Så er linet stroke og stiva

Jada, visst har eg tulla med søttende. Og visst har eg vore gjennom den eksistensielle søttende-mai-går-i-oppløysing-når-ein-blir-vaksen-for-ein innser at-det-er-berre-ein-sosial-konstruksjon-krisa.

Men no heng det altså ei stor og ei lita linskjorte der ute, med stive krager og utan ei strykerokke. Det er høgtid, det. Særleg fordi eg ikkje anar korleis ein gjer det. I år forsøkte mor mi å ikkje levere skjorta si til farmor (89). Og farmor blei sjølvsagt rasande, slik farmor blir raande. Ho ler og er uangripeleg spydig, og lurte på om ho såg skranten ut, eller om mor mi berre hadde tenkt å vere uflidd på nasjonaldagen.

Så skjortene blei levert i god tid, for farmor (89, ja), ville ta dei på ein regnversdag. Ho har det nemleg travelt med å ta ut alle tepper, slå plenane, luke alle bed, vaske alle vindu og pusse all koppar og messing (ja, det er heilt sant).

I morgon skal me dit og ete snittar og dravle. Ho skal ta bilete av oss og seie at så fint stroke bunadsskjorter er det ingen som har. Og me skal søle dravle på hardangersaumen hennar, mens ho blar i russeavisa og fastslår at det der må vere Malene sitt oldebarn og det der må då vere sonesonen til Gurdrun sin unge, har du sett slike øyrer du, det er no ellers også mykje sjukdom i den familien.

Kva dravle er? Ta fem liter heilmjølk og noko sukker, og kok inn til halve mengda. Ja, det tek timar og ja, det blir brunt. Hell i ein liter kefir og la dette stå i gryta til mjølka brest. Eller skiller seg, som den faktisk gjer. Til klumpar og transparent væske. Smakar brillefint, liknar spy. Velbekomme.

På seg sjølv kjenner ein andre

I Morgenbladet i dag blir det framsatt ein påstand om at helseføretaka bevisst går med underskot for å lure meir pengar ut av politikarane.

Det blir stadig brukt fleire pengar på helse, helseføretaka overheld ikkje budsjetta sine og politikarane føler seg pressa. Det må dei vel gjere. Hovudårsaka til at situasjonen er slik handlar om eit politisk spel som politikarane sjølve har skapt.

For å forstå den noverande situasjonen må ein ha kjennskap til to politiske grep som blei gjort omlag samstundes i begynnelsen av 2000-talet.

  • For det første blei sjukehusa omorganisert til ein slag semi-privatisert organisasjon. Dette innebar at ein god del av arbeidet på sjukehusa fekk prislapp på seg. Dette gjaldt hovudsakleg alt direkte pasientarbeid, altså undersøkingar, diagnostisering og behandling. Alt dette blei kalla “produksjon”, og det blei laga eit system der sjukehusa skulle vise “produksjon” og få pengar deretter.
  • For det andre blei det innført eit system der ventetid på undersøking og behandling skulle vere avhengig av ei vurdering av hastegrad.
    Ein innførte samstundes det juridiske omgrepet “rett til nødvendig helsehjelp”, som skulle gje pasienten ein juridisk rett til hjelp utfrå ei fagleg vurdering av om helsehjelp ville vere tilstrekkeleg nyttig for pasienten.

Den økonomiske omorganiseringa betydde at organisasjonane blei meir byråkratiske, og antal direktørar og medfølgande stab poppa opp, med tidkrevande kontrollrutinar for økonomisk styring av “produksjonen”. Samstundes blei alt dette arbeidet økonomisk usynleggjort. Den enkelte helsearbeidar sine lovpålagte rutinar med journalføring, behandlingsmøter, samarbeidsmøter, vegleiing og rapport blei stadig meir omfattande, og registrering av “produksjon” tek også tid. Men ikkje noko av dette er “produksjon”, og teller dermed ikkje som arbeid.

