølger, og det er grunn til å vente med spenning på andre del av denne historien.

Anmeldt av MAREN AGDESTEIN

Kvinner i litteraturen

24 onsdag jun 2009

Posted by Avil in Kjønn, Omtale, Presse

≈ 39 kommentarer

Det er ikkje alltid like lett, dette. Eg er kvinne. Eg har skrive bok. To av dei sentrale personane i boka er jenter. Det er mange andre med. Gutar, menn.

Dagsavisen spør meg: Les kvinner lite fantasy?

Og:  Syns du kvinner bør lese fantasy?

Eg svarar.

Kvifor er det mange av dei som skriv fantasy som er menn? Eg burde sikkert sagt: Mange forfattarar er menn.
Men eg sa omlag dette: Fantasy er tradisjonelt skrive av folk med svært lang utdanning, sære interesser, folk med grader i lingvistikk og historie. Folk med tid til å lage seg store, omfattande prosjekt. Fantasy krev både mykje viten og mykje arbeid. Før var slike folk oftast menn. No kjem det nok etterkvart kvinner. Slike priviligerte kvinner som eg, som har universitetsutdanning, og som drit i husmorgjerningen og som tillet meg å sitte på heimekontoret med bokbunkar og dyrke eigne interesser. Slikt kjem det kan hende også meir fantasy ut av.

Eg veit ikkje korleis eg skulle sagt dette annleis. Men eg meiner framleis ikkje at Song for Eirabu er mest for kvinner.

Dagsavisen240609

Bier og bøker

16 tirsdag jun 2009

Posted by Avil in Omtale, Presse, Skriveprosess

≈ 19 kommentarer

Eg har lenge lese Neil Gaiman sin blogg, fantastisk forfattar av fantastisk litteratur, og med den einaste krystallkula eg nokonsinne kjem til å nytte meg av.
Gaiman får ofte pes for å lenke til omtale og skrive om bøker og filmar han driv på med.
Og så svarar han at «eg skal nok skrive om biene mine igjen, men akkurat no er det dette eg driv med, og då er det dette eg skriv om».

Eg trente i går, for første gong på aldri så lenge. Eller, for første gong sidan jul, trur eg. Ikkje for hardt, ikkje for slapt, akkurat passe for ein førstegongstrening etter lang pause. Eg gjekk derifrå med lette magemuskelsmerter og ømme lår, og hadde ikkje bruk for å sove middag for første gong på lenge.

Eg begynner å vakne, lette på hovudet, sjå meg rundt. Det har vore nokre sjukt introverte år, dette, med så mykje indre verd at verda utanfor knapt interesserte meg i periodar. Det har smitta av på så mykje, til dømes har eg hatt lange og intense samtalar med så mange folk inne i hovudet mitt at det verkeleg undrar meg at dei det gjeld ikkje ser ut til å vere påverka av det i det heile. Når det skjer så mykje inne i eins eigen skalle er det også vanskeleg å sitje tanketom og la omverda få ta plass i sansene.
Eg kan sakne det i små glimt.
Sitje på trappa bak huset og sjå biene sveve på magisk vis frå blome til blome, og la sola varme, la luktene frå furutre, nyklypt gras, roser og lavendel få merksemd.

Eg hadde tenkt eg skulle skrive denne sommaren. Lukke verda og biene og folka ute, og berre skrive.
– Kan hende det ikkje er rett, sa ektefellen til meg i går.
– Kan hende du treng å fins i verda litt. Kan hende du treng å lese.

Så det kan vere eg skal.

Og så kjem eg ikkje til å legge lenker til omtalene i avisene, fordi det burde vore *** SPOILER ALERT *** stempla med raudt over heile kritikkane. Eg skriv fordi eg gjerne vil at nokon skal like å lese. Sjølv liker eg ikkje å lese bøker der avslutninga allereie er røpa i avisene.

Men her er eit intervju eg vil lenke til, fordi det står saman med så mange andre fine intervju og artiklar, og fordi eg sjølv har skrive svara mine. Epostintervju er det aller beste. Helsing Tante Kontroll.