Garantien om fagleg vurdert ventetid og “rett til nødvendig helsehjelp” var eit politisk grep der ein viste politisk vilje til å sikre pasientane ei rettvis og fagleg vurdering, og ein juridisk rett til hjelp, som dermed også innebar klagerett. Dette fekk nokre openberre praktiske konsekvensar:

Det blei laga standardbrev som skulle sendast ut til pasientane. Desse skulle innehalde informasjon om korvidt pasienten hadde “rett til nødvendig helsehjelp” eller ikkje, samt ei grunngjeving dersom pasienten ikkje hadde rett til “nødvendig helsehjelp” som i følge standardbrevet kunne vere at behandling ikkje kunne forsvarast utfrå kostnader, samt ei oppfordring om å klage på avgjerda. Dersom pasienten hadde rett til nødvendig helsehjelp, skulle det stå ei vurdering av kor lenge det blei fagleg vurdert at pasienten kunne vente på slik behandling.
Dette førte til:
- Ingen pasientar kunne avvisast grunna kapasitetsmangel ved sjukehuset. Det blei forbudt å prioritere utfrå kva ressursar sjukehuset hadde.
- Pasientar som var søkt til undersøking og behandling ved helseføretaka av fastlegen, og dermed hadde ei oppleving av helseplager, og ein lege som meinte at spesialisthelsetenesta var best kvalifisert til å hjelpe, fekk brev om at dei “ikkje hadde rett til nødvendig helsehjelp”, men vart oppfordra til å klage.
Dette betydde i praksis at færre pasientar blei avvist ved helseføretaka, og blant dei som blei avvist var det fleire som klaga.

Med andre ord:

Helseføretaka sine ansatte er blitt pålagt fleire “uproduktive” oppgåver.
Helseføretaka sine inntaksansvarlege avviser færre tilvisingar til undersøking og behandling.

Å komme med strenge formaningar om å overhalde budsjetta, samstundes som ein pålegger folk fleire oppgåver, er eit politisk narrespel.

Å deretter antyde at helseføretaka brukar fleire pengar ein dei skal som eit politisk spel, er ein hån.
Men på seg sjølv kjenner ein andre.
Politikarane er ikkje villige til å seie høgt kven som ikkje skal prioriterast.
Politikarane har innført eit system som pålegger helseføretaka tidkrevande rutinar samstundes som dei juridisk tar frå dei muligheten til å seie “beklagar, det er fullt” eller “me kan ikkje prioritere deg for me har ikkje ressursar til å gjere alt me ønsker”.
Dette er dei reelle problema som må løysast, og det blir ikkje løyst ved å sjå strengt på folk.

Hei sveis

Folk har vore lite på nett i pinsen, dei har nok vore opptekne med å finne ut av kva pinsen eigentleg handlar om, og vore mykje i kyrkja tenker eg.

Som ein sørvis til trøytte og tanketomme feriefolk i mai-varmen har eg laga eit forskningsprosjekt av typen “spør 36 mennesker om noko og lag statistikk av det etterpå”. Litt sånn svensk antropologisk kjønnsforskning, med andre ord.

Og kva spurte eg om? Det alle lurar på!
Eg spurte om folk var nøgd med hårstrukturen sin.

Talmaterialet fordelte seg slik:

Ved hjelp av det fullverdige teikneprogrammet Paint har eg laga to grafiske og lesarvenlege framstillingar av same talmateriale:

Den første kaka viser kva hårstruktur deltakarane har frå naturen si side.

Den neste kaka viser korleis desse fordeler seg i høve kva dei ønsker dei hadde:

Eg må seie at eg er overraska over kor mange med stritt hår som kunne ønske dei ikkje hadde stritt hår.

Eg og mannen min utslettar eit land mens me drikk Gammel Dansk

- Nåh, sa min danske ektefelle og plasserte den halve flaska Gammel Dansk mellom oss. - Kva er det du driv med for tida? Grev du deg ned i unødige detaljar?
- Kan godt vere, svara eg.
- Så fortel, kva er det som skal skje frametter, og ta det kronologisk er du snill.
- Nei, altså. Eg huskar ikkje heilt kvar du hoppa av, kva du har fått med deg.
- Ragna er på veg ein eller annan stad, og så skal ho heim igjen, og eg trur me er på dagen etter Vårjamndøgn.
- Nei, nei, ho skal ikkje heim igjen med det same. Og me er på to dagar etter blotet.
- Huh? Men altså, kjem det tydeleg nok fram, syns du?
- Ja. Du får heller lese om igjen. Det er ikkje til noko hjelp dette her.
- Orsak. Du får fortelje kva som skal skje frametter, og ikkje bry deg om meg. Skam på meg.
- Greit. Det er rådslaget om brura, og ho blir sendt nedetter, og i mellomtida er det herdueganes råd, og det blir sendt ut bod om at skipsreidene i Blåinn skal gjere klår skip og mannskap i fall brura ikkje er nok. Brage skjønar jo såpass, han kan ikkje stole på at det er nok med alliansebygging.
- Kor lang tid tek alt dette?
- Sjøreisa tek omlag to og ei halv veke, kanskje tre, kjem an på veret.
- Men kva med Eirula? Kven er det som sender Svart-Hubro nordover?
- Det gjer Jorol.
- Kva tid?
- Omlag samstundes med at brura blir sendt sydover.
- Kva om han venta med det, til etter brura er komme?
- Nei! Nei, det går ikkje. Svart-Hubro reiser tilbake til Lyria, og vidare til Eirula. Han må få litt tid på seg, både til reisa og til å samle ein hær.
- Men der er det noko eg ikkje har forstått. Korleis kan han reise ein hær i Eirula, om krigarstanden støttar den sittande kongen?
- Folket er splitta. Den sittande kongen er jo frå Blåinn, og sjølv om ryttarfolket i nord (dei du kallar krigarstanden) støttar han, så har Svart-Hubro støtte frå bøndene, handelsmennene, alle velståande folk i den meir siviliserte delen i syd. Dei bur tett på Kenda, og har tettare forbindelsar til Kenda og Lyria, der Svart-Hubro har vore i eksil sidan han var barn.
- Men det går ikkje, det der. Om han skal samle ein hær, er det lite nyttig med støtte frå bønder og handelsfolk. Dersom ryttarfolket i nord støttar kongen har han ingen sjanse.
- Jodå.
- Nei. Og kva med Kenda? Kva er historia der? Du har fortalt så mykje om Lyria og Eirula, men ingenting om Kenda.
- Nei, eg veit ikkje heilt. Kenda er liksom eit slags nøytralt land mellom der. Eg har ingen historiar om Kenda. Det berre er der liksom.
- Det er STRENGT FORBODE! Du kan ikkje ha med eit land og eit folk som ikkje har nokon funksjon, historie og agenda!
- Jammen, det er liksom med fordi verda skulle bli litt større.
- LIKSOM!
- Ja. Liksom. Sjå her då! *peikar på kartet*
- Du har Yllarheim mellom Eirula i nord og Lyria i sør. Det ser heilt fint ut. Og den fjellkjeda der, mellom Eirula og Yllarheim er ein meir naturleg deling mellom to land. Kva meiner du skal vere den nøyaktige grensa mellom Eirula og Kenda.
- Floden. *spak*
- Floden? Det er ingen naturleg grense. No må du gje deg. Alt her oppe i Blåinn og nede på Raudinnkalotten er detaljert og gjennomtenkt. Men Kenda berre ligg der, det er heilt meiningslaust.
- Bort med Kenda.
- Ja, bort med Kenda.
- Det området her kan heller vere ein del av Eirula.
- Ja, det kan. Og det gjev også meining i forhold til Svart.Hubro, for då har du dette landbruksområdet sør for floden som ein eigen provins, der misnøye kan rå, mens nord for floden ligg slettene der ryttarfolket er. Kor er byane?
- Der og der og der.
- Og Yllarheim som einaste land mellom Eirula og Lyria er også mykje betre, sidan skogane der er umoglege å krysse. Eller i alle fall lite freistande.