Schwung over radiosveisen

26 tirsdag mai 2009

Posted by Avil in Presse

≈ 16 kommentarer

I dag mellom 11 og 12 eingong skal eg intervjuast på NRK Hordaland. Heldigvis radio og ikkje fjernsyn, sidan eg har radiohår i dag. Radiofjes også, i grunnen. Eg har ikkje eingong neglelakk på. Heile meg er nøye tilpassa radio, når eg ser etter.

Sidan direktesendt radio kan kjennest særleg skummelt for ein urutinert debutant, kjem eg til å tenke på deg, snakke berre til deg, og då trur eg kanskje eg blir mindre nervøs.
For du er jo ein sånn snill og venleg ein, ikkje sant?

Sjå opp for debutantane

04 søndag jan 2009

Posted by Avil in Litteratur, Mediekommentar, Presse

≈ 18 kommentarer

Dagbladet er litt knipen på å vise fram alt stoffet i nettavisa, så om du vil sjå meg og eit knippe andre vårdebutantar, må du kjøpe papiravisa i dag.

debutantane

Her er teksten.

Ferdig manus og fittekaker

16 tirsdag des 2008

Posted by Avil in Fint og flott, Presse, Skriveprosess

≈ 26 kommentarer

Natt til mandag sat eg oppe og skreiv til klokka kvart over seks om morgonen. Skrifta på skjermen begynte å sjå rar og liten ut, og hendene var merkeleg store. Dei siste 4500 orda hadde eg ikkje eingong lese gjennom før eg sendte heile manuset til redaktøren. Så vakna ungane, og eg sat med store, svarte pupiller og glodde på at dei kledde seg, spiste frukost og kom seg avgarde.

Då eg la meg kunne eg sjå den blå morgonstripa over trea. Mi første heile skrivenatt, tenkte eg. – Slik er det visst å vere forfattar.

Eg rakk dødlinja.

Det første eg gjorde då eg vakna i totida avr å sende ein epost til redaktøren.

«Haha, eg gløymte å la hesten døy. Det var det første eg huska då eg vakna i dag. Jaja.
Huff, no skal eg lese gjennom og sjå kva eg eigentleg har sendt deg.»

Han svarte:

«Ute av kontekst var det en nokså pussig melding.»

No er det ute i verda igjen. Einslags ferdig manus, med litt frynser og skitt på slutten. Men ferdig, på ein måte, likevel.

Derfor har eg tid til å bake. Eg har vaska nokre vindu i dag. Pønska på julegåver. På fredag skal eg få vite kva redaktøren syns om slagscenane mine. Eg er veldig nervøs.

Så nervøs at eg må bake. Eg fekk gorojern i fjor. Det skal prøvast. Gorodeig treng smult som det har vore steikt andre kaker i. Så eg må koke fattigmenn i smult, faktisk. Eller klejner, som dei heiter på dansk (og då er det sitron i, og ikkje cognac som i fattigmennene. Litt av nokre fattigmenn, seier no eg).

Klejner er fine.

Og på torsdag skal eg møte Dagbladfolk og dei andre vårdebutantane på Litteraturhuset.


Intervju i Haugesunds avis

29 onsdag okt 2008

Posted by Avil in Presse

≈ 37 kommentarer

Oi, i dag må eg visst kjøpe Haugesunds avis.

Altså, om avisa syns det er juks og sånn, så fjernar eg sjølvsagt lenka umiddelbart. Men sjå om ikkje dette funkar?

Intervju i Storamål

11 lørdag okt 2008

Posted by Avil in Presse

≈ 13 kommentarer

I føljetongen «folk intervjuar kvarandre» kjem Stord mållag si eiga blekke, Storamål, med intervju.
Dei driv ikkje med nettpublisering, så eg skal sjå om eg får til å legge det her som pdf eller noko.

cci11102008_00000

cci11102008_00001-intervju-del-2

Slike pdf-lenker er kan hende ikkje så kjempeproft. Men det blir jo uleseleg om eg jpeg’ar det på det eminente teikneprogrammet Paint (også kjent som Eit Fullverdig Biletbehandlingsprogram).

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

februar 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...