*stryk over namnet Kenda på kartet*

Humanistisk konfirmasjon

I desse dagar vert konfirmantar over heile Noreg innvia som vaksne. Stadig fleire unge velger den humanistiske konfirmasjonen. Nokre murrar og syns det er merkeleg med konstruerte ritualar, andre har kritisert bruken av sjølve ordet konfirmasjon.

Til alle tider har me hatt overgangsritualer her til lands, som i resten av verda. Namngjeving som introduksjon til å vere ein del av samfunnet, overgangen born til vaksen, frå ugift til gift, og frå levande til død, alt saman har hatt sine seremoniar.
Etter kristendommen overtok for tusen år sidan har kyrkja vore tradisjonsberar og seremonimeister for desse overgangsrituala.
Men om ein slett ikkje er kristen og ikkje vil ha seremoniane kyrkja tilbyr, er det greit med nye.
Om ein seremoni skal kjennest riktig, må den nettopp vere regelstyrt, gjenteke, gjerne høgtideleg, og ha visse gjenkjennelege trekk som minnar oss om det høgtidelege og spesielle.
Sidan kyrkja har vore einerådande så lenge, låner det humanistiske alternativet både omgrep og rutinar frå kyrkja, på samme måte som kyrkja lånte mykje frå før-kristne høgtider og seremoniar dengong kyrkja var ny her til lands.

Framleis feirer me alveblotet Jul som viktigaste høgtid i Noreg, og kan hende vil me om tusen år ha ein humanistisk konfirmasjon. Sjølv om begge deler blir snålt dersom ein ikkje kjenner konteksten dei oppsto i.

Stille

Det er søndag. Pinse. Ingen grasklypparar, ingen høgtrykkspylarar, ingen kantklypparar, ingen snekring. Hagane her oppe på åsen ligg stille. Berre ein og annan bil køyrer forbi nede på vegen.

Fuglane og biene rår.
Epletrea blømar.
Det spirar i vinduskarmen, i bedene, i kjøkenhagen.

Sommarfuglane vinkar når dei flyg.

Eg sit på steintrappa med kaffikoppen og tenker. Fordi eg kan.

Kjønn, kategorisering, endring - og menneske

Sophia Wallace tek bileter av folk. Ho lever ope som lesbisk i New York, og har sjølv erfart korleis kjønnsroller og fordommar er trongare enn naudsynt.
Eg fann bileta hennar under ein nettdiskusjon kring traktorlesber. Nokre ville ha det til at traktorlesber alltid var harry, dårleg kledd og tjukke. For all del, det fins då tjukke, harry og dårleg kledde lesbiske damer. Og det fins lekre, slanke femme-lesber, med leppestift og raude negler. Wallace vil berre vise at det fins mange slag traktorlesber, mange slag transer, og i det heile tatt mange slags folk, og dei er vakre og sterke kvar på sitt vis.

Eg kjem stadig tilbake til kategorisering, og vår fine og nyttige og fantastiske cortex som lagar boksar og logiske samanhenger av dei veldige mengdene med sanseinformasjon me får inn kvart vakne augneblink.

Og eg kjem tilbake til tronge kjønnsroller, der me forventer at gutar og jenter skal identifisere seg med og leve opp til relativt smale og avgrensa rolleforventninga.

Enkelte ting endrar seg raskt. Teknologi, infrastruktur, kva som fins i butikkane, kva du blir forventa å kunne gjere på jobb, kva som står i historiebøkene.

Andre ting endrar seg langsamt. Kva stemmeleie mødre brukar til babyar. Korleis fedre løftar fireårige gutar. Kva me seier når me blir sinte. Korleis me oppdrar ungane våre. Me har lært alt av våre foreldre, og endringane me gjer er kun justeringar. Det aller, aller meste leverer me vidare.

Det er ikkje like lett å vite kva ein skal gjere for å endre verda.

Men Sophia Wallace tek bileter av folk. Kan hende det endrer noko, for nokon.

Kvinner og menn i offentleg rom

Eg har foretatt ein observasjon.

Det var søndag, sola skein og eg hadde bruk for eit urban moment. Eg gjekk ned til sentrum i den vesle byen eg bur i, kjøpte meg ein narvesen latte og sette meg på ein murtrapp med utsikt over hamna.
Eg sat like lenge som det tar å drikke ein papp-latte og røyke to mentolsigarettar.
Eg såg 51 vaksne mennesker.
Og dette var observasjonen min:
Eg såg 9 kvinner og 42 menn.
Mennene fordelte seg slik: Nokre gjekk aleine (omlag ein tredjedel), nokre gjekk saman to og to, ei gruppe var på tre menn (dei var ganske unge). Dei varierte i alder frå dei tre ungdommane til menn som sikkert var omlag seksti. Nokre sat på ein benk, nokre rusla langsamt langs hamna, nokre gjekk med pizzaer i hendene (Dolly Dimples ligg nede på hamna), og dei med pizzaer (tre) var anten veldig unge (to) eller tjukke (den tredje).
Tre av mennene gjekk saman med ei kvinne. To av mennene gjekk i familiegrupper.

Så var det kvinnene. Dei var jammen ikkje mange, og berre ei gjekk aleine.
Tre av kvinnene gjekk saman med kvar sin mann, to av desse para hadde born med. Fire av kvinnene gjekk saman med familiegrupper (begge besto av to kvinner og ein mann, den yngste kvinna på alder med mannen, den eldste såg ut til å vere ei bestemor i begge familiegruppene, og begge gruppene hadde fleire born med). Ei kvinne gjekk aleine med eit barn.
Den eine kvinna som gjekk heilt aleine, dro på ein trillebag, og ho skunda seg inn i ein ventande buss.

Dette såg eg. Dagen før hadde eg lese Persepolis. Eg hadde tenkt tankar om at kvinner i Noreg ikkje likar å gå aleine om kveldane, men at me i det minste er frie på dagtid.
Det ser berre ikkje slik ut.
Menn går rusleturar i hamna. Saman med ein kompis eller aleine.
Kvinner går turar der dei anten er saman med ein mann, eller saman med born, eller begge deler. Kvinner beveger seg i flokk, og flokken består nesten alltid også av born.

Ein kan gjette mykje av dette. At kvinner ser ut til å ha hovudansvar for borna, at menn er meir einsame, at kvinner ikkje ruslar turar aleine berre for å gjere det, at kvinner likar betre å vere saman med andre, at kvinner bruker søndagane på å sove ut rusen, mens triste og einsame menn rek gatelangs og tør ikkje vere heime. Det er berre gjettverk.

Eg drakk opp kaffien, lukka notatboka mi og gjekk heim.
Eg hadde ikkje telt meg sjølv med. Men eg var der. Einaste einslege kvinne utan formål, born eller trillebag.

Hoffreverens og monstertruck

Eg skriv no ein del av Song for Eirabu som finn stad i Det kvite palasset. Tonen er annleis formell, det er marmorgolv og søylegangar, det er sko trekt i silke og det er eit maktspel i ein heilt annan divisjon enn i kongssetet på garden Fagerheim i nord. Det er lenge sidan eg skreiv dei første kapitla frå denne delen av boka, og karakterane har sine eigne handskrivne kapittel i den svarte boka der eg noterer alt om folk, geografi, soger og tidslinjer. Kong Jorol har vakse i meg lenge, og dottera hans er meg hudlaust nær på eit vis, samstundes som det er uuthaldeleg å skrive om henne, eg vil så gjerne endre vilkåra, men gjer det ikkje. Tjølv, bror hennar, står framleis i bakgrunnen, men han står som i spenn bak der, eg tenker at når eg først begynner å skrive om han kjem han til å ta all plassen, så søstera må få litt tekst på seg først.

Utanfor skin sola gjennom morgontåka, og alt blir halvt løynd og magisk av slik lysande skodde.
Då eg gjekk opp mot fotballbanen her nede i dag morges, steig det kvite lastebilar ut av solskodda. Ein stor ring av kvite lastebilar og trailarar sto parkert på grusbanen, med motorane i gong.
Monstertruckshow (eller Monster Truck Show som dei kallar det) klokka sju i kveld. Rett her nede. Han der fireåringen min i bolebuksene vil sikkert gjerne sjå menn gjere dumme ting med stygge bilar.

Eg lurer på om dei følte seg magiske der dei sto og røykte mellom trailarane sine. Dei sa ingenting. Det er kanskje ikkje så macho å seie høgt at ein kjenner seg som del av eit merkeleg eventyr, som har vakse fram i ein kvit trailerring i løpet av natta.

Eg har lenge tenkt at eg kunne legge små bitar får boka ut på blåggen, i tilfelle nokon var nysgjerrige. Men så syns eg ikkje slike tekstar passar å lese på skjerm. Her har eg funne fram eit heilt kapittel som kanskje er lite nok til at det går an å lese i blåggformat.

Kapittel 30

Den friske brisen frå havet strøymde gjennom tårnrommet. Alle fire vindu var opne, mot havet i nord, mot berget i syd, mot rikene i aust og i vest. Vindane frå verda utanfor leika med den lette, kvite silken som hang i opningane inn til henne. Leiken var tilfeldig og utan kjensler, silken var heilt overlatt til vinden sine innfall, men samstundes festa til innsida av desse murane, og ville aldri kunne la seg segle avstad på vindkastene.

Aila sat på sengekanten. Det kvite, glatte håret hennar hang laust nedover kvite, glatte skuldre og armar, og kjolen dei hadde valgt for henne i dag var av silke, like glatt og kvit og skinnande. Forsiktig hadde Gelgja vaska henne, skåre av henne alt hår på kroppen utan å ripe den kvite huden, halde handa hennar varleg mens ho steig ut av karet, tørka henne og smurt henne inn med duftande salver. Ho hadde børsta håret hennar til det var tørt, og kledd henne.

Gelgja snørt livet hennar, retta på kvar vesle rynke i kjoletøyet, trekt i stoffet, glatta med hendene. Heilt til Aila kunne sjå seg i den store spegelen. Gelgja trakk seg tilbake frå spegelbiletet, og Aila såg. Kvit og glatt og skinnande, hud og hår og silke. Plettfritt. Augene hennar likna mørke opningar i det smale, bleike ansiktet. Gelgja hadde teikna dei forsiktig opp med grått.

«Trur du han vil vere nøgd,» sa Aila mest utan stemme.

«Det er ingenting å sjå her som han ikkje vil vere nøgd med,» svara Gelgja.

Slik var det. Ingenting å sjå på henne som han ikkje ville vere nøgd med. Ingenting han ville kunne peike på og rase over. Ingenting. Men han ville aldri vere nøgd.

Dei korte, harde vingeslaga frå duene som sirkla rundt tårnet.

Vinden som lot silken henge, likegyldig, før den like likegyldig leika litt med den igjen.

Aila sat på sengekanten og visste ikkje om ho ville bli henta, eller om ho ikkje ville bli henta. Gelgja hadde ikkje høyrt noko i dag.

Tenestefolka til Tjølv hadde fortalt Gelgja at han hadde vore uroleg sidan dei fekk vite at far deira ville gifte seg på nytt. For to dagar sidan fortalte Gelgja henne at Tjølv hadde kasta noko i veggen så det knuste. Han hadde også ridd ut av palasset, og komme tilbake seint på kvelden. Aila trakk pusten langsomt og skjelvande ved tanken. Knuse noko og ri sin veg. Ho såg på hendene sine som kvilte i fanget. Smale, bleike hender, ingenting å sjå på dei som han ikkje ville vere nøgd med. Ikkje ei ujamn nagl, ikkje ei ripe i huden. Ho var bada, olja og kledd, og ho sat her og pusta og venta. Eller berre pusta. Ho visste ikkje. Men ho ville aldri løfte noko med desse hendene og kaste det. Aldri knuse noko med vilje.

Ein gong hadde ho mista eit glas i golvet.

Kong Jorol hadde snudd seg og sett på henne. Hendene hennar hadde mista all kraft under blikket hans, og glaset var glidd frå henne. Lyden kom langsomt til henne, på same måte som glaset hadde falle langsomt mot gulvet. Tusen små bitar glas rundt dei smale føtene hennar, og ho hadde blitt ståande og stirre på ein våt flekk på den eine sandalen. Ein flekk. Ho hadde knust noko, forårsaka noko, og stått midt mellom samankrøka tenarar som plukka glasbitar med raske fingre, og stirra på flekken på sandalen. Ho visste ikkje kva som var verst. At ho hadde forårsaka noko, eller at ho var ikkje plettfri. Mens ho sto der og stirra på sin eigen sandal hadde ho venta at faren skulle be om eit sverd. Ho høyrde stemma hans heilt tydeleg, ho høyrde at tenarane sprang og kom tilbake med sverdet, ho høyrde suset av den blotta klingen gjennom lufta mot hennar eigen hals. Pulsen i øyrene overdøyva alt. Men då ho såg opp hadde han gått ut av rommet.

Hjarta hennar kunne slutte å slå ein dag, men enn så lenge slo det. Enn så lenge sat ho her på sengekanten og pusta. Levande, på eit vis. Heile hennar kropp var redsle, men i hjarta hennar gøymde ho ei kjensle som ho mest aldri turde tenke på. Langt inne i hjarta hennar gøymde ho på eit hemmeleg hat mot far sin.

Ho tok det fram, som ein hemmeleg liten fugleunge, gøymd i ein bitteliten eske, svøpt i kvit silke, når ho var sikker på at ingen såg henne. Ho sat heilt, heilt stille og tenkte at ho opna eit løynd rom i hjarta, tok ut den vesle kassen, vikla av silken, lag for lag. Og der inne låg det sitrande, levande hatet. Eg hatar kong Jorol av Syrren, far min, som lot mor mi døy. Aila tenkte tanken heilt og tydeleg. Og så la ho den forsiktig tilbake i eska, vikla den inn i kvit silke igjen, og la den varsamt på plass i det vesle rommet i hjarta sitt, og turde ikkje tenke meir på det.

Resten av dagen ville ho vere redd for å bli oppdaga, redd for å bli henta, redd for at nokon skulle sjå eit glimt av kva ho hadde turd å tenke.

Disclaimer: Eg er ikkje ute etter ros, eigentleg. Så eg har lukka kommentarfeltet, så ingen skal føle seg forplikta.

Roser og akeleie

Eg har raude kinn og raude negler med skit under. Eg lurer på kor mykje klatrerosa New Dawn vil vekse på ein sommar. Eg lurer på om den nye redaktøren vil hate alt eg har gjort. Eg lurer på om eg skal skaffe meg ein vanleg jobb. Eg elskar ungane mine. Eg elskar livet mitt. Eg har drukke for mykje te.

Frå no av og ein månad fram er det fem sider om dagen. Tjuefem sider med halvanna linjeavstand i veka. Eg reiser nok til sommarhuset i løpet av veka.

Eg er her.

Me er heile, alt er vakkert.

Posttillegg: Mandag morgon. Eg har fulgt jentungen på skulen. Sola skin, me hadde vårjakker på. På veg inn i hagen henta eg avisa, den kjem før posten. Og på side tre var det bilete av ungane mine. Fireåringen i grått og blått til venstre, sjuåringen i svart til høgre. Bror min påstår det ikkje er folkeleg å gå i museumsparken på “tradisjonsleik”-arrangement av Mållaget. At det er litt sånn hatt og stokk. Ungane mine er i alle fall folkelege nok. Særleg han minste. Folkelegare enn dei heslige buksene skal du leite lenge etter.

Og dersom du skulle ha ungar, og skjønar at dei ikkje blir sterke eller lukkelege av å tilbringe barndommen foran ein skjerm, så er det berre å lære dei nokre leikar.

Neste Side »


Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 74,455 hits